– Det er desperasjon. Argentina speler slik, vi veit at det er det dei gjer. Men det einaste ein ønskjer er god sportsånd, og det var trist å sjå Lionel Messi gjere det der, sa Wayne Rooney hos BBC.
Han er ein av mange som reagerte på oppførselen til Lionel Messi på overtid i den andre omgangen, like etter at Enzo Fernández hadde blitt utvist for Argentina.
Medan Fernández protesterte på utvisinga, hamna Messi i ein ordveksling med Spanias Marc Cucurella. TV-bileta viste at den spanske forsvararen tok tre fingrar opp mot munnen medan han prata, før Messi gjekk til dommaren og såg ut til å peike på situasjonen.
Kort tid etter kom fleire argentinske lagkameratar til og gjorde det same.
Før årets VM blei det innført ein ny regel, som sa at spelarane ville få raudt kort om de dekket til munnen under ein konfronterande samtale med ein motspelar. Under VM har både Paraguays Miguel Almirón og Ecuadors Piero Hincapié blitt utvist som følge av det.
– Han dekkjer jo ikkje munnen. Han er oppe med fingertuppane. Det der er ingenting, sa Aleksander Schau i NRKs studio.
– Det såg ut som han gav Messi eit slengkyss, la NRKs fotballekspert John Carew til.
– Rett og slett småleg
Messi møter òg lite forståing frå NRK sine ekspertar som var til stades på søndagens finale.
– Det er jo ein del av det biletet som blir flaut å vakne til i morgon, at det var det du måtte prøve å ty til, å tyste på Cucurella, seier Kristoffer Løkberg.
– Eg synest det blir småleg. Argentina speler langt over lista, og å då prøve å gå etter motstandarane på den måten, det synest eg er småleg. Rett og slett småleg, seier ekspertkollega Andrine Stolsmo Hegerberg i «Bakrommet».
Carl-Erik Torp som var NRKs ekspertkommentator under kampen, las situasjonen slik:
– Eg tenkjer at det er ein desperat Messi som skjønnar at dette er ein kamp dei tapar, og at dei eigentleg ikkje er i nærleiken av å ha møtt opp til. Dei hadde ikkje så mykje krefter igjen, og dei var rett og slett underlegne heile kampen.
– Kva tenkjer du om at Messi er så desperat?
– Eg tenkjer at det er menneskeleg. Eg tenkjer ikkje at det er noko dårleg av Messi, nødvendigvis. Ein er desperat, og det var ein desperat Messi, var det eg kjente på – og det forstår eg godt. Han var ikkje så høg i hatten der, og det var litt vemodig på fleire måtar.
Mållause og sjanselause
Messi og Argentina hadde generelt ein svak kamp. Då dommaren bles for ekstraomgangar etter 90 minutt, stod Argentina utan ei einaste avslutning og med berre to berøringar i Spanias 16-meter.
Først i det 117. minuttet kom den første argentinske avslutninga i kampen
– Det er heilt vanvitig. Dei var ikkje i nærleiken, dessverre. Det vart ein jamn fotballkamp fordi Spania ikkje klarte å score og avgjere kampen. Så lenge det berre sto 0–0 og 1–0 til Spania så var det jo kamp. Men det kjendest likevel ikkje ut som det. Det var helt oppsiktsvekkjande, sa Torp.
Allereie ved pause kom den knallharde dommen frå NRK-eksperten.
– Argentina har ingen skot totalt, ingen på mål sjølvsagt. Ingen cornerar, ingen berøringar i motstandaren sin boks. Det er offensivt syltynt frå Argentina.
Også BBC-profil Alan Shearer var nådelaus i analysen sin.
– La oss vere ærlege. Basert på denne kampen aleine fortener ikkje Argentina det med tanke på korleis dei har spelt. Det er berre eitt lag som har prøvd å vinne.
Tårer etter finaletapet
Etter at Spania hadde sikra VM-gullet, vart Messi sitjande tydeleg prega ute på bana.
39-åringen måtte tørke tårer medan han såg opp mot dei argentinske supporterane på tribunen.
Også landslagssjef Lionel Scaloni hadde problem med å halde kjenslene tilbake då han møtte pressa etter kampen.
Der fekk han spørsmål både om si eiga framtid og om Messi si rolle på landslaget vidare.
– Eg har ikkje snakka med Messi om det, sa Scaloni då han vart spurd om dette kunne vere den siste VM-kampen til superstjerna.
Den argentinske trenaren opna samtidig for at også hans eiga framtid er uviss. Kontrakten går ut i desember.
– Eg skal snakke med presidenten. Eg har ein idé om kva eg ønskjer å gjere. Vi må snakke dette gjennom, sa Scaloni.
Vidare understreka han kor mykje åra som Argentina-sjef har betydd for han. På eit tidspunkt byrja stemma å breste då han forsøkte å svare vidare.
– Ha litt tolmod med meg, eg veit ikkje om eg klarer å fortsetje, sa Scaloni medan tårene rann.
Kort tid etter reiste han seg frå stolen.
– Det er veldig smertefullt. Eg er veldig lei meg, sa han før han forlét rommet.