I april i år blei leivningane etter sju avretta nordmenn under 2. verdskrig henta opp frå Oslofjorden.
No er fire av dei identifisert – Harald Sigmund Anker Ryller er ein av dei.
– Dei som kjente han på den tida skildra han som ein mild person som var lett å forhalde seg til. Han skapte eit stort rom då han forsvann, seier pårørande Jon-Ivar Paulsen.
Paulsen er styremedlem i foreininga Æresgjeld, der han er aktiv i arbeidet med å finne leivningane til nordmenn som blei avretta av nazistane på 1940-talet.
– For ei dryg veke sidan fekk eg ein telefon av ein politietterforskar, som vi i Æresgjeld har jobba tett med når det gjeld avrettingane frå 2. verdskrig. Ho fortalde at eg var den første ho ringde til av pårørande.
– Eg har levd i ein familie kor saknet, forbitringa og sorga over å ikkje vite kva som skjedde og ikkje ha ein gravstad å gå til har lege der lenge.
– Eit stort gjennombrot
Politiet i Øst politidistrikt har no varsla alle dei pårørande og etterlatne.
– Vi synest dette er eit stort gjennombrot i denne operasjonen, seier politiinspektør Ole Rasmus Knudsen.
Politiet samarbeider no med gravplassmyndigheita om ei løysing for ein felles gravstad.
– Dei etterlatne har sete i igjen i 80 år utan å fullt ut vite kva som skjedde med desse personane, som aldri har fått si rettsmessige grav, seier Knudsen.
Også leiar for Norges Hjemmefrontmuseum, Mats Tangestuen er glad for at dei etterlatne skal ha ei grav å gå til.
– Det er veldig spesielt og fint. Vi hamnar i den spesielle situasjonen at vi over 80 år etter krigen skal gravlegge motstandsfolk i Noreg som har lege der veldig lenge utan å ha blitt funne.
– Dette er ei viktig nasjonal oppgåve, legg han til.
Tangestuen håpar at myndigheitene kjem på banen for å komme i mål med arbeidet om å finne dei resterande nordmennene.
Avretta og dumpa i fjorden
17. mars 1945 blei 14 personar avretta på Akershus festning. Dei var motstandsfolk tatt til fange av tyskarane.
Få dagar før avrettinga gjennomførte Milorg den vellykka sabotasjeaksjonen «Operasjon betongblanding» mot jernbanenettet på Austlandet.
Målet var å hindre tyskarane frå å ta i bruk jernbaner og båthamner til å overføre styrkar frå Noreg og vidare ut i Europa.
Den vellykka operasjonen førte til ein hemnaksjon frå tyskarane, som avretta dei 14 innsette motstandsfolka kort tid etter.
Lika blei lagt i to kassar med sju personar i kvar. Deretter blei kassane fylte med stein, før dei blei dumpa i Oslofjorden.
– Tidleg på morgonen 17. mars 1945 blei dei ført fram til rettarstaden og skotne to og to av ei tysk spesialavdeling, som gjennomførte hundrevis av avrettingar i Noreg under krigen, seier Paulsen.
Det var foreininga Æresgjeld som oppdaga kassane etter eit gjennombrot i 2024.
Ein fiskar vitna hendinga i 1945, og forklaringa hans i Landssvikarkivet fekk Æresgjeld på rett spor.
Paulsen meiner at det er viktig å få ut namna og historiene til dei avretta nordmennene som blei forsøkt skjult av nazistane.
– Dessverre er det frykteleg aktuelt i våre dagar. Fordi fred og fridom har sin pris.
DNA-prøvar gav resultat
Politiinspektøren er nøgd over resultata i det han omtalar som ein kompleks og tverrfagleg suksess.
Knudsen håpar at det påbyrja arbeidet kan bidra til at leivningane til dei tre resterande personane også kan identifiserast.
– Vi må ta atterhald, men vi er positive til at det grovarbeidet som har blitt gjort til no også vil kunne lykkast på desse tre personane, seier politiinspektøren.
På trass av suksesshistoria, kjem ikkje politiet til å halde fram leitinga av nye kassar.
– Politiet har ingen aktive søk over dei no. Kjem det ytterlegare treff på lokalisasjonar, så vil vi konkret ta stilling til kva som blir gjort med kassane.
Æresgjeld vil halde fram leitinga. I Oslofjorden skal det vere 35 leivningar som ikkje er funne eller identifisert, medan det på landsbasis er over 100.
– Det som har skjedd no er historisk viktig, men også ein sterk motivasjon for å jobbe vidare, seier Paulsen.
– Vi vil ikkje gi oss.
Les Tove og Aase Gjerdrum si historie om faren Carl Ferdinand Gjerdrum som blei drepen av nazistane og lagt i ei massegrav på havbotnen i Oslofjorden.
Tre måneder før krigens slutt ble faren henrettet. Tove følte skyld i flere tiår.