Person pågripen etter alvorleg valdshending i Stavanger
Ein person er pågripen av politiet etter ei alvorleg valdshending i Stavanger. Ein mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med alvorlege skadar etter ei valdshending på ei adresse på Tjensvoll i Stavanger laurdag ettermiddag. Den mistenkte gjerningspersonen vart pågripen av politiet då vedkomande gjekk om bord i ein buss i Stavanger om lag klokka 18.00, opplyser politiet. – Pågripinga skjedde utan dramatikk, opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf. Politiet rykte ut til staden med fleire patruljebilar etter at meldinga kom inn klokka 15.43. – Politiet har ikkje kontroll på gjerningspersonen, og tar i mot forklaring frå personar på staden, sa Steinkopf klokka 16.48. Det er sett i gang etterforsking og politiet har avhøyrt fleire vitne. Politiet vil så langt ikkje seie noko om kva skadar mannen har blitt påført. – Det er for tidleg å gå ut med detaljar rundt hendingsforløpet og relasjon mellom fornærma og gjerningspersonen. Det er ingen grunn til å tru at personen er farleg for publikum, seier Steinkopf. Innsatsleiaren på staden, Sten Kristian Lund, seier at kriminalteknikarar vil gjere undersøkingar i løpet av kort tid.