Joakim Jaabæk Agder politidistrikt gjør seg klar for å reise til Oslo for å bidra i Kong Haralds begravelse.
Politimannen Joakim Jaabæk frå Kristiansand reiser til Oslo for å passe på under gravferda til kong Harald. Foto: Viktor Sødal / NRK

– Det er stort å vere med og bidra på den store politioperasjonen som det er med ei gravferd. Og så er det godt å vere med og bidra til å sikre ei verdig avslutning for kongen.

Joakim Jaabæk er berre ein av om lag 3000 politifolk som kjem til å delta i operasjonen rundt gravferda til kong Harald.

– Det er ei oppleving ein ikkje er med på så ofte. Å kunne vere med inn og bidra på den store operasjonen er nok noko som ein kjem til å hugse, seier Jaabæk.

Kong Haakon kjører i åpen bil ned Karl Johan-
Kong Haakon køyrde i open bil ned Karl Johan sist veke. Foto: Christian Breidlid / NRK

Avhengige av hjelp

Oslo-politiet er heilt avhengige av hjelp frå kollegaer for å sikre tryggleiken til kongelege, tilreisande gjestar og andre frammøtte. I tillegg til dei store politistyrkane skal 3500 soldatar frå forsvaret delta.

Svensk og dansk politi vil òg hjelpe til under gravferda.

– Dødsfallet til kongen påverkar politifolk på lik linje med resten av befolkninga, så vi kjenner på den tristheita. Og så kjenner vi også på litt stoltheit med å få bidra ved gravferda, seier innsatsleiar Tomm Berger i Oslo politidistrikt.

Innsatsleder Tomm Berger
Innsatsleiar Tomm Berger i Oslo politidistrikt utanfor Oslo Domkirke der gravferda til kong Harald skal vere onsdag. Oslo-politiet får hjelp frå kollegaer frå inn- og utland under gravferda. Foto: Erica Hvedding Kronheim / NRK

Politiet skal mellom anna halde vakt, hjelpe til med sikring av bygg og trafikkregulering.

Både det offisielle Noreg og mange internasjonale gjestar vil delta under gravferda onsdag. Dei første er allereie komne til Oslo.

– For min del er dette eit veldig ærefullt og fint oppdrag å få lov å vere med på, seier Berger.

Kongeparets på fylkestur i Møre og Romsdal
Kongen var på besøk i Hareid i Møre og Romsdal hausten 2022. Det var mange som sette pris på besøket. Foto: N

Nesten ein tredel av politifolka deltek

Nesten ein tredel av den norske politistyrken deltek under gravferda i Oslo.

Det viser den siste bemanningsstatistikken frå mars 2025.

Dette er omtrent halvparten av dei i politiet som har løyve til å bere våpen.

Oppdraget er noko heilt utanom det vanlege, seier stabssjef Bent Are Eilertsen i Nordland.

– Vi har ofte sånne bistandsoppdrag, men dette er nok eit av dei største oppdraga vi har deltatt på. Det er ikkje kva dag vi mistar ein konge.

Bent Are Eilertsen, Stabssjef i Nordland politidistrikt.
Stabssjef Bent Are Eilertsen i Nordland politidistrikt. Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Trur publikum forstår prioriteringa

I Møre og Romsdal har politimeister Elin Anja Drønnen peika ut kven dei skal sende ut.

– Vi har tatt ei konkret vurdering i politidistriktet, slik at vi skal sende frå oss mannskap til Oslo, men vi skal òg oppretthalde beredskapen i eige distrikt.

Drønnen seier at alle kan vere trygge på at politiet skal ivareta tryggleiken på heimebane, sjølv om ein del av den lokale politistyrken er på oppdrag i Oslo.

– Det kan vere oppgåver, gjeremål og mindre alvorlege oppdrag som vi normalt løyser, som vi må nedprioritere nå. Det trur eg innbyggjarane har stor forståing for.

– Ja, trur du det?

– Ja, det trur eg, seier ho.

Kronprins Haakon på sjømatbesøk i Vestnes og Hustadvika i Møre og Romsdal.
Politimeister Elin Anja Drønnen i Møre og Romsdal. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Sjekkpunkt til Oslo sentrum

Båra til kong Harald skal førast frå slottet og ned til domkyrkja i ein sørgeprosesjon der deler av kongefamilien følgjer båra gåande.

Seinare vil kongefamilien komme ut på slottsbalkongen.

Då kong Haakon avla sin eid på Stortinget, var det minst 208.000 menneske i Oslo sentrum, viser tal frå Oslo kommune og politiet.

Innsatsleiar Tomm Berger i Oslo-politiet seier dei vil at vanlege folk skal kunne delta også når kong Harald blir gravlagt.

– Vi vil så langt vi kan, legge til rette for at så mange som råd skal komme tett på og ta del i sørgehøgtida, vise sin respekt, og at alt dette blir gjort på ein verdig og fin måte, seier han.

Barnetegninger av kong Harald
Det er mange barn som har teikna for å vise si medkjensle etter at kong Harald døydde. Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Gravferda påverkar i stor grad korleis folk kan ferdast i Oslo onsdag Deler kart: – Lurt å sette seg inn i