Et helikopter slipper vann over en boligbrann i et skogsområde omgitt av røyk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STORBRANN: Den nye rapporten slår fast at Noreg ikkje er førebudd nok til å handtere større hendingar. Her er eit bilde frå storbrannen i Krokstadelva, som starta 17. juli i år. Foto: Alexander Jansen / Drammen Live24 AS
En kvinne med langt hår (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Fungerande avdelingsdirektør i brann-og redningsavdelinga Ann Kristin Rognmo Olsen i DSB meiner det er viktig å få på plass eit system i fredstid. Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har sett på korleis brannvesenet er rusta til ulike hendingar i fred, krig og krise.

– Vi er ikkje skrudd saman godt nok per i dag for å handtere store hendingar.

Det seier fungerande avdelingsdirektør i brann-og redningsavdelinga Ann Kristin Rognmo Olsen i DSB.

I den ferske rapporten konkluderer direktoratet med at det norske brannvesenet har store svakheiter.

Der står det at «det finst eit tydeleg gap mellom nødvendig og faktisk kapasitet i fred, krise og krig».

Over 100 boliger brant ned, og mer enn 400 personer ble evakuert etter storbrannen i Krokstadelva i Drammen kommune.
Storbrannen i Krokstadelva blir rekna som den største brannen av sitt slag i moderne tid Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Direktoratet foreslår no 19 konkrete tiltak, fordelt på fire hovudområde.

– Manglar det som trengst i krise

Eit av dei anbefalte tiltaka er å opprette større brannregionar på tvers av kommunane.

I dag er den norske brann- og redningstenesta delt inn i 193 lokale brann- og redningsvesen med like mange brannsjefar som bestemmer.

Branndistrikt
Illustrasjonen viser alle branndistrikta i Noreg Foto: DSB

Til samanlikning finst det i dag tolv politidistrikt med kvar sin politimeister.

No håper DSB at justisministeren høyrer på anbefalingane deira om å lage ein struktur med brannregionar som kan koordinere ressursane i dei lokale branntenestene.

– Viss det ikkje blir gjort noko, manglar vi den styringa og leiinga vi treng når dei store krisene kjem, seier Rognmo Olsen.

Silhuett av traktor og to personar i lyset frå ein av mange brannar i Lærdal i 2014
Før brannen i Krokstadelva var Lærdalsbrannen i 2014 den største bygningsbrannen i nyare tid. Foto: Øystein Venås Sørensen

Meiner det tar for lang tid

Dette etterlyser også Norsk Brannfaglig Landsforbund (NBLF). Dei vil ha formalisert styring i regionar.

– Det å vente på frivillig samarbeid mellom kommunane tar altfor lang tid, seier nestleiar Ove Stokkeland.

Mann med briller og hvit skjorte med NBLF-logo står inne i en brannstasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Nestleiar Ove Stokkeland i Norsk brannfaglig Landsforbund ønsker ein struktur som gjer at sløkkingsarbeidet tar kortare tid. Foto: William Jobling / NRK

Landsforbundet vil at brannregionane skal lage felles planar for korleis arbeidet under store hendingar skal gå føre seg.

Han teiknar eit døme der 110-sentralen fordeler brannfolk, oppgåver og utstyr ved akutte hendingar og at eit direktorat skal styre regionane på eit nasjonalt nivå.

Nestleiaren meiner Noreg er dårlegare skodd enn andre land.

– Nabolanda våre planlegg for de umoglege hendingane. Det må vi også gjere.

Han nemner til dømes at andre land har spesialistar på å sløkke skogbrannar, søk og redningsmannskapar for samanraste bygningar, og spesialistar på arbeid knytt til flaum.

Det første helikopteret som kom til Krokstadelva viser korleis dei slokkar brannar frå lufta.Willliam Jobling / NRK
Det første helikopteret som kom til Krokstadelva viser korleis dei slokkar brannar frå lufta.Willliam Jobling / NRK

– Er vi førebudd i dag til å takle store katastrofar?

– Aleine er vi ikkje det. Hadde det blitt større enn det vi såg i Drammen, ville det nok vore naturleg å be om bistand frå andre land.

Justisdepartementet vurderer endring

I fjor sa Justis- og beredskapsdepartementet (JD) til NBLF at regional inndeling av det norske brannvesenet ikkje var aktuelt.

Men etter at dei nye anbefalingane frå DSB kom, som justisdepartementet har bestilt, er saka ei anna.

Kvinne sitter i et helikopter med hodesett og solbriller. Bakgrunnen viser et uteområde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Her får justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) bli med opp i brannhelikopteret. Foto: William Jobling / NRK

– Vi har fått anbefaling frå DSB om tydelegare, regionale strukturar, og det vurderer vi no og skal ta ei avgjerd i departementet, seier justisminister Astri Aas-Hansen (Ap).

– Kjenner du deg trygg på at vi er rusta godt nok til utfordringar i framtida?

– Vi kan aldri garantere oss mot brann og store hendingar, men eg veit at vi har eit godt brann- og redningsvesen i Noreg. Ressursane finn kvarandre, sånn som vi såg i Krokstadelva.