– Den berre landa på hovudet til far min, fortel Reito Alice Tvedt.
Plutseleg fekk familien Tvedt ein uventa gjest i hagen. Ein papegøye hadde landa hos dei, og dei visste ikkje kvar fuglen kom frå.
Dei tok kontakt med politiet etter å lagt ut meldingar på Facebook og andre sosiale medium.
Etterlyste eigaren
Det er ikkje kvar dag politiet må be folk beskrive både utsjånaden til ein fugl og kva han kan seie for å få han tilbake.
«Papegøye i Malmefjorden tatt hand om. Om noen savner en, ta kontakt på 02800 – vær forberedt å komme med korrekt beskrivelse og hvilke ord den kan si», skreiv politiet.
Då NRK ringde for å høyre om nokon hadde prøvd å få seg eit nytt kjæledyr, var det ingen som hadde meldt seg.
Sindre Molnes i politiet kunne fortelje at dei ikkje hadde fått nokon telefonar frå folk som sakna ein papegøye eller som meinte dei hadde fått ein ny fjørkledd familiemedlem på avvegar.
Reito Alice Tvedt og faren trudde kanskje at papegøyen hadde kome vekk frå nokon som var på reise.
– Vi lurte på kvar ho kom frå. Det går ein hovudveg rett ved her, så vi tenkte at ho kanskje hadde kome vekk frå nokon som var på reise, fortel Reito.
Familien sjekka sosiale medium for å sjå om nokon sakna ein papegøye, og måtte samtidig finne ut korleis ein eigentleg skal ta vare på ein slik uventa gjest.
– Det er eit sydleg dyr, så vi lurte på om ho kunne fryse, seier Reito.
Lite visste dei at papegøya Tiba eigentleg ikkje hadde reist særleg langt. Eigaren var nærare enn dei kunne ane. Det viste seg at det var naboen, Anne-Mari Melsæter Alvestad.
Glad i mannfolk
Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at Tiba landa akkurat på hovudet til Arnt. Ifølgje eigaren har ho nemleg ein forkjærleik for mannfolk.
– Ho pleier å flyge rundt på arbeidarane på garden som jobbar no. Eg synest litt synd på dei, fortel ho lattermildt.
Kjende att eigaren med ein gong
Når det kom folk på døra for å sjekke om papegøyen høyrde til dei, kjende fuglen att familien sin med ein gong.
– Den flaug bort då døra opna seg, fortel Reito Alice.
Etter eit par kontrollspørsmål var familien sikker på at papegøyen hadde kome i rette hender.
Ifølgje familien pleier Tiba å flyge litt rundt omkring i nabolaget. Denne gongen var ho ute i hagen då ho plutseleg landa på hovudet til Arnt.
Alvestad var svært glad då ho fekk beskjed om at Tiba var funnen. Ho hadde leita etter papegøyen då meldinga plutseleg dukka opp på Facebook.
– Det var litt artig, fortel Alvestad.
Tindermatch?
Då vi snakka med familien Tvedt og Alvestad om kva lydar Tiba er kjend for å etterlikne, viste det seg at det ikkje er kva som helst papegøyen likar å herme etter.
– Ho lagar Tinder-meldingslyden, fortel Alvestad
Alvestad ville likevel forsikre seg om at det ikkje var nokon misforståing rundt korleis Tiba hadde lært seg lyden.
– Eg har aldri hatt Tinder sjølv, men ho har hatt tidlegare eigarar, seier ho.
Tiba er berre tre år gammal, men har allereie rukke å bli godt kjend i nabolaget.
Alvestad tok over henne for eitt år sidan i august, og det verkar som papegøyen framleis likar å halde eigaren på tå hev.