Tidlegare i år blei dei tre dømde til fengsel for grov korrupsjon i Sunnmøre tingrett.
Den tidlegare rådgjevaren i Innovasjon Norge blei dømt til fengsel i tre år for å ha utnytta stillinga si og måtte i tillegg betale tilbake ein halv million kroner av pengane han skulle ha tileigna seg ulovleg.
To bedriftseigarar innanfor fiskerisektoren blei også dømde til fengsel i to og eit halvt år kvar.
Dei blei dømde for å ha gitt rådgjevaren økonomiske fordelar for å bidra til å fikse store offentlege lån til fiskebåtar og fiskekvotar.
No er dei tre altså frikjente i Frostating lagmannsrett.
Det var Fiskeribladet som først omtalte dommen.
Vann fram med anke
Alle dei nekta straffskuld då saka var oppe i Sunnmøre tingrett. Dei har nekta for at avtalane som har skjedd mellom dei var korrupsjon.
Dei anka derfor dommen til lagmannsretten som landa på ein anna konklusjon enn tingretten.
«Grunnlaget for frikjenningane er at handlingane som er skildra i tiltalane, ikkje kan reknast som utilbørlege fordelar gitt i samband med utøvinga av stilling, slik det blir kravd etter korrupsjonsbestemmingane i straffelova», står det i dommen frå Frostating lagmannsrett, ifølge Fiskeribladet.
I dommen står det vidare at det krev forsett for å dømme for korrupsjon, og at straffevilkåra for dette ikkje er oppfylt.
Dommarane var delte både i konklusjonane sine på dei ulike tiltalepunkta, og inndraginga på ein halv million kroner. Fleirtalet meinte likevel at det ikkje var nok grunnlag for å dømme dei tre etter tiltalen.
Den tidlegare rådgjevaren i Innovasjon Norge slepp også å betale pengane som tingretten ville inndra.
Revisor reagerte
Saka starta med ein revisor som jobba i bedrifta til ein av dei tiltalte. Vedkomande hadde reagert på eit sal av ei leilegheit.
Rådgivaren i Innovasjon Norge hadde nemleg kjøpt ei leilegheit av bedrifta til ein av dei andre, til nesten 1,4 millionar under marknadspris.
Økokrim blei varsla og politiet starta etterforsking.
Då kom det også fram at mannen hadde selt ei leilegheit for over 1,1 millionar kroner over marknadsverdi til den andre bedriftsleiaren.
Rådgjevaren hadde også inngått gunstige intensjonsavtalar om kjøp av aksjar i fiskeriselskapa til dei to. Kjøpa blei aldri gjennomførte.
Mannen har meint at prisen var rett for begge leilegheitene, og at dette ikkje handla om korrupsjon.
Alle tre meinte også at dei private avtalane ikkje påverka lånesøknadene i det heile tatt.
– Gledeleg
Arild Dyngeland er advokaten til ein av bedriftseigarane, ein mann i 50-åra.
– Det er sjølvsagt det resultatet som min klient håpa på. Vi ser at den forklaringa han gav i tingretten, og på nytt i lagmannsretten, har blitt vurdert heilt ulikt.
Dyngeland seier vidare at lagmannsretten har lagt større vekt på det hans klient og ein av dei andre tiltalte sa i politiavhøyr.
– Der forklarte dei det same, men blei ikkje trudd i tingretten. Det blei dei i lagmannsretten og det er nøkkelen til at det blei endra. Vi er sjølvsagt glade for at fleirtalet i lagmannsretten landa på det.
Han ser ikkje for seg at dommen blir anka vidare.
– Nei. Bevisvurderingane skjer i tingretten og lagmannsretten og dette er ein bevisdom.
Statsadvokat Magne Nyborg seier at han noterer seg at dommarane i lagmannsretten var ueinige om utfallet i saka.
– Utover det tek eg dommen til etterretning, seier han.
Fornøgd
Kenneth Mikkelsen er forsvararen til den andre bedriftseigaren som var tiltalt.
Dei er fornøgde med å ha fått medhald i at vilkåra for korrupsjon ikkje var til stades.
– Det er noko vi har stått fast på heile tida. Min klient er svært fornøgd med at han har blitt trudd på at dette var heilt ordinære transaksjonar og at det ikkje var ein utilbørleg fordel.
Samtidig meiner han det er beklageleg at dei tre blei dømde i tingretten.
– At dei må stå i dette gjennom ei ankeperiode kan få verknad på omdømme deira og det er uheldig.
Frode Sulland er forsvararen til den no frikjende rådgivaren.
Han seier at saka har vore ei stor belastning i meir enn tre år, både for mannen og familien hans.
– Det har vore øydeleggande både arbeidsmessig, sosialt og personleg.
Sulland meiner ei frikjenning er det einaste rette.
Han er kritisk til både dommen og medieomtalen som han også meiner har vore belastande.