Dei jobbar for å gjere vegane tryggare. Men kjenner seg utrygge.
Og det er ikkje så rart. Vegarbeidarar blir utsette for farlege situasjonar, og for nokre år sidan døydde ein mann under manuell trafikkdirigering i Hallingdal.
– Eg synest rett og slett det er respektlaust, for arbeidskvardagen deira er jo nettopp her, året rundt, seier UP-leiar Linda Rolandsen.
Ho snakkar ikkje om dødsulykka i Ål, men om ei generell bekymring blant dei som jobbar langs norske vegar.
– Dei gjer det for å utbetre vegnettet for oss alle. Dei gjer ein veldig viktig jobb, og ein kan jo tenke seg korleis vegstandarden på norske vegar hadde vore utan dei, seier Rolandsen.
– Kan ikkje ha det sånn
Det er vegarbeid i heile landet, heile året. Det kan vere små lokale vegstubbar, eller større prosjekt på E18 i Oslo-området.
Statens vegvesen ser ei skummel utvikling:
– Vi kan ikkje ha det sånn som det er no, der dei som jobbar på anlegga våre er bekymra for å bli påkøyrde, seier prosjektleiar Pål-Steinar Karlsen.
Akkurat no jobbar dei med å fikse to flaskehalsar på riksveg 52 ved Hemsedalsfjellet. For å sikre arbeidarane er fartsgrensa sett ned til 50 kilometer i timen.
Likevel vel svært mange å køyre i altfor høg fart.
– Både folka våre og entreprenøren som utfører jobben, har sett fleire tilfelle av stygg køyring. Vi ser sjåførar som set andres liv i fare, seier Karlsen.
Kallar det grisekøyring
Pål-Steinar Karlsen kallar det for «farleg grisekøyring» og ber innstendig alle om å roe ned farten.
Det er ikkje berre privatbilar som suser forbi arbeidarane. Vegvesenet ser også mykje uvitig køyring frå tyngre køyretøy, både norske og utanlandske.
At så mange yrkessjåførar køyrer for fort, skuffar prosjektleiaren ekstra mykje.
– Yrkessjåførar har vegen som arbeidsplass, og vi forventar at dei har forståing for sikkerheit langs vegen, seier Karlsen.
– Dei grellaste eksempla er vel når entreprenørane våre køyrer inne i anlegget og blir forbikøyrde av vogntog, då er det ikkje bra.
Gir blaffen i veiarbeidernes sikkerhet: – Ser på Tiktok mens de kjører
Forbikøyrt av lastebilar
No vurderer Statens vegvesen fleire tiltak for å tvinge ned farten, og dei har allereie tatt kontakt med Utrykkingspolitiet (UP).
– I verste fall må vi gjere fysiske grep som gjer det vanskeleg å komme fram, men vi har også ein dialog med UP, så du skal ikkje sjå bort frå at dei kjem til å ta seg ein tur.
– Kor fort køyrar dei verste?
– Vi har ikkje hatt fartsmålingar no, men vi hadde eit anlegg for eit par år sidan, og då blei det målt over 200 km/t i eit område der det var skilta med 50.
Vegvesenet er oppgitt over situasjonen.
– Folk kjenner seg utrygge og synest det er eit paradoks at når dei jobbar for å gjere jobben betre og trygg for dei som har det som arbeidsplass, så skal dei vere redde for liv og helse når dei gjer den jobben.
Åtte dødsulykker på ti dager: – Verre enn vi kunne ha frykta
Varslar kontrollar
Lysreguleringa gjer at det kan vere opptil fire minutts stopp.
– Men vi meiner at det er ei forseinking dei må tole for at det på sikt skal bli ei forbetring. Dei opplever det som at sjåførane prøver å ta igjen tapt tid, ved å køyre fort gjennom anlegget.
Når Pål-Steinar Karlsen snakkar med kollegaer andre stader, fortel dei om det same.
– Dette er eit kjent problem over heile landet. Det er lite respekt for nedsette fartsgrenser eller andre tiltak vi innfører når vi jobbar langs vegen.
Utrykkingspolitiet kan forstå frustrasjonen til bilistane, men varslar at det er ingen nåde. Ei fartsgrense på 50 er 50, uansett trafikk og når på døgnet det er.
– Det er bindande, og ein når ein køyrer langs norske vegar så må ein vere i stand til å lese skilt, seier Rolandsen.
– Kan du skjønne at bilistar kan bli litt likegyldige til desse mellombelse hastigheitene?
– Eg har jo ei forståing for at ei 50-sone kan opplevast unødvendig når ein ikkje ser nokon som jobbar der. Men det er jo ikkje berre arbeidarane som er årsaka til at farten er sett ned. Det kan vere endringar eller sikringstiltak i vegen.
Vegvesenet har bede UP om hjelp. Og det får dei. Det kjem til å bli kontrollar i sonene.
– Det kan dei forvente. Vi har ein god dialog med Vegvesenet og jobbar saman for at dei skal ha ein trygg kvardag, seier Linda Rolandsen.
Større andel unge menn dør i MC-ulykker: – Et enormt savn hver dag