Collage av fleire personar. Vaksen mann, to unge menn og ei vaksen dame.
REAGERER: – Det handlar om prioriteringane deira. Grafikk: Tor Arne Vikingstad/Håkon Kummermo / NRK

– Viss regjeringa skal representere det norske folk, så må jo representantane også representere folket, seier Einar Halleraker som NRK møter i Stavanger.

Slottsplassen
Det er to nye statsrådar frå Oslo i den nye regjeringa. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

– Regjeringa bør absolutt løfte blikket frå arket og sjå menneske. Men viss dei berre held seg i Oslo, så klarar dei ikkje det, held han fram.

Ein ny regjeringskabal med markant Oslo-overvekt skaper reaksjonar.

Med dagens endringar i regjeringssamansetninga går Jon-Ivar Nygård (Østfold), Andreas Bjelland-Eriksen (Rogaland), Karianne Oldernes Tung (Trøndelag) ut av regjeringa.

Tung, Nygård og Bjelland Eriksen går ut av regjeringen.
UT: Andreas Bjelland-Eriksen (Rogaland), Karianne Oldernes Tung (Trøndelag) går ut av regjering. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK, Frode Fjerdingstad / NRK, Aleksandr Nedbaev / NRK

Inn kjem Eileen Fugelsnes (Oslo), Kamzy Gunaratnam (Oslo) og Torgeir Micaelsen (Buskerud).

Bildekollasje med 
Eileen Fugelsnes, Torgeir Micaelsen og Kamzy Gunaratnam
INN: Eileen Fugelsnes (Oslo), Torgeir Micaelsen (Buskerud) og Kamzy Gunaratnam (Oslo). Foto: Ismail Burak Akkan/NRK, William Jobling/NRK

Det betyr at det nå er seks regjeringsmedlemmar frå hovudstaden, som betyr at 30 prosent av regjeringa nå er henta frå Oslo.

Til samanlikning har Oslo 20 av 169 representantar på Stortinget, noko som utgjer 11,8 prosent.

– Handlar om prioriteringar

Fleire NRK møter på gata i Rogaland reagerer på den nye regjeringssamansetninga.

Tone Langvik seier ho blei oppgitt når ho såg endringane.

Tone Langvik
Tone Langvik seier ho blei oppgitt då ho såg endringar. Foto: Håkon Kummermo / NRK

– Det handlar om prioriteringane deira. Viss det er så mange frå Austlandet, så blir Austlandet også prioritert, seier Langvik og peiker særleg på samferdselsprosjekt på Vestlandet.

Håkon Johnsstuen seier at regjeringa burde spegle landet geografisk.

– Avhengig av kor ein er i landet, så har ein gjerne eigne interesser for sin region, seier Johnsstuen.

Håkon Johnstuen
Johnsstuen meiner regjeringa burde spegle landet. Foto: Håkon Kummermo / NRK

Vincent Lien, meiner Rogaland står svakare med mindre representasjon.

– Eg er overtydd om at oljeindustrien og det grøne skiftet er tent med å ha Rogaland representert. Det same gjeld samferdsel, kraftpolitikk og eksempelvis utbygging av datasenter, held han fram.

Vincent Lien
Vincent Lien, meiner regionen står svakare med mindre representasjon. Foto: Tor Arne Vikingstad / NRK

Fryktar at Vestlandet blir gløymt

Fleire stader på Vestlandet reagerer ein no på endringane.

Møre og Romsdal får ingen representantar i den nye regjeringa. Det er skuffande for fylkesleiar Hanne-Berit Brekken (Ap).

Ho meiner det er ein tankevekkar at Karianne Tung, som er frå Trøndelag, går ut og ikkje blir erstatta av nokon nord for Oslo.

Fylkesleder i Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal. Ordfører i Aure.
Fylkesleiar Hanne-Berit Brekken (Ap) i Møre og Romsdal. Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Ein bør då ha ein brei representasjon frå hele landet, og det er ei frykt for at det blir for mange frå det sentrale Oslo-området, seier ho.

Samtidig understrekar Brekken at Møre og Romsdal er representert med tre statssekretærar, som ho meiner er veldig positivt.

– Vi har vore i periodar vi ikkje har hatt nokon, seier ho.

Dagleg leiar Mathias Fischer i Initiativ Vest uttrykker også stor bekymring over at Vestlandet mistar innflytelse når Andreas Bjelland Eriksen frå Rogaland går ut av regjeringa.

Mathias Fischer, daglig leder Initiativ Vest
Dagleg leiar Mathias Fischer i Initiativ Vest. Foto: Linnea Skare Oskarsen

– Dei som kjem inn er frå Oslo, Oslo og Drammen. Det er meir Oslo-dominans i regjeringa nå. Dei mistar perspektiv frå heile landet, seier Fischer.

Han meiner det er samferdselspolitikken som vil lide mest under den nye samansetninga.

– Kamzy Gunaratnamhar har sagt at hennar viktigaste prioriteringar er kollektiv i byane og jernbane på Austlandet. Det blir spennande når ho legg fram den nasjonale transportplanen, seier han.

Skepsis til ny samferdselsminister

Frykta for samferdselssektoren blir delt av Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeininga i Stavanger.

Han er skuffa over at Oslo-politikar Kamzy Gunaratnam blir ny samferdselsminister.

Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Harald Minge, er administrerande direktør i Næringsforeininga i Stavanger. Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Han peiker på at Gunaratnam tidlegare har omtalt den nye Rikstunnelen i Oslo, med ein stipulert kostnad på 66,7 milliardar kroner, som det viktigaste samferdselsprosjektet i landet.

– Ein statsråd er statsråd for heile landet, same kor vedkommande kjem frå. Men er det éin statsrådspost som vi veit blir farga av geografisk tilhøyrsel, så er det samferdselsministeren, seier Minge.

Den nyinnvigde samferdselsministeren seier derimot at ho vil jobbe for heile landet.

– Eg skal jobbe for heile Noreg og ta opp alle viktige saker som er viktige i det langstrekte landet vårt. Men samtidig er vi alle frå ein stad, eg er Oslo- og Hammerfest-jente. Det kjem til å prege mitt syn på verda. Men sjølv om hjartet er forankra her, er hjernen klar for å jobbe for heile Noreg.

Slottsplassen
Kamzy Gunaratnam seier ho er klar for å jobbe for heile Noreg. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK