– Eg er uroleg for at det introduserer ny, kraftig teknologi der folk risikerer å bli fotografert, filma eller tatt lydopptak av utan at dei veit det.
Det seier digitaliserings- og forvaltingsminister, Torgeir Micaelsen (Ap), som innfører eit midlertidig forbod mot KI-briller på utvalde stader.
– Vi meiner det er den beste og raskaste måten å sende eit tydeleg signal om at dette er produkt og tenester som me ikkje ønsker at skal brukast, legg ministeren til.
Forbodet vil gjelde der «allmenta ferdast» og er midlertidig fordi regjeringa vil sette ned ei ekspertgruppe som skal gje råd om ei varig, nasjonal regulering av KI-briller.
– Dette skal vi no greie ut, og raskt kome tilbake til med eit lovforslag, seier ministeren.
Utvalde stader
Dei utvalde stadene digitaliseringsministeren ser for seg at kan bli omfatta av forbodet vil vere:
- Parkar, badestrender, museum, kjøpesenter og fornøyelsesparkar.
- Leikeplassar, skuler, barnehagar, fritidsklubbar, samt stader og arrangement for barn.
- Helseinstitusjonar og treningsanlegg med garderobar og dusjar.
– Eg er særleg oppteken av dei arenaane der barn og unge oppheld seg jamleg, forklarar Micaelsen.
I tillegg vil regjeringa vurdere om forbodet skal omfatte universitet, høgskular og andre utdanningsinstitusjonar.
Digitaliseringsministeren seier det er gode grunnar til at ein ikkje set ned eit totalt forbod, medan ein ventar på ei endeleg avklaring frå ekspertgruppa.
– Det vil bli opna for unntak frå forbodet slik at sårbare grupper kan få unntak og for å mogeleggjere bruk i avgrensa tilfelle.
Bekymra for at tillit skal forvitre
Fleire stader er det allereie innført forbod mot KI-briller, som på Studentersamfundet i Trondhjem.
– Det er fordi vi synest metabriller er ei veldig kjip greie, der ein ikkje kan føle seg sikker på om ein blir filma eller ikkje.
Det seier leiar ved Studentersamfundet Ulrik Dager Sneve.
– Det er ei brei oppfatning blant studentar at metabriller og liknande produkt som baserer seg på skjulte opptak er noko vi ikkje har lyst til å ta inn i kulturen vår.
– Verken her på Samfundet der ein skal føle seg fri og slappe av, eller i samfunnet generelt, legg Sneve til.
– Kva er folk bekymra for?
– At tilliten mellom folk skal forvitre. Når ein ikkje veit om ein blir filma eller ikkje. Og at dei store tekgigantane skal sitte på enno meir informasjon om oss, svarar studentleiaren.
Studentane Gina Skrivlien Thue og Else Marie Brobakken er glade for at Studentersamfundet har forbydd dei omstridde brillene.
– Eg tenker at det er veldig fornuftig og veldig bra. Det er jo ikkje sånn at ein har lyst til å gå rundt og bli filma i det skjulte, seier studentane.
Fleire har innført forbod
Allereie i sommar bad Datatilsynet Stortinget vurdere å stoppe salet av slike briller til det er etablert eit regelverk.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har bedd alle norske kommunar om å forby KI-briller i skulane.
Både i Fredrikstad kommune og i Osloskulen er det allereie innført eit slikt forbod.
Fleire andre parti på Stortinget har også tatt til orde for å regulere eller forby bruken av KI-briller.
SV har mellom anna gått inn for salsstopp til reguleringar er på plass, og Senterpartiet ønsker forbod mot KI-briller rundt barn.
– Risikoen for at nokon blir filma i situasjonar dei ikkje ønsker det, aukar for kvar dag. Venstre er klare til å stemme for eit lovforslag same dag det kjem, seier Venstre-nestleiar Ingvild Wetrhus Thorsvik.