Regine Normann, en hvit hurtigbåt med blå grunn-maling i baugen med et ett meter stort hull i skroget. I bakgrunn er fjell og hav.
Hurtigbåten «Regine Normann» fekk eit stort hol i skroget då han krasja inn i kaia på øya Bolga på Helgeland.Grafikk: Sjøfartsdirektoratet

Eit kraftig drønn skaka hurtigbåten. Eit meterstort hol opna seg i skroget. 97 personar var om bord då «Regine Normann» brasa inn i kaia på Bolga.

For 16 år gamle Emil Holmberg Benjaminsen vart det eit ublidt møte med eit slikt drama for andre gong i livet.

– Det kom eit brak då me krasja. Folk strøymde til vindaugo, fortel han.

Då støvet la seg på Bolga, var det ingen politifolk å sjå. Ingen i mannskapet vart avhøyrd på staden, og ingen spor vart sikra.

Hurtigbåt dundret i kaia
Bilete er teke rett i etterkant av krasjen med hurtigbåtkaia på øya Bolga Foto: Emil Holmberg Benjaminsen
En båt i vannet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Før båten kunne segle vidare måtte dei undersøke skadane. Foto: Tipser

Årsaka?

Reiarlaget følgde berre reglene. På sjøen er det nemleg opp til reiarlaget sjølv å vurdere om politiet trengst – så lenge ingen er alvorleg skadde.

Då politiet til slutt fekk vite om krasjet via ei vekentleg oppdatering, hadde båten allereie segla til verftet.

Ingen avhøyr

Då Nordland politidistrikt endeleg fekk høyre om smellen på Bolga, var det allereie for seint å rykkje ut.

– Hadde me blitt varsla tidlegare, ville me vurdert å rykkje ut for å gjere undersøkingar, seier politistasjonssjef på Ørnes, Jim Kristiansen.

Politimann i uniform med redningsvest står på dekk på et fartøy med kystlandskap i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Politistasjonssjef på Ørnes, Jim Kristiansen, seier at dei ikkje kan opprette sak fordi det ikkje er gjennomført avhøyr eller bevissikring etter hendinga. Foto: NRK

Tidstapet betyr at viktige spor kan vere borte.

– Sidan det ikkje er oppretta sak, er det heller ikkje gjennomført avhøyr eller bevissikring, stadfestar han.

Politiet fekk først vite om kollisjonen via ei vekentleg rutineoppdatering frå Sjøfartsdirektoratet.

Då var toget gått for eigne undersøkingar på åstaden. Men dei kan framleis hente inn informasjon frå direktoratet sine inspektørar dersom dei meiner det er behov for det.

Må stole på reiarlaget

Utan politietterforsking må Sjøfartsdirektoratet nøye seg med eigne inspeksjonar – og Boreal si eiga skildring av kva som gjekk gale.

I den første meldinga til Sjøfartsdirektoratet har reiarlaget forklart at den førebelse teorien er at det er snakk om ein menneskeleg svikt. Eit augneblink med uoppmerksamheit førte til at feil hendel vart trekt i, og båten deisa i kaia.

Boreal opplyser til NRK at dei ikkje endeleg har konkludert når det gjeld årsaka, og at saka framleis er under intern oppfølging.

Hull i planker malt hvite i et skrog fra innsiden.
Slik ser holet i skroget ut frå innsida. Ifølge reiarlaget er baugsverdet under området der samanstøyten skjedde i massivt karbon.Grafikk: Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet vedgår at systemet i stor grad er basert på tillit.

– Reiarlag og mannskap forklarar kva som har skjedd. Deretter kjem våre havariinspektørar for å verifisere at skadane og hendingsforløpet stemmer, opplyser direktoratet.

Dei påpeikar at slike tillitsbaserte system er heilt vanlege, til dømes i helsevesenet og Arbeidstilsynet.

Direktoratet kan hente inn vitneopplysingar om naudsynt, men valde å ikkje gjere det denne gongen: – Me har ingen grunn til å tvile på det Boreal forklarar, slår direktoratet fast.

Følgde boka til punkt og prikke

Trass i dramatikk og hol i skroget: Reiarlaget Boreal meiner dei handla heilt rett.

Presseansvarleg Jon Kristian Fadnes forklarar at det er standard prosedyre å berre varsle Sjøfartsdirektoratet når ingen er skadd og det ikkje er behov for redning.

Sjøfartsdirektoratet gjev han rett.

– Varsling avheng av alvorsgrad. Er det akutt fare for liv og helse, skal nødetatane varslast først. Boreal sin framgangsmåte er i tråd med forskriftene for meldeplikt, stadfestar direktoratet.

En mann med kort brunt hår og hvit skjorte under en grå genser ser alvorlig i kamera. I bakgrunn er lyse kontorlokaler.
– Vi arbeider framleis med å kartlegge forløpet til hendinga. Det er derfor for tidleg å konkludere om årsaka til sammenstøytet, seier presseansvarleg for Boreal, Jon Kristian Fadnes, til NRK. Foto: Boreal

Etter smellen halta båten for eiga maskin til Svolvær. Der ligg fartøyet no på verkstad.

Sjøfartsdirektoratet har gitt «Regine Normann» eit strengt køyreforbod. Båten får ikkje ta om bord ein einaste passasjer før reparatørane kan bevise svart på kvitt at skroget er like sterkt og trygt som før ulykka.

Ein inspektør frå Sjøfartsdirektoratet må godkjenne dokumentasjonen før den kan bli sat inn i passasjertrafikk igjen.


Regine Normann på slipa i Svolvær etter sammenstøt med kaia på Bolga
Hurtigbåten «Regine Normann» er no på eit verft i Svolvær. Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet undersøker båten. Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Til slutt må ein inspektør frå Sjøfartsdirektoratet personleg godkjenne papira før båten slepp ut i rute att.

Sjølve ulykka vert no ståande att i loggane til Sjøfartsdirektoratet – som eit framtidig varsku ved umelde tilsyn og når nytt regelverk skal formast.

For Boreal handlar det no berre om å få kvardagen tilbake:

– Det viktigaste for oss no er å få trafikken til å gå som normalt, seier Fadnes.

Oppdatert 17.08.26: NRK har presisert at årsaksforklaringa frå reiarlaget berre er førebels, og at den endelege konklusjonen enno ikkje er klar.