Sjømatselskapet Hofseth har bestemt seg for å redusere dei omstridde planane for etablering av landets største landbaserte oppdrettsanlegg like ved verdsarvområdet på Sunnmøre.
Selskapet reduserer no det årlege produksjonsvolumet frå 100.000 tonn til rundt 30.000, stadfestar dagleg leiar Roger Hofseth i Hofseth International overfor NRK.
– Vi vil redusere for å tilpasse oss eit volum i håp om at styresmaktene kan godkjenne dette raskt, seier Hofseth.
Talet på arbeidsplassar i Fjord kommune er samtidig redusert frå 200-300 til rundt 120.
Dette blir framleis eitt av dei største oppdrettsanlegga i landet dersom det blir godkjent.
Tommel ned frå Riksantikvaren
Det opphavelege prosjektet har møtt fleire kritiske røyster.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Riksantikvaren og Havforskningsinstituttet har meint at både fjorden og verdsarven står i fare, når avfall frå store mengder laks skal bli sleppt ut på eit punkt i fjorden.
– Verdsarvstatusen heng særs høgt, og det er berre dei mest verdifulle stadene i verda som blir skrivne inn på lista, sa Hanna Geiran til NRK våren 2024.
Geiran ønskjer ikkje å kommentere saka no. Ho skriv til NRK at dei ikkje har fått informasjon om endringane i planane.
Også Klima- og miljødepartementet har rådd frå planane. Direktoratet for mineralforvaltning gjorde det same.
Nærings- og fiskeridepartementet har tilrådd godkjenning av planane, med vekt på auka verdiskaping og tilrettelegging for nye lønsame arbeidsplassar i distrikta, sjølv om prosjektet kan ha nokre negative miljøeffektar.
Håper på fortgang
Det har i lang tid vore venta ei endeleg avgjerd frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Statssekretær Marius Meisfjord skriv i ein e-post at saka framleis er til behandling hos dei, og at dei har vore kjent med at planane kanskje skulle nedjusterast.
«Før vi får meir konkret informasjon frå kommunen om eventuelle endringar, er det ikkje grunnlag for å seie noko om kva betydning dette vil ha for vår behandling av saka», skriv han.
Kommunestyret i Fjord blei orientert om endringane tysdag ettermiddag, ifølge ordføraren.
Politikarane har i all hovudsak støtta planane, for å skape arbeidsplassar på bygda. Ordførar Terese Jemtegård Moen (Sp) seier det som no skjer ikkje er etter deira smak.
– Heile kommunestyret gir uttrykk for at vi hadde ønskt planane slik som dei låg føre i utgangspunktet, men eg vil tru at det å nedkalere vil gje dei betre sjansar, seier ho.
Også Hofseth seier han trur nedskaleringa gjer at dei vil få grønt lys.