Avdøde hentet ut etter eksplosjon på Foldnes i Øygarden
Foto: Oskar Rennedal / NRK

Det brann i eit bustadbygg på Foldnes i Øygarden kommune etter ein eksplosjon førre veke.

Politiet fekk melding om eksplosjonen klokka 13.30 tysdag. Helsevesenet var på staden i samband med eit helseoppdrag då eksplosjonen skjedde. Dei vart ifølge politiet ikkje utsette for truslar.

Ein person vart funnen død, og to blei skadd.

– Politiet har i dag fått ein førebels obduksjonsrapport. Utifrå opplysingane i den, kan det tyde på at avdøde var død før eksplosjonen, seier politiadvokat Cathrine Schjelderup til NRK.

Ho har tidlegare opplyst at det er beslaglagt ein propanbehaldar.

Det var Vestnytt som melde dette først.

Eksplosjon i Foldnes i Øygarden kommune.
To personar vart skadd og ein person omkom etter ein eksplosjon i eit bustadhus i Øygarden førre veke. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Den tilsette er hardt skadd

Den eine personen som vart skadd, ein ambulansearbeidar, er hardt skadd, skriv Bergens Tidende.

– Den tilsette som var involvert i hendinga blei hardt skadd. Ligg framleis på sjukehus, men er stabil. Treng ro og ønsker ikkje kontakt med media.

Det opplyser kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen i ein SMS til NRK.

Politiet mistenker at propangass utløyste eksplosjonen.

Dei etterforskar saka.