Lege og skribent
SYMBOL: Lege og skribent Kaveh Rashidi seier dødsbodskapen er eit tap av eit symbol som har gjort kvardagen litt tryggare. Foto: Helga Tunheim / NRK

«Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting».

Lege og skribent Kaveh Rashidi tenker tilbake på eit sitat i talen kong Harald heldt på seinsommarfesten i kongeparets hage i 2016.

Éin av kong Harald Vs mest minnerike talar blei haldne i slottshagen i 2016. Foto: Lise Åserud / NTB,NTB

Dette gjorde inntrykk på Rashidi, som trur kong Harald har betydd noko spesielt for mange av dei som ikkje har røter langt tilbake i Noreg.

– Det å føle seg heilt norsk, kan vere litt vanskeleg nokre gonger, for mange av oss med innvandrarbakgrunn. Det er mange krefter i samfunnet som fortel oss at du ikkje er heilt som alle andre.

– Har gjort kvardagen litt tryggare

– Men kongen var motsetninga. Han var raus, inkluderande, og han viste oss gjennom både handlingar og talar at vi er like norske som alle andre, og at det å vere norsk rommar mykje. At vi også kan vere like stolte av å vere ein del av dette landet, seier Rashidi.

– Kjenner du at han har betydd noko for deg personleg?

– Eg trudde ikkje at eg skulle kjenne så sterkt når kongen gjekk bort, eller at han hadde betydd så mykje for meg, inntil det skjedde. Og nå kjenner eg på at det er skummelt å leve i eit Noreg utan den kongen vi har kjent.

– Eg trur den nye kongen kjem til å gjere ein like god figur. Samstundes er det eit tap av eit symbol som har gjort kvardagen litt tryggare.

– Eit permanent pusterom

Etter at dødsbodskapen kom fredag morgon, tenkte journalist og forfattar Yohan Shanmugaratnam tilbake på korleis det var å vekse opp som minoritet i Noreg på 80-talet og kva kongen har betydd for han.

Journalist og forfatter
Journalist og forfattar Yohan Shanmugaratnam minnest  den inkluderande betydninga til kongen for minoriter. Foto: Helga Tunheim / NRK

– Som minoritetsbarn veks ein opp med å registrere korleis folk heile tida omtalar minoritetar. Ikkje berre deg, men familien din, gruppa di, religionen din og etnisiteten din. Særleg folk i leiarposisjonar brukar ord som små barn helst burde sleppe å høyre. Men kong Harald har vore eit slags permanent pusterom.

– Han har vore der og fortalt om toleranse og verdien av det, uavhengig av svingingane i det politiske ordskiftet. Det har nok vore veldig tryggande og frigjerande for mange, inkludert meg sjølv, seier Shanmugaratnam.

– Mange snakkar om toleranse. Kvifor er det så viktig at kongen har snakka om toleranse? – Det er symboleffekten. Når det kjem frå øvste hald, så er det noko alle forheld seg til på ein eller annan måte.

Forfatter og journalist i Klassekampen
Kong Harald V har hatt ei sterk rolle for å inkludere minoritetar sidan 80-talet, slik Yohan Shanmugaratnam opplevde han. Foto: Helga Tunheim / NRK

– Minoritetanes majestet

Shanmugaratnam tenker tilbake på det som blir rekna som eit av dei mest sentrale og samlande bodskapa frå kongen i denne nasjonale krisetida etter 22. juli 2011. Sitatet kom i talen kong Harald V heldt under minnemarkeringa i Oslo Domkyrkje to dagar etter terroråtaka på Utøya og i Regjeringskvartalet:

«Tragedien har mint oss om det grunnleggjande som bind oss alle saman, i vårt fleirkulturelle og mangfaldige samfunn. La oss ta vare på denne erkjenninga, og la oss ta vare på kvarandre.»

OSLO 20110821. Hans Majestet Kong Harald holder tale under minneseremonien etter terrorhandlingene 22. juli. Anders Behring Breivik skjøt og drepte 69 personer på AUF sommerleir på utøya og 8 personer ble drept i bombeattentatet i regjeringskvartaletFoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix --
Kong Harald V blei sjølv rørt da han heldt tale for å minnast offera etter terrorangrepet i 2011 for ein sorgtung nasjon. Foto: NTB scanpix

– Eg trur særleg det bodskapet der, i ein sånn situasjon som landet var i, og alt det han har sagt i andre talar om toleranse og likeverd, gjer at han på mange måtar også var minoritetanes majestet.

– Kva betyr det at han er borte for oss nå?

– Eg trur han etterlet seg eit Noreg, som han har vore med på å forandre. Han har vore med på å gjere oss meir robuste. Og den arven trur eg er ganske stødig og trygg nå.

Forfatter og journalist i Klassekampen
Foto: Helga Tunheim / NRK