En person står med armene krysset foran seg, mens de ser utover havet. Solnedgangen farger himmelen i gule og oransje nyanser. Bakgrunnen viser en kystlinje og bygninger. Bildet gir inntrykk av et rolig øyeblikk ved sjøen.
DØDSULUKKE: Saka etter at 18 år gamle Rashid Mustafa omkom er bortlagd av politiet. Foto: privat

Den 25. november i fjor, omkom ein syklist i samanstøyt med ein lastebil på eit fotgjengarfelt på Nardo i Trondheim.

Det var 18 år gamle Rashid Mustafa som mista livet.

Flere biler kjører forbi en minnehjørne langs veien. I forgrunnen ligger blomster og tente lys på en snødekket kant. Omgivelsene er en boliggate med svakt lys i løpet av skumringen. Det er ingen personer synlige i bildet.
Mange kom med lys og blomar etter den tragiske ulukka. Foto: Matilde Mørk / NRK

Lastebilsjåføren var sikta i saka, men no har saka blitt lagd bort.

– Det er på bakgrunn av at ein ikkje har funnet grunnlag for at han har gjort ein alvorleg feil i situasjonen. Det er ikkje noko bevismessig dekning for det.

Det seier Kolbjørn Lium til NRK. Han var forsvarar til lastebilsjåføren, ein mannen i 70-åra.

Adresseavisen omtalte at saka har blitt lagd bort først.

Rashid (18) døde på sykkeltur. Broren Adbin står igjen alene.

Omkom på sin aller første sykkeltur i Noreg

Mustafa var asylsøkar frå Syria og hadde fått seg sykkel kort tid før den tragiske ulukka.

– Dette var den første sykkelen hans og det var første gong han drog ut for å prøve sykkelen.

Det sa Jehad Yasen Alkelani, leiar i organisasjonen «Syriske Samfunnet i Norge», dagen etter ulukka.

En mann står ved kanten av veien, med hendene i ansiktet. Foran ham er det plassert flere lys på snøen. Området er preget av vinter med snø på bakken og en asfaltvei bak mannen. Det finnes også et trafikkskilt og et gjerde i bakgrunnen.
Leiaren i Syriske Samfunnet i Norge blei rørt av at folk kom for å tenne lys i fotgjengarfeltet der ulukka skjedde. Foto: Qader Faraji / NRK

– Både vitne på staden og helsevesenet sette i verk livreddande førstehjelp med ein gong, men livet sto dessverre ikkje til å redde.

Det opplyste operasjonsleiar Christopher James White i politiet same kveld.

18-åringen hadde også ein bror i Noreg.

– Dette er veldig vondt for ham og familiens hans i Syria, sa Alkelani.

– Ei tragisk ulukke

Lastebilsjåføren var under etterforsking for brot på vegtrafikkloven paragraf 3.

Men saka er no lagd bort som inkje straffbart forhold bevist.

– Politiet meiner at dette dreier seg om ei tragisk ulukke. Etterforskinga har vist at føraren ikkje oppdaga syklisten før samanstøyten fann stad.

Det seier politiadvokat Ane Sørebø i Trøndelag politidistrikt, til Adresseavisen.

Politiet meiner med andre ord at føraren ikkje kan klandrast for ulukka.

To brannmenn i refleksjakker står ved en fotgjengerovergang. En brannbil er parkert foran dem. Bakgrunnen viser hus og snødekte veier. Det er overskyet vær.
Ulukka skjedde ved eit fotgjengarfelt på Nardo i Trondheim. Foto: Qader Faraji / NRK

– Det er ei sak som har prega han veldig mykje, seier Lium.

Forsvararen fortel at lastebilsjåføren samstundes har vore trygg på at han ikkje kunne ha gjort noko annleis.

– Sjølv om du er tygg på at du ikkje kunne ha gjort noko annleis, så er det belastande å ha ein straffesak hengande over seg. Og spesielt i ei sak der det er eit så tragisk utfall.