– Definisjonen av å bli bondefanga er vel at du blir lurt inn i ei investering du ikkje kjem deg ut av. Og det er vel langt på veg tilfelle i denne saka her.
Erlend Eggen er tydeleg på kva han meiner om saksframlegget han fekk i hendene seks dagar før kommunestyremøtet i Vang torsdag.
Han er leiar for Innlandet MDG. I tillegg sit han i kommunestyret i valdreskommunen.
– Dette er ei risikoinvestering med eit uhøyrt tidspress, seier han.
Kort frist
Søknaden frå initiativtakarane bak «TyinGondolen» dumpa ned på bordet til kommunen den 18. mai.
Då hadde dei vore i dialog med kommunedirektør Erlend Haaverstad sidan midten av april.
Haaverstad stadfestar dette.
Han forklarer at administrasjonen dei tre siste vekene har laga eit hemmeleg saksframlegg som politikarane no skal ta stilling til i kommunestyret torsdag.
Saksframlegget var hemmeleg av omsyn til forretningsmessige forhold.
I framlegget skriv Haaverstad at arbeidet gjekk så raskt at kommunen ikkje har hatt tid til å kvalitetssikre opplysningane frå prosjektgruppa:
Kommunedirektøren har difor ikkje konkludert på om han meiner kommunen bør investere i prosjektet.
Først fredag sist veke fekk politikarane i kommunen vite om søknaden, og måndag denne veka vart planane gjort offentlege.
No må politikarane i løpet av få dagar ta stilling til om dei vil garantere for inntil 30 millionar kroner.
Gondol på billigsal
Grunnen til hastverket er at prosjektgruppa har fått eit tidsavgrensa tilbod om å kjøpe ein brukt gondol frå Narvik.
Og dette måtte vere hemmeleg av konkurranseomsyn.
– Her legg ein opp til massiv bruk av fellesskapet sine midlar, utan at fellesskapet blir involvert, seier Erlend Eggen.
Han reagerer sterkt på den korte fristen.
Prosjektgruppa har nemleg sikra seg ein hemmeleg opsjonsavtale om å ha førsterett til å kjøpe den brukte gondolen for 80 millionar kroner inkludert montering.
I søknaden blir dette presentert som ein unik sjanse til å få ei innsparing på heile 100 millionar kroner samanlikna med kva det ville ha kosta å kjøpe eit tilsvarande nytt anlegg.
– Dette er ei påstand ingen har kvalitetssikra, seier Eggen.
Fristen for denne avtalen går ut alt fredag 19. juni. Altså dagen etter kommunestyremøtet i Vang.
Eggen trur den korte tidsfristen er ein medviten taktikk frå utbyggjarane si side.
– Utan tidsfristen er det liksom ingenting. I ytste konsekvens tar kommunen risikoen som investor og blir bondefanga, seier han
Her kan du lese meir om fleire omstridde gondolprosjekt Full strid om gondol til Jostedalsbreen
– Dryg påstand
– Å komme med at dette er bondefangeri, syns eg er ei ganske dryg påstand. Det handlar ikkje om det i det hele tatt, seier Morten Odden.
– Skal vi kjøpe akkurat denne gondolen på billigsal, så går toget no, seier han.
Eigedomsutviklaren frå Oslo leiar selskapet Tyin Utvikling A/S som står bak planane.
I tillegg er fleire lokale investorar med.
Han legg til at gondolen vil bli frakta tilbake til produsenten i Sveits i løpet av sommaren dersom kjøpet ikkje skjer no.
– For oss handlar det om å lage eit grunnlag for vidare utvikling på fjellet, seier Odden.
Sidan tidlege på 2000-talet har han vore ein aktiv utbyggjar i Tyinkrysset.
– For oss er målet å skape heilårige arbeidsplassar og varige verdiar for både investorar og lokalsamfunn.
Han innrømmer at gondolprosjektet går raskt fram, men understrekar at han sidan mai har lagt planane fram for kommunepolitikarar frå alle parti, men at MDG takka nei til å vere med.
Erlend Eggen på si side seier at han oppfatta dette som ein skjult prosess, og at MDG ikkje ønskte å delta på møter som ikkje var offentlege.
Han seier at han også har fått tilbod om ein orientering på eit gruppemøte denne veka, men takka nei på grunn av lang saksliste.
Store planar
I søknaden til Vang kommune presenterer prosjektgruppa eit samla investeringsbudsjett på 155 millionar kroner.
Den totale utbygginga er rekna til å koste mellom 550 og 850 millionar kroner.
I dette reknestykket er det tatt med to nye gondolar vidare inn på fjellet, eit fjellpionermuseum, samt utvikling av hytter, leilegheiter og sentrumsbygg.
Ifølge prosesskissa skal dette kunne gje mellom 170 til 265 nye arbeidsplassar.
Odden understreka at dette er ei tenkt utvikling. I første omgang ser han for seg 8 til 10 nye arbeidsplassar direkte knytt til gondoldrifta
Han fortel at det viktigaste no er å få opp sjølve prosjektet med gondolbanen.
– Då vil vi raskt kunne erfare om den har den attraksjonsverdien vi, og dei fleste vi har snakka med, har stor tru på, seier han.
– Så starten er å få opp prosjektet, og så er det rom for å utvikle det i ettertid dersom det økonomiske grunnlaget er til stades, legg han til.
Fryktar dobbeltrolle
Erlend Eggen i MDG peikar på at planane grip inn i eit område som ikkje er regulert for turistformål, og som er eit viktig naturområde for dei som alt bur eller har hytte i Vang.
Dersom politikarane vel å gå inn med ti millionar kroner i aksjekapital, og samstundes garantere for 20 millionar i lån, fryktar han at kommunen hamnar på begge sider av bordet.
– Ein hamnar i ei umogleg dobbeltrolle der ein skal vere både investor og planmyndigheit. Og det er heilt uhøyrt, seier Eggen.
Morten Odden ser dilemmaet med dobbelrolla.
Men han peikar på at dette har blitt prøvd i andre kommunar, ikkje minst i Stryn der kommunen er medeigar i Loen Skylift.
– Der har kommunen gjort akkurat det same, og klart å skilje rollene. Eg ser ikkje heilt kvifor det skal vere vanskelegare i Vang enn i andre kommunar, seier han.Les også Loen Skylift har ført til 80 prosent auke