Innslaget blei vist under årets andre semifinale torsdag kveld, og handla om forholdet mellom Eurovision og skeive fans.
Fleire har reagert på humoren og måten temaet blei presentert på.
– Representasjon er alltid viktig, men eg trur ikkje dei har avtalt det med dei andre landa. Det er kanskje sånn ein snakkar i Austerrike, men det verkar veldig tonedøvt, seier Ek.
Han er Aftonbladet sin Eurovision-ekspert. Han understrekar samtidig at han ikkje blei opprørt av innslaget.
– Det er ikkje sånn at eg blir opprørt, men det kjennest veldig tonedøvt, seier Ek.
– Gamaldags
– Kvifor er det berre skeive i Eurovision no? Har dei tatt over?
Det spør ein mann i ein forelesingssal om i pauseinnslaget.
Ho som skal vere «læraren» begynner på ein leksjon.
– Min første tanke er at det verkar gamaldags. Seksuell legning er ikkje nokon markør å snakke om lenger. Det kjennest gamalt.
Det seier Charlo Halvorsen. Han er redaktør for Underhaldning og fiksjon i NRK.
– Det er berre teit. Litt unødvendig, kanskje. Og så er det ikkje noko å bry seg om heller, seier Halvorsen.
Innslaget var spelt inn på førehand, og blei vist samtidig som scenen blei rydda.
Du kan sjå semifinalen direkte i NRK TV-appen.
EBU har ikkje svart på NRK sin førespurnad om kommentar.