Kathy Lie (SV) i Stortingets spørretime
«LANGT OVER STREKEN»: Kathy Lie i SV er ein av dei mange helsepolitikarane på Stortinget som kritiserer både omfanget av utgifter til direktørpendling og forskjellane i praksis mellom helseføretaka. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Her har vi direktørar med skyhøge lønningar, og så får dei desse rause tilleggsgodtgjeringane. Det meiner eg er uspiseleg. Og når nokon også får dekt eigen bil, har det gått langt over streken.

Det meiner Kathy Lie, Sosialistisk Venstreparti sin helsepolitiske talsperson på Stortinget, etter NRK sin avsløring onsdag.

26 sjukehusdirektørar fekk dekka over 4,3 millionar kroner til pendling i fjor.

Lie får følge av helsepolitikar Kristian August Eilertsen i Framstegspartiet.

– Det ser ut til å vere ein galopp i utgiftene til pendling og andre frynsegode. Avstanden har blitt for stor mellom vilkåra til dei som jobbar i førstelinja i direktørsjiktet, meiner han.

Kristian August Eilertsen FrP under Stortingets spørretime
Foto: Thomas Fure / NTB

Ein av ti pendlar

NRK har kartlagt utgiftene landets 37 helseføretak har til direktørpendling.

Det er flest pendlande direktørar innan eller til Nord-Noreg.

Men den dyraste pendlinga blant direktørar i det offentlege sjukehus-Noreg, var i fjor administrerande direktør Øyvind Bakke ved Sykehuset i Vestfold. Han pendlar frå Oslo til Tønsberg, og hadde i fjor både firmabil og pendlarbustad.

– Han ønska det, og vi innvilga det, forklarte styreleiar Per Christian Voss.

– Det er nesten ikkje til å tru, meinte leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe i Senterpartiet.

– Ukultur

Til samanlikning har administrerande direktør i Helse Nord-Trøndelag akkurat like lang køyretur – også frå Trondheim til Levanger tar det rundt 80 minutt. Men Annamaria Forsmark har kravd og fått null kroner til pendling.

Tvert i mot har ho ofte nøydd seg med å overnatta på sovesofaen på kontoret.

– Ære vere henne og helseføretaket for det. Dette viser at nokre helseføretak framleis har ein ukultur, mens andre er meir nøysame, meiner Toppe.

Det er også døme på at administrerande direktørar har arbeidsavtale om at pendlarbustaden skal vera stor nok til at familien kan komme på besøk, eller at kvoten med gratis flyreiser også kan brukast av ektefellen.

Langs heile det politiske spekteret på Stortinget blir pendlarordningane kritisert.

Departementet: – Helseføretaka vurderer sjølv

Arbeidarpartiet på Stortinget vil ikkje kommentere NRKs kartlegging, og viser til Helse- og omsorgsdepartementet.

Men verken helseminister Jan Christian Vestre eller statssekretær Ole Martin Juel Slyngstadli vil svare konkret om funna.

– Sjølv om du stiller spørsmålet på eit generelt nivå, må eg vere varsam med å kommentere det, seier Slyngstadli.

– Men kva tenker de om at omtrent kvar tiande direktør i helseføretaka pendlar her i landet?

– Det er kvart enkelt helseføretak som kjenner organisasjonen sin og området sitt best. Dei sjølv må vurdere behova for kven dei tilset og kva ordningar dei gir.

mann i dress
Statssekretær Ole Martin Juel Slyngstadli vil ikkje kommentere pendlaravtalane helseføretaka har gitt direktørane sine. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

– Openheit er bra

Det einaste statssekretæren vil seie, er:

– Alle helseføretak skal følge retningslinjene for lønn og godtgjersle til leiande tilsette. Dei skal kunne tilby konkurransedyktige vilkår, men staten skal ikkje vere lønnsleiande, og ein skal utvise moderasjon. Det følger vi også opp med dei regionale helseføretaka.

– Trengst det nokon felles reglar for pendlarpolicy i helseføretaka?

– Vi har retningslinjer, og det er kvart enkelt helseføretak som må vurdere behova for slike ordningar.

– Då får ein forskjellar som at to direktørar som reiser like langt til jobb, får dekka alt frå null til 373.000 kroner i året for pendlinga si?

– Sjølv om du prøver å generalisere, kan eg ikkje kommentere på det som i realiteten vil bli å kommentere på samanlikning av enkeltsaker, svarar Slyngstadli.

Men han helsar debatten velkommen.

– Det å leie eit av helseføretaka våre, er eit tungt leiaransvar, der ein forvaltar stor tillit frå befolkninga. Derfor meiner eg også at det er bra at ein er open om slike avtalar, og det er bra at media gir det merksemd.

– Pussig

Redaktør Martin Gray i Dagens Medisin kommenterer NRKs funn slik:

– Det er ei litt pussig liste som NRK presenterer. Nokre leiarar med overraskande kort reiseveg får dekt veldig mykje.

Også han er særleg overraska over firmabil og pendlarbustad for sjukehusdirektøren i Vestfold.

– Ja, alle tillegga til Øyvind Bakke, som bur i Oslo og jobbar i Tønsberg, kan verke litt underleg. Det er nok lettare å sjå kvifor ein dekker pendlarleilegheit og reiseutgifter for folk som bur på Austlandet og som har valt å ta ein jobb i Helse Nord, meiner Gray.