Rett før klokka 08.00 meldte Vest politidistrikt om trusselsituasjon i Strusshamn i Askøy kommune utanfor Bergen.
– Dei innleiande meldinga gjekk på at det var ein trusselsituasjon, og me rykte ut med ein rad ressursar, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Mellom anna fekk dei melding om at ei kvinne skal ha truga med pistol, og situasjonen var lenge uoversiktleg.
Dette viste seg seinare å ikkje stemma.
– Me jobba ei stund med å få avklart forholdet. Men slik me forstår det no, har det ikkje vore ein trusselsituasjon, seier operasjonsleiaren til NRK.
Fann skadd eldre kvinne
Dei har ingen haldepunkt for at det har vore truga med pistol.
Men på ein adresse vart ei kvinne i 80-åra funne skadd.
– Ho hadde skader i ansiktet, og får tilsyn av helsepersonell, fortel Dahl-Michelsen.
Ifølgje politiet skal den eldre kvinna ha vorte utsett for vald i eller utanfor sin egen heim. Politiet opprettar sak på førehaldet.
Politiet har kontroll på ung kvinne
I samband med hendinga fekk politiet kontroll på ei ung kvinne. Ho er mistenkt for å ha noko med valdshendinga å gjera, men er enno ikkje formelt sikta opplyser politiet klokka 10.40.
Ho er no overtatt av helsevesenet og innlagt på psykiatrisk sjukehus.
Kvinna skal ha vore involvert i dei første meldingane til politiet.
– Bakgrunn og motiv for valdshendinga er ikkje kjent. Kvinna får tilsyn av helsepersonell, seier operasjonsleiaren.
Det er også fleire vitne som blir avhøyrt av politiet.
– Me snakkar med fleire vitne i saka, seier operasjonsleiaren.