redningsaksjon ved elv i voss
Ein person hamna i Teigdalselva i Voss. Personen får helsehjelp på ei hylle midt i fossen. Foto: Voss brann og redning / Voss brann og redning

Siste: Mannen er no frakta over til den andre sida av elva. Luftambulansen har floge mannen til Haukeland sjukehus, med førebels ukjent skadeomfang, melder politiet i ei oppdatering klokka 15.10.

Klokka 12:05 melde Frode Eide i 110 Vest at det gjekk føre seg ein redningsaksjon i Teigdalselva i Voss herad.

Ein mann i kajakk hamna i elva og ned i fossen. Vedkommande vart liggande vanskeleg til i eit elvejuv med sterke smerter.

Luftambulansen og SAR-Queen helikopter vart sendt for å assistere i redningsarbeidet.

Trong helsehjelp

Det var andre personar på staden som fekk mannen på land og varsla naudetatane.

– Brannvesenet er no framme med pasienten. Vedkommande ligg trygt ved elvekanten. Han er forslått, skadd, men bevisst. Det er behov for bistand, melde Eide til NRK klokka 12.30.

Luftambulanse og ambulanse kom etter kvart fram til staden. Dei jobba med å få frakta pasienten på båre, og vidare til sjukehus.

– Det er veldig ulendt i området og mykje skog. Det er utfordrande å kome seg fram, fortalde Eide.

Ligg på ei hylle midt i fossen

Brannsjef David Skjerven frå det lokale brannvesenet på Voss var på staden.

Han skildrar bergingsforholda som krevjande.

– Det er veldig vanskeleg å få personen ut og det er stor vassføring i elva. Vedkommande har padla nedover i elva og forulykka. Personen ligg på ei hylle midt i fossen, men utanfor vassføringa. Helsepersonell er med vedkommande ein stad midt i fossen.

Det er kraftlinjer i området som gjorde det vanskeleg å heise vedkommande ut.