Politiet skaut mann utanfor slottet i Stockholm
Politiet i Stockholm har skote med skarp ammunisjon mot ein mann utanfor Kungliga slottet i Stockholm, melder SVT. Mannen var væpna, og var aggressiv, skriv politiet i ei melding. Politiet seier at mannen blei treft av skota, og blei køyrd til sjukehus. Haner alvorleg, men ikkje livstrugande skadd. Det er ikkje fare for publikum, ifølge politiet. Eit vitne seier til SVT at det er mykje politi på staden.