Den tidlegare sambuaren starta si forklaring i retten i dag. Ho fortalde at forholdet var svært godt dei første åra, men at dette endra seg med tida.
Kvinna fortalde at den tidlegare sambuaren kunne kasta gjenstandar rundt seg, og vera sint.
Ho fortalde vidare at ho har vore mykje redd, og at valden ho blei utsett for skjedde over fleire år.
Kvinna seier den psykiske valden har vart i nær 15 år.
Til slutt blei det slik at kvinna valde å jobba overtid og ta ekstravakter for å sleppa å vera heime, fortalde ho i retten.
I november 2024 ringde mora til politimannen til politiet. Ho var svært uroa for korleis sonen behandla svigerdottera, kom det fram i retten.
Etter dette skal valden ha eskalert, både psykisk og fysisk, ifølgje påtalemakta.
Vedgår delvis skuld
Då rettssaka starta bad den tiltalte om at saka skulle gå for lukka dører, men retten kom til at pressa fekk vera til stade.
Politimannen i 30-åra er tiltalt for fleire tilfelle av vald, trugslar og krenkingar mot den tidlegare sambuaren sin.
Då tiltalen blei lest opp vedgjekk mannen delvis skuld for tiltaleposten som handlar om dette.
Han vedgjekk ikkje skuld for tiltalepunktet om at han har påverka forklaringa til sambuaren.
– Valden kvinna har blitt utsett for har lang varigheit og er alvorleg, seier førstestatsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes.
Truga med å køyra i fjellvegg
Den tiltale politimannen er mellom anna tiltalt for å ha slått kvinna, drege henne i håret slik at ho mista hår, og dytte henne i ein vegg. Han skal også ha sparka og spytta på henne.
Særleg hausten 2024 og våren 2025 skal valden ha eskalert, ifølgje tiltalen.
Ved eitt høve truga mannen med å køyra bilen dei sat i inn i ein fjellvegg. Han har også kome med drapstrugslar ved andre høve, ifølgje tiltalen.
Mannen er også tiltalt for å ha følgt etter ho, teke kontroll over mobiltelefonen hennar, og kome med verbal vald over lang tid.
Ved eitt høve kjøpte politimannen ein krem til kvinna. Denne kremen skal hjelpa med å skjula blåmerke på kroppen, fortalde ho i rettssalen i dag.
– Eg fekk ikkje gå ut av huset før eg hadde sminka vekk blåmerke i andletet, sa kvinna.
Meiner mannen påverka avhøyr
Kvinna blei avhøyrd av politiet over telefon våren 2025. Politimannen er tiltalt for å ha påverka kvinna, ved å fortelje henne kva ho skulle seie.
Dette punktet vedgår han ikkje straffskuld for.
Kvinna forklarte i dag at ho tenkte situasjonen på heimebane ville bli betre dersom ho forklarte seg til fordel for sambuaren.
– Me snakka om at dersom eg gjorde dette, så ville det hjelpe han med å halde på jobben, og at han blei blidare, sa kvinna.
Ho understreka at dette var ei tid der ho blei utsett for mykje vald, og at situasjonen ikkje endra seg etter avhøyret.
Sommaren 2025 blei politimannen pågripen og varetektsfengsla. Fengslinga har skjedd ved bruk av fotlenke, og mannen har ikkje sitte i eit fengsel.
Forsvarar Bertil Christian Hast Rønnestad vil ikkje kommentera skuldspørsmålet før den tiltalte har forklart seg. Men han er klår på at det har vore ei vanskeleg tid for klienten.
– Det har vore ein lang periode med varetektsfengsling som sjølvsagt har vore tung. Det er ei krevjande sak for alle involverte, seier Rønnestad til NRK.
Skuldingar om forskjellsbehandling frå politiet
Bergens Tidende har skrive om to høve der politiet rykte ut etter meldingar om vald i heimen deira, men at oppdraget ut til media blei skildra som eit helseoppdrag.
Helseoppdrag blir i liten grad omtala av media.
Politimannen har seinare blitt identifisert på nettet av privatpersonar, og det har kome skuldingar mot politiet om at dei har behandla saka på ein annan måte, fordi den mistenkte var ein av deira eigne.
Politiet har avvist at dei har drive med forskjellsbehandling.
– Denne saka handlar om mishandling i nære relasjonar. Delar av politiet si handsaming vil bli teke opp i retten, men det er ikkje det saka handlar om, seier førstestatsadvokat Raanes.
Omfattande vitneføring
Det er sett av sju dagar til rettssaka i Hordaland tingrett. Forklaringa til den fornærma kvinna held fram tysdag, før den tiltalte politimannen skal forklara seg.
Påtalemakta har varsla at dei vil kalla inn ei rekke vitne i saka.
Også bistandsadvokaten til kvinna varslar at dei vil kalla inn vitne. Bistandsadvokat Joanne Vaardal-Lunde varslar at det også vil koma krav om oppreisingserstatning for kvinna.