Kvinner i grønne uniformer står i en bekk omgitt av steiner i en skog. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VINNAR: Claudia Rondan i gruppa som jobbar for miljø og menneskerettar langs Atratoelva. Foto: RAUL ARBOLEDA / AFP,NTB

Årets Rafto-pris går til gruppa «The Collegiate Body of Guardians of the Atrato River», CCGA, i Colombia.

Gruppa får prisen får sitt arbeid for miljøvern og urfolksrettar langs Atratoelva, som er ei av dei viktigaste elvene i landet.

Dei jobbar mellom anna mot ulovleg gruvedrift og annan miljøkriminalitet.

Gruppa har avdekt menneskerettsbrot som har skada både miljøet og liv og helse til folk som bur langs elva, ifølgje stiftinga.

– Trass vanskelege forhold og stor personleg risiko har CCGA stått i frontlinja i kampen mot miljøøydelegging og for menneskerettar, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Prisen er på 20.000 dollar.

Ei gruppe menneske sit og ser på eit podium og ein skjerm. Ei kvinne står på podiumet og talar.
Raftoprisen for 2026 blei delt ut i Bergen med mange tilhøyrarar. Foto: Vidar Eidhammer / NRK

Farleg arbeid

Leiar for priskomiteen i Raftostiftelsen, Elina Troscenko, seier Colombia er eit farleg land å driva slikt arbeid.

– Colombia er eitt av landa i verda der flest menneskerettsforkjemparar blir drepne. Det er også det dødelegaste landet for miljøaktivistar, seier Troscenko.

Leder av priskomiteen, Elina Troscenko, i Raftostiftelsen under utdeling av Raftoprisen 2026.
Elina Troscenko er leiar for priskomiteen i Raftostiftelsen. Foto: Vidar Eidhammer / NRK

Raftostiftelsen håpar tildelinga kan føra til meir merksemd kring menneskerettssituasjonen i Colombia.

Væpna grupper

Atratoelva med sideelver er eitt av områda i verda med størst biologisk mangfald, ifølgje Raftostiftelsen.

Samstundes er området rikt på mineral. Dette har ført til mykje uro, seier Troscenko.

– Naturressursane har tiltrekt seg ulike væpnar grupper og organiserte kriminelle nettverk. Lokalbefolkninga blir utsette for press, vald og trugslar, og også bortføringar, seier ho.

Luftfoto av et område med spor etter gruvedrift i en regnskog ved en elv. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ulovleg gruvedrift og ulike væpna grupper er nokre av problema ved Atratoelva i Colombia. Foto: Ivan Valencia / AP,NTB

Raftostiftelsen peiker på at både FN og internasjonale domstolar har understreka at vern av miljø og natur er grunnleggjande for også å verna menneskerettane.

– Me ser at det berre blir meir etterspurnad etter ulike naturressursar. Så det er viktig å sjå på desse problemstillingane framover, seier Troscenko.

Sjølve utdelinga av prisen skjer på eit arrangement i Bergen i november.