avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 7 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18037270 ↩
story

Professor får sjå dokument frå Rød-Larsens kjellarbod

Hilde Henriksen Waage, professor i historie ved Universitetet i Oslo, har fått godkjent innsyn i dokument i fleire av pappeskene i Terje Rød-Larsens kjellarbod, skriv Khrono. Økokrim kom over ei rekkje med pappesker med dokument i kjellaren til Rød-Larsen og Mona Juul då dei etterforska paret sine forbindingar til den avdøde seksualforbrytaren Jeffrey Epstein. – Eg søkte om innsyn i pappeska i eintal, men fekk beskjed om at eg fekk innsyn i innhald i pappeskene i fleirtal, seier Waage til Khrono. Waage trur det er dokument frå Oslo-prosessen frå tidleg 1990-tal i desse eskene. Ho har i årevis kravd svar om manglande dokument frå forhandlingane mellom Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen som Rød-Larsen og Juul var sentrale tilretteleggjarar for.

26. September 2026 kl. 06:37 (oppdatert 09:24)
Nyheter Jeffrey Epstein-saken

v2 · scraped 30.09 14:00 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect