Det livnar i lundar og lauvast i li, men utanfor høgskulen i Førde er det ikkje ei sjel å sjå.
Vårsola kviskrar liv i alt som har tidd, men uteserveringa er heilt tom.
Volleyballbanen er like aud, berre ein liten støvengel dansar over sanden.
På graset hoppar ein svarttrost rundt medan han snur på lauv og grev etter mark og insekt.
Her er så underleg. Kor er alle studentane?
I vår gav utdanningsminister Sigrun Aasland klar beskjed: Høgskular og universitet må få studentane bort frå skjermane og tilbake til campus.
Forklaringa var tredelt:
- Djup læring og relasjonskompetanse krev møteplassar der det ikkje er mogleg å «mute» den andre.
- Fleire studentar rapporterer at dei er einsame.
- Studentar som møter opp fysisk, har høgare gjennomføringsgrad.
Rett innanfor inngangen har høgskulen i Førde reist ein ny «læringslab».
Her står VR-briller, spelkonsollar og profesjonelt podkast-utstyr klart til bruk eller heimelån. Alt for å lokke studentane tilbake.
Ved skranken sit ein medarbeidar klar for å hjelpe, men ingen dukkar opp. Berre tre tilsette ved skulen riggar seg til med kvar si matpakke.
I kantina fortel kjøkkensjefen om ein brannalarm som nyleg gjekk.
Då alle evakuerte til uteplassen, stod det klart for han: Høgskulen er vorte ein opphaldsstad for fast tilsette.
Digitale nomadar i tomme praktbygg
Tala frå Samordna opptak viser at talet på studentar på nettbaserte studium har auka med 226 prosent dei siste ti åra.
Pandemien sette fart på utviklinga, og sidan har fleire digitale førelesingar og «hybridstudium» halde fram trenden.
Endringa har nokre klare føremoner:
Å studere på nett gjer det mogleg for småbarnsforeldre i distrikta eller fagarbeidarar i full jobb å ta høgare utdanning utan å måtte flytte. Det knuser geografiske barrierar og klasseskilje. Grupper som før stod utanfor, slepp no inn i akademia.
På den andre sida er campus i ferd med å miste funksjonen sin som ein intellektuell arena. Historisk har universitetet vore ein stad for friksjon, der studentar møtest fysisk for å diskutere, krysse sverd og lære å handtere usemje.
NRK har snakka med fleire som åtvarar om at «fleksibiliteten» har ein (for) høg pris:
Utan den dannande dultinga i korridorane og seminarromma endar høgskulane opp som reine vitnemålfabrikkar. Frå institusjon til leverandør.
Eller enda verre: Som moderne utgåver av Potemkins kulissar. Praktbygg som ser imponerande ut frå utsida, men som i realiteten er tomme inni.
Difor er det eit problem om kantinene står tomme:
Heiltidsstudentar og andre raudlista arter
Dosent Trine Løvold Syversen meiner problemet er særleg akutt for dei unge studentane.
– Heiltidsstudentane er som regel unge personar i ein viktig utviklingsfase. Å studere dreier seg ikkje berre om å lære eit pensum, men også om å lære tenkjemåtar og samhandle med andre, seier ho.
Ho legg til:
– Digitale løysingar kan supplere aktivitetar på den fysiske lærestaden, men ikkje erstatte dei.
Forsking frå Universitetet i Innlandet viser at 70 prosent av heiltidsstudentane rapporterer om dårlegare læringsutbyte når den fysiske kontakten med medstudentar og lærarar fell bort.
Ved langbordet i høgskulekantina i Førde sit tolv fast tilsette, som eit bilete på den nye demografiske balansen.
– Det må då vere nokre studentar her, sukkar NRK-fotografen.
Og sanneleg! Som i ein naturdokumentar om sjeldne dyreartar dukkar plutseleg fire unge studentar opp i sidesynet.
Malene, Kristine, Emma og Andrea fortel at dei i starten av studietida hadde mange møtepunkt, men at det gradvis har stilna. Dei har forsøkt å ta vakter i studentbaren, men mista motivasjonen då det nesten ikkje kom gjester.
For Kristine var det eit reint samantreff at ho i det heile var på skulen i dag. Ho har ikkje vore på campus sidan november.
Løysinga: «fear of missing out»
Ein studentbar er berre attraktiv dersom det er folk der, og folk kjem berre dersom baren er attraktiv.
Slik er spiralen som gjer at studentkulturen går til grunne utan ein aktiv motkonjunkturpolitikk.
Fleire av institusjonane jobbar difor aktivt med å definere kva ein campus skal vere, og tidlegare i mai inviterte Nokut og Norsk studentorganisasjon (NSO) til frukostmøte med tittelen «Kor blir det av studentane?».
Ein av paneldeltakarane var Silje Fekjær ved Oslo Met. Ho meiner akademia må snakke meir om kva som faktisk gir studentane ein grunn til å vere der.
– Studentane kjem på campus viss det er der dei får undervisning som gir dei det dei treng for å stå på eksamen, og viss venene deira og moroa er der, seier Fekjær.
Leiar for utdanningspolitikk i Abelia, Anja Johansen, argumenterer for at løysinga ikkje er tvang, men å gjere campus så sosialt attraktiv at studentane blir redde for å gå glipp av noko viktig.
– Om «fear of missing out» oppstår, lukkast ein kanskje med å revitalisere campus, seier ho.
Grep for å skape ein levande campus
Medan mange slit med tomme bygg, finst det lyspunkt.
Ved å samle verksemda på ein hovudcampus på Ullandhaug, byggje studentbustader tett på undervisningslokala og tilby døgnopne tenester, har Universitetet i Stavanger (UiS) skapt den «kritiske massen» som trengst for at kantiner og treningssenter skal overleve.
– Vi har ein langsiktig plan for eit levande universitetsområde. Vi ser eit klart behov for fysiske møteplassar i ei digital tid, seier Vibecke Lykke Olsen ved UiS.
Det er også teikn til at mindre studiestader som Volda og Sogndal klarer å halde på campus som eit gravitasjonspunkt.
Høgskulen i Volda (HVO) fekk i fjor prisen for Årets Erasmus+-institusjon, mykje takka vere satsinga på fysiske møteplassar som «Pangaia».
Styreleiar i samskipnaden Sammen, Sjur Selsvik, fortel om tilsvarande arbeid i Sogndal.
– Vi opnar straks ei nyoppussa kantine og har oppgradert kafelokala på Studenthuset. Slik gjer vi campus til ein attraktiv plass å vere. Det er viktig for læring og trivsel.
Hovudinntrykket er likevel ikkje til å ta feil av.
Medan vi leitar etter angreknappen for skjermbruk i barneskulen, står fleire norske campusar att som tomme kulisser.
Universitetet i Søraust-Noreg (USN) erkjenner i sin strategi mot 2040 at «spøkelses-campus» er ein reell risiko.
Utanfor høgskulen i Førde er benkene framleis like tomme, og sandvolleybanen ligg doven i solvarmen.
Studentane er kanskje heime og ser på videoførelesingar i 1,7x fart, eller dei er på jobb.
– Ja, dette er eit problem, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
– Vi treng levande campus der studentar møtest og løyser problem saman.
Ho legg til:
– Dei som skal studere for første gong, bør velje eit studium der folk møter opp. Bruk studietida til å vere sosial, meld deg inn i ein organisasjon og bruk campus.