Prinsesse Ingrid Alexandra kjem heim for å vere med mora
Prinsesse Ingrid Alexandra har planar om å komme heim frå studia i Australia ein tur, sa kronprins Haakon på eit pressetreff i Tokyo måndag. – Ho planlegg å kome heim snart. Det har med familiesituasjonen å gjere. Ho ønsker å vere saman man mora si. Kronprinsen er for tida på eit offisielt besøk til Japan, men reisa er korta ned med ein dag på grunn av helsesituasjonen til kronprinsesse Mette-Marit. Men prinsessa skal etter kvart reise tilbake for å halde fram med å studere. – Ho har planar om å fullføre studiet i Australia. Men kor lenge ho blir heime, det får vi komme tilbake til, sa kronprinsen.