Politiet er svært tilbakehaldne med å dele informasjon om valden som ein mann skal ha blitt utsett for. Onsdag ettermiddag sit to menn i arresten hos politiet, mistenkt for å stå bak valden.
Operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt opplyser at dei er sikta for vald mot den tredje.
Molnes vil ikkje seie noko om relasjonen mellom dei tre, alder på dei to sikta og om det er aktuelt å pågripe fleire.
– Vi har gjort ein del undersøkingar med uniformert politi, vi har tatt nokre avhøyr og kriminalteknikarar er på veg, seier Molnes.
Han seier at mannen som skal ha blitt utsett for vald ikkje er kritisk skadd.
– Politiet si oppfatning per no er at han er alvorleg skadd, ikkje livstruande, seier han.
Molnes baserer dette på opplysningar frå tilsette i helsevesenet.
Ein av mennene har fått oppnemnd forsvarar, men han ønskjer førebels ikkje å seie noko om saka.
Har pågripe to menn
Litt tidlegare i ettermiddag opplyste innsatsleiaren i Kristiansund at ein mann var pågripen.
– Vi har gått til pågriping av ein mann og driv no med avhøyr og etter kvart blir det tekniske undersøkingar, sa innsatsleiar i politiet, Andreas Moseng Jakobsen til NRK like etter klokka 15.
Det er fleire politifolk på staden onsdag ettermiddag.
Sendt til sjukehus
Den skadde mannen som er i 30-åra, blei frakta til sjukehus, først til Hjelset i Molde, deretter til St. Olavs i Trondheim.
Politiet har oppretta straffesak og har jobba med å kartlegge kva som har skjedd med mannen og få informasjon frå folk som kan ha sett noko.
– Vi har sett inn store ressursar i denne saka, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund i Møre og Romsdal politidistrikt.
Blei funnen på gata
Ein person kontakta politiet i formiddag etter å ha funne mannen på gata i Kristiansund sentrum.
– Han var bevisst da han blei funnen, men vi kan ikkje seie noko no om skadesituasjonen. Vi ventar på meir informasjon frå sjukehuset, seier Klokkersund.
Politiet veit ikkje når mannen skal ha vore utsett for valdshendinga, men trur har skjedd seint tysdag kveld eller natt til onsdag.