FLORØ LUFTHAMN: Verst går det ut over Florø lufthamn. På det som tidlegare var den mest trafikkerte kortbaneflyplassen i Noreg, blir kravet til årleg setekapasitet barbert frå 46.000 til 31.600.
Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten
Reaksjonane er skarpe etter at regjeringa varsla eit prishopp på 20 prosent på statsstøtta flyruter («FOT-ruter») i Sør-Noreg.
I tillegg kjem den «vanlege» prisauken (indeksjustering).
På toppen er fleire er provoserte over at regjeringa omtalar justeringa som ei «god nyheit».
– Det er for meg heilt uforståeleg, seier ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp).
Saman med andre ordførarar og næringslivsleiarar reagerer ho kraftig på at regjeringa legg opp til høgare billettprisar og færre seteplassar frå neste år.
I tillegg lempar regjeringa på tidskrava som gjer det mogleg å fly fram og tilbake til hovudstaden i løpet av ein arbeidsdag.
Det er dei 10 rutene i Sør-Noreg som no ligg ute på nytt anbod. Kontraktane for Nord-Noreg går eitt år lenger, fram til 2028.
– Kan ikkje stoppe klokka fem om ettermiddagen!
– Prisnivået har vore fornuftig, og aktiviteten er stor. Kvifor i alle dagar skal ein forandre på det som faktisk fungerer? spør Geir Opseth, styreleiar i Førde industri- og næringssamskipnad (FINS).
Han meiner regjeringa har sett seg blind på teoretiske framskrivingar for flytrafikken, i staden for å sjå at trafikken faktisk aukar.
Medan prisen på månadskort i storbyane går ned, går prisen på den viktigaste ferdselsåra i distrikta opp. Krav til nattparkert fly på Røros lufthamn blir fjerna, og tidskrav som legg til rette for dagsreiser frå Oslo og Bergen til lufthamner på Vestlandet og Røros, vil ikkje bli vidareførte som FOT-krav i neste kontraktsperiode.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK
Opseth viser til at flya har same funksjon som jernbanen i andre delar av landet. Der austlendingen går til perrongen for å ta toget til jobb, går vestlendingen til gaten for å nå kundemøte og sjukehusavtalar.
– Då kan ikkje tilbodet stoppe klokka fem om ettermiddagen!
Etter initiativ frå Høgre sende fylkesutvalet i Vestland tysdag ei samrøystes oppmoding til Stortinget om at dei må tvinge regjeringa til «fly-retrett».
Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, peikar på at dei offentlege flyrutene er ein del av blodårene som bind landet saman.
– Flytilbodet er avgjerande for at vi har ein såpass desentralisert stat. Å auke kostnadene er det same som å auke tersklane for vidare utflytting av statlege arbeidsplassar.
– Det er trist at styresmaktene ikkje ser verdien av dette, seier ho.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) forsvarar grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig.
Foto: NTB
Vedum: – Distriktsfiendtleg
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa legg opp til eit dårlegare og meir uføreseieleg flytilbod for folk og næringsliv i distrikta.
Han kallar grepet «småleg» og viser til at flytilbodet på kortbanenettet er ein nødvendig del av infrastrukturen i eit langstrekt land.
Indignasjonen har historisk ballast: Då Senterpartiet sat i regjering, blei prisane på FOT-rutene halverte.
– Dette er stikk i strid med målet om å utvikle heile Noreg. Det er heilt feil veg å gå, seier Vedum.
Reknestykket til regjeringa
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) forsvarar grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig. Løyvingane til flyrutekjøp har stege frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar i 2026.
– Dei regionale flyrutene er avgjerande, men vi må gjere nokre justeringar for å sikre at ordninga er berekraftig over tid. Vi må vege krava til tilbodet opp mot utgiftene til staten, seier han.
Statsråden legg til at det framleis er låge flyprisar samanlikna med tidlegare år.
Departementet viser òg til «nye etterspørselsprognosar» når dei kuttar i talet på sete.
– Kravet til tilbodet må vere tilpassa endringar i etterspørsel og vegast opp mot andre omsyn som utgiftene til staten. Endringane vi no gjer i FOT-krava må sjåast i samanheng med dette, seier Nygård.
Avinor varsla tidlegare i år at talet på reisande nesten er tilbake til «normalen» – seks år etter at trafikken kollapsa under pandemien.
Lokale næringslivsleiarar kallar flyet for «kystens tog» og fryktar at dyrare billettar og færre flygingar vil kvele veksten.