Daghild Breivik står ved siden av et bilde av sin avdøde mann
Daghild Breivik seier det betydde alt at mannen fekk god oppfølging då han låg for døden ved Blindheim omsorgssenter. No åtvarar ho mot å kutte i tilbodet. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Mannen til Daghild Breivik døydde i fjor av alvorleg lungesjukdom. Dei siste fem månadene av livet, fekk han behandling ved den lindrande eininga ved Blindheim omsorgssenter.

– Dei tok imot oss med opne armar. Du kjende varmen og tryggleiken med ein gong. Og tryggleik er meir enn medisin når du er alvorleg sjuk, seier Breivik.

Ho kan ikkje få fullrost kompetansen og måten han blei ivareteken på.

– Det betydde alt. For dei såg oss, og dei såg meg. Dei såg kva Bjarne trong. Vi kjende oss så trygge på at han hadde det så godt som mogleg dei siste dagane.

Daghild Breivik ser på bildet av hennes avdøde ektemann.
Kvar kveld ser ho på bildet av mannen og fortel kva som har skjedd den dagen. – Men han svarer ikkje, seier ho. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Åtvarar mot å svekke tilbodet

Framleis stikk ho innom for å helse på personalet. Ho er oppgitt og sint over at Ålesund kommune vurderer å endre tilbodet.

– Dei forstår ikkje kva dei snakkar om. Å byrje å smuldre opp den kompetansen som sjukepleiarane og legane har ... Nei, den er gull verd.

Dei tilsette er ekspertar på palliasjon, altså å ta vare på alvorleg sjuke og døyande. Det er slike tilbod ved alle sjukeheimane i Ålesund og i heimetenesta, men dei aller sjukaste som treng mest hjelp får komme til spesialavdelinga på Blindheim.

– Dette er et unikt tilbod som er bygd opp over lang tid, seier Nina Helle, plasstillitsvald i Norsk Sykepleierforbund.

Men no kan det bli endringar, for kommunen vurderer å endre tilbodet til dei døyande.

– Eit paradoks

Ei arbeidsgruppe skal finne ut kor mange slike spesialplassar det skal vere, kvar dei skal vere, og om det skal opprettast team som skal reise heim til dei døyande. Sunnmørsposten omtalte saka først.

Eit av forslaget frå kommunalsjefen er å redusere talet på spesialplassar frå åtte til fem. Tilbodet vil da framleis ligge over gjennomsnittet for større kommunar i Noreg, ifølge kommunen.

Helle synest det er eit paradoks at når kommunen er blant dei beste i landet, så ønsker leiinga å ha færre plassar. Ho trur at kutt og flytting vil føre til at folk finn seg andre jobbar.

–Dette er et tilbod som absolutt trengst. Å risikerer at denne kompetansen forsvinn, vil vere et kjempetap for kommunen.

Men ifølge kommunalsjefen handlar dette ikkje om å redusere tilbodet, men å finne andre måtar å jobbe på.

Redd kommunen undervurderer kompetansen

Hans Jakob Hunnes, som er konstituert overlege ved Ålesund sjukehus, har engasjert seg i saka. Han jobbar i palliativt team ved Ålesund sjukehus.

– Det eg er redd for, er at ei omstilling som fører til tap av kompetanse, kan gi eit dårlegare tilbod til denne pasientgruppa.

Hans Jakob Hunnes står foran en seng på sykehuset. Han har på legeuniform og ser alvorlig ut
Hans Jakob Hunnes seier at korleis vi tek vare på dei alvorleg sjuke og døyande pasientane med størst liding, seier noko om kva slags samfunn vi er. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Han spør seg om kommunen skjønner kor godt tilbodet på Blindheim er i dag.

– Du må sjå heile mennesket. Det krev spisskompetanse. Eg er redd ein undervurderer kor spesialisert og god denne kompetansen er, seier Hunnes som uttaler seg som fagperson, og ikkje på vegner av Helse Møre og Romsdal.

Blindheim omsorgssenter
Ifølgje Hans Jakob Hunnes blir Blindheim omsorgssenter sett på som eit føredøme – eit tilbod andre stader i landet ønsker å lære av. Foto: Remi Sagen / NRK

Vil styrke ambulante tenester

Befolkninga i norske kommunar er i endring: Vi blir fleire, eldre og sjukare, og fleire lever lenger med alvorleg sjukdom.

Kommunalsjefen Synnøve Vasstrand Synnes vil ikkje bli intervjua, men skriv til NRK at det er behov for å lage ein heilskapleg plan for det palliative tilbodet i kommunen, som inkluderer heile pasientforløpet og alle aktørar.

Mellom anna skriv ho at det er behov for å styrkje dei ambulante tenestene, og at ein bør vurdere å samle desse med dei spesialplassane.

en kvinne som står foran et vindu
Synnøve Vasstrand Synnes peikar på at kommunen sin strategi er å satse meir på ambulante tenester og bruke meir ressursar der. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ifølge Vasstrand Synnes er det ikkje målet å spare pengar, men kommunen skal levere gode og likeverdige tenester til alle.

Det blir førebudd ei sak til politisk behandling i juni.

Kjenner igjen debatten

Leiaren i Norsk foreining for palliativ medisin, Ingeborg Skulberg, seier diskusjonen i Ålesund ikkje er unik. Ho fortel at fleire kommunar vurderer å kutte eller endre tilbodet, særleg i periodar der kommunane må spare pengar.

Ho meiner at ambulante team kan vere eit godt supplement, men ikkje kan erstatte alle spesialplassane rundt om i landet.

– For veldig mange er det et godt og trygt tilbod. Men nokre sjukdomsforløp er så kompliserte og krevjande at det blir svært vanskeleg å handtere det heime eller på vanlege sjukeheimsplassar.

Skulberg peikar særleg på yngre pasientar med barn som pårørande der god oppfølging kan vere viktig for å førebygge kompliserte sorgprosessar.

Ingeborg Skulberg
Ingeborg Skulberg er overlege ved palliativ avdeling ved Akershus Universitetssykehus. Foto: Den norske legeforening

Leiaren rår også Ålesund kommune til å lytte til dei tilsette i den vidare prosessen.

– Dei har oversikt over kva arbeidet faktisk inneber og kva behov desse pasientane har.

Håper politikarane vil seie nei

Daghild Breivik håper politikarane vil seie nei til å gjere endringar for spesialavdelinga på Blindheim.

– Den må finnast. Vi blir eldre, vi blir sjukare, og vi treng ei slik avdeling i aller høgaste grad. Ålesund kommune må forstå at dei må ta vare på det som er bygd opp, og som er så bra.