Ødelagt del av en rakett ligger i snøen ved en kystlinje med romhamna i bakgrunnen.
I BITAR: Slik såg raketten «Spectrum 1» ut etter at den trefte bakken etter kring 30 sekund i lufta i 2025. Foto: Trude Furuly / NRK

Andøya og rakettselskapet Isar Aerospace skreiv nyleg historie då dei lukkast med å sende opp ein satellitt frå fastlands-Europa.

Oppskytinga er starten på ei stor norsk satsing der regjeringa vil bruke nær 650 millionar kroner på ei ny romhamn.

Men romeventyret har ei bakside. Berre ein liten del av rakettane endar i verdsrommet. Resten fell ned att.

Sidan dei fyrste bererakettane vart skotne opp på 1950-talet, har havet blitt søppeldungen for nedfall frå rommet.

Ein fersk rapport frå OSPAR-konvensjonen åtvarar no om at fleire nye romhamner kan gje nye, ukjende påkjenningar på havmiljøet fram mot 2030.

– Me har vore bekymra heile tida

Den nye romlova tredde i kraft 1. juli i år. Raudt og SV stilte seg bak MDG sitt forslag om å rette merksemd mot miljø og berekraft under utarbeidinga av lova.

Stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, var i næringskomiteen som sette ned den nye lova i fjor.

Ho åtvarar om at Noreg sitt romeventyr allereie kan kome feil ut frå starten av.

– Me har vore bekymra heile tida for at miljø og berekraft berre blir pynteord i lova. Særleg fordi me snakkar om ei veldig stor satsing i Noreg som er tett kopla til opprusting av Forsvaret, og til europeisk forsvarsevne, seier Bastholm.

Ho meiner dei har vore tydlege på at det ikkje berre skal vere gode intensjonar.

– Det må vere forpliktingar til å minimere skade på natur og gytefelt, som er svært viktig for fiskarane, seier ho.

Une Aina Bastholm smiler til kameraet
Stortingsrepresentant Une Bastholm er MDG sin representant i næringskomiteen. Foto: Johan Moen / NRK

Manglar praktiske reglar

Det står i romlova at romaktivitet skal ta vare på miljøet og vere berekraftig.

Reglane gjeld alle som driv romhamner, skyt opp gjenstandar i verdsrommet. Det er berre militær romaktivitet som kan få unntak frå lova.

Sjølv om norsk romlov krev at aktiviteten skal vere berekraftig, manglar dei praktiske reglane.

Hege Aalstad er seksjonssjef for romfart i Luftfartstilsynet. Ho fortel at det ikkje finst nokre lover for kven som har ansvar for å plukke opp romsøppel som landar i havet.

Ho vedkjenner at miljøet blir påverka av rakettoppskytingar, men opplyser at det finst ein ansvarskonvensjon om det oppstår skade på andre land sitt territorium. Noreg er del av denne konvensjonen.

– Det finst per i dag ikkje noko internasjonalt regelverk om handtering av nedfall frå rakettar i havområda, opplyser Aalstad.

Kvinne blir intervjuet på kaia.
Hege Aalstad er seksjonssjef for romfart i Luftfartstilsynet. Ho fortel at det ikkje finst nokon lover for kven som har ansvar for å plukke opp romsøppel. Foto: Per-Magne Steen / NRK

NRK har forsøkt å få ein kommentar fra Havforskningsintituttet, men har foreløpig ikkje lykkast med det.

Har vurdert Andøya Spaceport

Nyleg markerte klima- og miljøminister Sigrun Aasland at Andøyfjorden har blitt eit nasjonalt verneområde.

Men under den nye verneforskrifta for Andøyfjorden er det fleire unntak som gir mellom anna løyve til nedfall frå oppskytingar frå rakettbasen i Oksebåsen som ligg nord for romhamna på Nordmela. Romhamna på Nordmela ligg utanfor verneområdet.

Den nye romlova skal sikre at romkappløpet ikkje skadar miljøet unødig. Luftfartstilsynet har vurdert Andøya Spaceport grundig, fortel Aalstad.

Rune Stave i Isar Aerospace viser vrakrester fra raketten Spectrum, som er plukket opp utenfor oppskytingsrampen på Andøya Spacesenter.
Bitar frå raketten «Spectrum 1» ut etter at den trefte bakken i mars 2025. Foto: Trude Furuly / NRK

Kva konkrete tiltak som skal innførast, er ikkje klårt.

– Det er for tidleg å seie noko konkret om kva miljøkrav som vil bli innført, og kva som vil vere tidsramma. Det er ein klår ambisjon om at norske romaktivitetar skal ta vare på miljøomsyn på best mogleg måte, både miljøet her på jorda og rommiljøet, seier Aalstad.

Kvinne med briller og olivengrønn jakke står på et flatt tak med fjell i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Eva-Mari Rahkola er fiskeri- og myndigheitskontakt i Andøya Space Foto: Privat

Blir dumpa i havet

Eva-Mari Rahkola er fiskeri- og myndigheits-kontakt i Andøya Space, selskapet som driv oppskytingsrampen for bererakettar på Andøya.

Ho vil ikkje kommentere konkrete oppskytingar frå Andøya av omsyn til sine kundar.

På generelt grunnlag opplyser ho at fyrste trinnet i bererakettar som blir skotne opp frå Andøya ramlar rett ned i havet innanfor norsk økonomisk sone når den er oppbrukt.

Ho opplyser at det å plukke opp rakettdelar frå havet er ein kompleks og stor operasjon som ikkje kan gjerast i oppskytingssona på grunn av tryggleiksomsyn.

– Der vil dei utgjere minimal miljøskade, opplyser Rahkola.

– Høgt prioritert

Ho forklarer at andre trinnet av slike bererakettar anten brenn heilt eller delvis opp på vegen tilbake til jorda. Men også at det er enkelte delar som ikkje brenn opp.

– Begge stadia er då tomme for alt drivstoff og anna farleg stoff og er konstruert slik at dei skal søkke, forsikrar Rahkola om.

Ho opplyser at havet er ein godt eigna plass for nedfall av rakettdelar sidan det ikkje er menneske der.

– Andøya Spaceport AS er i løpande kontakt med Miljødirektoratet, og vår aktivitet er ikkje per tid å sjå som forureining ifølgje lovverket. Utsleppsløyve er derfor ikkje naudsynt på noverande tidspunkt, opplyser Rahkola.

Mann i brun genser med hvit skjorte og grå slips.
Statssekretær Vegard Grøslie Wennesland i Nærings- og fiskeridepartementet, seier dei prioriterer arbeidet med lokalsamfunnet og fiskarane høgt. Foto: Håkon Lie / NRK

NRK har stilt fleire spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet kring kva dei vil gjere med problematikken.

– Arbeidarpartiet har prioritert, og prioriterer arbeidet med lokalsamfunnet og især fiskarane høgt. Omsynet til både natur og omgivnad er ei viktig del av arbeidet med romeventyret på Andøya og i Nord-Norge, svarer statssekretær Vegard Grøslie Wennesland.