Ein av dei store kampane om naturvern langs norskekysten føregår akkurat no på naturskjønne Holmaneset i Bremanger.
Her står furutre som er nær 350 år gamle. Naturen har så høg verdi at Statsforvaltaren rår frå utbygging. Dette er den eldste kystskogen som er kjent i Vestland fylke.
Snart kan neset bli sprengt ned til industriområde.
Fordi nye berekraftige drivstoff er sett på som viktig, valde Statsforvaltaren å likevel ikkje sette foten ned for ein diger ammoniakkfabrikk.
Det store australske selskapet Fortescue vil bygge fabrikken. Den må ligge nær sjøen og ha tilgang på kraft, derfor er utbygginga planlagt på akkurat dette neset.
Statnett har reservert svært mykje straum til fleire slike planlagde fabrikkar langs kysten. Håpet har vore at skipsfarta skal gå på fossilfritt drivstoff.
Den planlagde fabrikken i Bremanger i Vestland er ein av dei største, og har fått reservert store mengder straum.
No har saka tatt ei ny vending:
Nyleg sende eigaren av Fortescue, milliardæren Andrew Forrest, eit brev til finansminister Jens Stoltenberg, der bad han om eit møte.
Møtet skulle dreie seg om energiforsyning til Ukraina, men Forrest bad også om å få lufte ein ny moglegheit, eit storskala datasenter på tomta i Bremanger.
– Eg blir veldig overraska. Statsforvaltaren har vore tydeleg på at området er så viktig at det ikkje kan brukast til noko anna enn ein ammoniakkfabrikk, seier Silje Dyrstad.
Ho er nabo til Holmaneset, og har lenge kjempa mot planane. Enn så lenge står Holmaneset urørt.
Det siste året har fleire norske kraftkrevjande ammoniakkprosjekt havarert, opp av asken har det oppstått planar om å bruke krafta til datasenter.
Ein marknad som slit
I 2020 dukka det opp planar om storskala ammoniakkfabrikkar langs norskekysten. Tanken var at å erstatte tungolje i skipsfarta. Men bransjen strevar i motbakke.
Ammoniakk krev store mengder straum, både til produksjon og framdrift på eit skip.
Med maksimal drift kan fabrikken bruke om lag 1,5 prosent av all elektrisk kraft i Noreg.
Likevel held ikkje det til meir enn å drive sju av dei største konteinarskipa i verda, viser eit reknestykke NRK presenterte i fjor.
Fortescue avviser at brevet viser at dei har mista trua på ammoniakkfabrikken.
Dei skriv til NRK at dei «alltid vurderer ei rekkje moglegheiter på tvers av vår globale portefølje».
– Vårt hovudfokus på Holmaneset er framleis å utvikle eit produksjonsanlegg for ammoniakk, skriv selskapet si presseavdeling.
Selskapet tek atterhald om offentlege løyver og «våre eigne investeringsgodkjenningar».
– Det er ingen planar om å endre prosjektet i si noverande retning, skriv selskapet til NRK.
Medan Fortescue held fast på planane sine i Noreg, melder australske medium at selskapet sine hydrogenprosjekt i andre land har blitt lagt på is i tur og orden.
Statnett blir hardare i klypa
Fortescue står i fare for å miste reservasjonen sin av kraft.
Sidan i vinter har det vore meir og meir intens brevveksling mellom Statnett og Fortescue.
Statnett skriv til dei at om planane for fabrikken ikkje snart skyt fart vil dei sette i gang ein prosess med å kansellere.
Statnett seier regelverket er tydeleg, ein ammoniakkfabrikk kan ikkje byte formål til eit datasenter, for så å behalde reservert kraft.
– Dersom prosjektet avsluttast, uavhengig av grunn, kan ikkje prosjektet endre karakter og formål, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson.
Dei siste tolv månadane har fleire selskap mista kraftreservasjonane sine hos Statnett. Årsaka er nettopp manglande framdrift.
Bransjen gir ikkje opp håpet
Norsk Hydrogenforum har i årevis snakka fram hydrogen og ammoniakk. Men grøn skipsfart tar langt lenger tid enn venta.
Dei seier marknaden for hydrogen likevel er veksande. Norsk Hydrogenforum ventar også at det kjem nye utsleppsreglar for skipsfarta.
– For å sikre at nullutsleppsteknologi blir konkurransedyktig med fossilt, er prinsippet om at forureinar betalar heilt avgjerande, seier generalsekretær Ingebjørg Telnes Wilhelmsen.
Ordføraren har framleis trua
Saka kan bli avgjort når Statsforvaltaren skal behandle reguleringsplanen på nytt i sommar, etter ei omfattande klagerunde.
Ordførar Anne Kristin Førde har alt vore i kontakt med Fortescue om brevet til finansministeren. Ho har fått forsikringar om at innhaldet i brevet «var ein feil.»
Bremanger kommune har brukt mykje tid og krefter på fabrikkplanane.
– Fortescue har ikkje signalisert anna enn at dei arbeider for prosjektet.
Førde seier ho har «god tru» på at fabrikken kjem, om reguleringsplanen blir godkjend. Å bygge ned naturperla for eit datasenter er ikkje aktuelt.
– Det går klart fram av planen at det berre kan byggast prosessanlegg for grønt hydrogen og grøn ammoniakk på tomta, med tilhøyrande støttefunksjonar.
Nabo Silje Dyrstad har venta på ei avgjerd i fleire år, heilt sidan ho flytta tilbake til garden med utsikt rett mot Holmaneset.
– Fabrikken har nesten sett nesten liva våre på vent, vi vil flytte herfrå om det kjem ein ammoniakkfabrikk, seier Dyrstad.
Håpet er at Holmaneset får vere i fred.
– Eg tolkar brevet som at Fortescue ser på ein ammoniakkfabrikk som lite sannsynleg, og ser etter andre måtar å bruke området på, seier Dyrstad.
Møtet med finansminister Jens Stoltenberg vart gjort ettermiddagen 22. mai. Finansdepartementet seier til NRK at temaet var Ukraina, og at planane til Fortescue i Bremanger ikkje vart nemnt av Forrest under møtet.