Jønshorn
Toppen av Jønshorn i Ørsta er dekt av skodde søndag ettermiddag. Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Eit redningshelikopter klarte like før klokka 17.30 å hente ut to utanlandske menn som sto fast i området mellom fjella Rametinden og Jønshornet.

Dei to melde sjølv frå at dei måtte ha hjelp, men var uskadde.

Kort tid før dei blei berga ut, opplyste politiet at dei sto fast i snøen.

– Det er snø der dei står, og det synest det er for utfordrande å komme seg opp eller ned, sa operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet visste då ikkje kor godt utstyrte dei to var, men sa dei har vore på ein lengre tur i fjellet.

Frivillige frå Røde Kors og klatrarar frå Norske alpine redningsgrupper deltok også i aksjonen.

40 meters sikt

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg har leia aksjonen. Lågt skydekke og skodde gjer at det er vanskeleg å kome til.

HRS opplyste tidleg at det var utfordrande verforhold.

– Veret er utfordrande, det ligg skodde og lågt skydekke. Pilotane har sjølv meldt at dei har 40 meter sikt, sa vakthavande redningsleiar Cecilie Øversveen like etter klokka 16.

Ho sa då at alternativet er å sende inn bakkemannskap, men at det kan ta opp mot fire timar å kome seg opp i området. Ho meiner det ikkje er mogleg for dei to turistane å kome seg ned ved hjelp av eigen maskin.

– Det er både føret og sikta som er problemet deira, sa ho.

Skjermdump frå Flightradar24
Redningshelikopteret llåg ei stund rett over fjellområdet der dei to var sakna. Det viste Flightradar24.Illustrasjon: NRK

Svært krevande tur

Både Rametinden (1198 moh) og Jønshornet (1419) ligg i eit populært turområde i sunnmørsalpane. Turen til Jønshornet via Rametinden blir skildra som ein svært krevande tur, ifølgje ut.no.

Klokka 17.30 melde politiet at dei blei flogne frå fjellheimen og trygt ned til flyplassen i Ørsta/Volda.