Trass fleire sjansar blei resultatet til slutt 1–1 i kampen mellom AaFK og Viking på Color Line Stadion.
Sunnmøringane jakta revansje etter 1-6-tapet mot Vålerenga sist helg, medan Viking prøvde å sikre tabelltoppen i Eliteserien.
– Begge vegar
AaFK-trener Kjetil Rekdal meiner dei tok eit fortent poeng, men at kampen kunne ha gått begge vegar.
– Eg er imponert over den reaksjonen laget viser og den evna vi i periodar har til å gjere Viking vondt. Vi bør score fleire mål, men den følelsen har sikkert Viking også.
– Vi tek det poenget. Det var ei fin oppreising etter sist kamp.
Målscorar for Viking, Kristoffer Askildsen, var fornøgd med scoringa si, men ikkje utfallet av kampen.
– Det er under det vi hadde håpa på. Spesielt etter det første kvarteret så synest eg vi har ei dårleg periode. Vi kjem oss litt og så scorar dei. Vi har ein omgang å gjere det på, men vi klarer ikkje å få nok trykk på dei framfor mål.
Viking starta best
Bortelaget var best innleiingsvis i kampen. Allereie etter fire minutt var gjestene millimeter frå å ta leiinga.
Etter kvart spelte AaFK seg meir og meir inn i kampen. Første omgang utvikla seg til ein sjanserik affære med moglegheiter i begge endar.
Men det var Viking som kunne gå til pause med det beste utgangspunktet.
Bortelaget fekk frispark like utanfor 16-meteren til heimelaget. Kristoffer Askildsen sørga for scoring då han banka ballen heilt opp i det lengste krysset, og stillinga stod 1–0 til gjestane.
AaFK gjekk så hardt ut etter pausen og Mathias Christensen sette ballen i mål etter ei målgivande pasning frå Kristian Lonebu.
Dermed fekk heimelaget ein draumestart på andreomgangen.
Poengdeling
Den andre omgangen heldt fram i same spor som første, med store sjansar til begge lag.
Det resulterte likevel ikkje i mål til nokon av laga.
Resultatet blei altså 1–1 og poengdeling.
Viking ligg no på ein andreplass på tabellen, med ein mindre kamp spelt enn tabelleiar Bodø/Glimt.
Samtidig har AaFK sikra seg eit viktig poeng i kampen for å halde seg over nedrykksstreken.
Ny keeper
AaFK-trenar Kjetil Rekdal hadde gjort fleire endringar sidan førre kamp.
Mellom anna fekk den tyske keeperen Luca Podlech sin debut mellom stengene.
Rekdal seier dei må ta med seg søndagens prestasjon vidare.
– Vi må glede oss over prestasjonen, men også jobbe vidare. For det er ting som kunne gjort resultatet betre for oss. Og det steget må vi ta. Eitt poeng om gongen kjem ein ikkje så langt med.
– Vi får glede oss over poenget og prestasjonen. Og så er det ei ny treningsveke og ein ny tøff motstandar i Tromsø, legg Rekdal til.
Målscorar for AaFK, Mathias Christensen, var fornøgd med å ha utlikna for heimelaget.
– Det var deilig. Det er eit av dei betre måla eg har scora.
– Ikkje avgjerande
Viking måtte klare seg utan både Zlatko Tripic og Henrik Heggheim, som sona suspensjon.
At dei måtte greie seg utan kaptein Tripic burde ikkje vere avgjerande for å slå AaFK på heimebane. Det seier Kristoffer Askildsen.
– Han er ein av våre beste spelarar, så det seier seg sjølv. Samtidig har vi ein god og brei tropp, så Ålesund burde gå greitt.
– Vi får ta poenget og så gå vidare, legg han til.
Molde vann borte
Også Molde Fotballklubb var i aksjon søndag kveld.
Dei vann 4–2 over KFUM Oslo på bortebane i ein kamp som var prega av mange mål og VAR-sjekkar.
Les meir om den kampen her: