En dommer i kappe sitter ved et bord med en bærbar PC i en rettssal. En annen person sitter bak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FORSVARSBENKEN: Bertil Christian Hast Rønnestad og Kamilla Edvardsdal Kildal forsvarer den tiltalte politimannen. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Politimannen er tiltalt for ulike former for vald frå våren 2024 til sommaren 2025, då han blei pågripen og varetektsfengsla. Då rettssaka starta i går vedgjekk han delvis straffskuld.

Sambuaren heldt fram si forklaring i dag, og gjentok at ho har levd i frykt, og med jamleg fysisk og psykisk vald i mange år.

Ho fortalde vidare at ho er redd for kva som vil skje når den tiltalte blir sleppt fri, og at ho har planar om å montera overvakingskamera på bustaden.

Vedgår vald

Politimannen i 30-åra starta si forklaring i dag. Her vedgjekk han å ha slått sambuaren.

– Det er jo grunna vald at eg sit her i dag. Det er ikkje bra dette, sa mannen i rettssalen i Hordaland tingrett.

To advokater i svarte kapper står i en rettssal med riksvåpenet på veggen bak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Førstestatsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes og forsvarar Bertil Christian Hast Rønnestad. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Han forklarte seg vidare om eit turbulent forhold med opp- og nedturar og mykje krangling.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i skuldingane om at eg stadig har vore valdeleg mot henne. Eg slo ho to gonger på ein tur til Sogn, og det er det, sa mannen.

Politimannen var sterkt prega då han fortalde om denne hendinga i rettssalen.

På spørsmål om blåmerke sambuaren hadde på andre tidspunkt svarte mannen at sambuaren hadde påført seg desse sjølv, eller fått dei i jobbsamanheng.

– Eg trur ikkje desse blåmerka kan ha kome frå ting eg har gjort. Ho får lett blåmerke, sa han.

Hevdar sambuaren også var valdeleg

Førstestatsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes ville veta om politimannen meiner sambuaren har forklart seg uriktig om det som har skjedd i forholdet.

Mann i advokatkappe og briller står i en rettssal. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Førstestatsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes i Hordaland tingrett. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Politimannen forklarte at det blei meir krangling i forholdet frå 2023, og at sambuaren etter kvart byrja å bli fysisk i kranglane.

– Ho har slege meg, sparka meg, spytta på meg, og kasta ei lang rekke ting på meg, sa mannen i 30-åra, og heldt fram:

– Hennar forklaring om at ho berre forsvarte seg er feil. Ho kunne like godt som meg ha sete i fengsel for vald.

Politimannen sa vidare at han var meir redd for sambuaren enn gjengkriminelle han møtte i jobben.

Nektar for påverking av avhøyr

Mannen er også tiltalt for å ha påverka eit politiavhøyr med sambuaren. Dette avhøyret skjedde over telefon, og påtalemakta meiner mannen kom med beskjedar om kva ho skulle seia.

I retten i dag forklarte sambuaren at politimannen drog på treningssenter eit par minutt unna bustaden då avhøyret starta. Ho forklarte vidare at mannen kom tilbake før avhøyret var ferdig.

Politimannen nekta i retten i dag for å ha vore til stades då avhøyret skjedde.

Mora til den tiltalte ringde politiet

Kvinna fortalde i retten i går at ho valde å jobba overtid og ta ekstravakter for å sleppa å vera heime.

I november 2024 ringde mora til politimannen til politiet. Ho var svært uroa for korleis sonen behandla svigerdottera, kom det fram i retten.

Etter dette skal valden ha eskalert, både psykisk og fysisk, ifølgje påtalemakta.

Den tiltalte politimannen er mellom anna tiltalt for å ha slått kvinna, drege henne i håret slik at ho mista hår, og dytte henne i ein vegg. Han skal også ha sparka og spytta på henne.

Ved eitt høve truga mannen med å køyra bilen dei sat i inn i ein fjellvegg. Han har også kome med drapstrugslar ved andre høve, ifølgje tiltalen.

Mannen er også tiltalt for å ha følgt etter ho, teke kontroll over mobiltelefonen hennar, og kome med verbal vald over lang tid.

Påtalemakta la i retten fram bevis på at den tiltalte mannen mellom anna har søkt på korleis ein kan sletta mobildata og elektroniske spor. Desse søka skjedde dagen etter at politiet møtte opp heime hjå paret etter ei uromelding.

Det er sett av sju dagar i retten til saka. Framover skal ei lang rekke vitne forklara seg.

Skuldingar om forskjellsbehandling frå politiet

Bergens Tidende har skrive om to høve der politiet rykte ut etter meldingar om vald i heimen deira, men at oppdraget ut til media blei skildra som eit helseoppdrag.

Helseoppdrag blir i liten grad omtala av media.

Politimannen har seinare blitt identifisert på nettet av privatpersonar, og det har kome skuldingar mot politiet om at dei har behandla saka på ein annan måte, fordi den mistenkte var ein av deira eigne.

Politiet har avvist at dei har drive med forskjellsbehandling.

– Denne saka handlar om mishandling i nære relasjonar. Delar av politiet si handsaming vil bli teke opp i retten, men det er ikkje det saka handlar om, seier førstestatsadvokat Raanes.