Mark Zuckerberg presenterer Meta-briller
FØRE VAR-TILTAK: Norske politikarar kom seint på banen med reglar for sosiale medium, meiner den nye statsråden. Nå vil han unngå ein liknande situasjon når det gjeld smartbriller. Foto: Reuters

Regjeringa vurderer eit forbod mot KI-briller og liknande teknologi.

Det stadfestar den ferske digitaliserings- og forvaltningsministeren Torgeir Micaelsen (Ap) til NRK.

– Eg er veldig uroleg for at me introduserer ny, kroppsnær teknologi i kombinasjon med KI som mogleggjer sensorar, videoar og lydar der folk vert filma eller vert tatt opptak av utan at ein veit det.

Eit eventuelt forbod vil gjelda KI-briller og anna tilsvarande teknologisk utstyr.

Micaelsen er sjølv ingen fan av KI-briller.

– Når det gjeld KI-briller så synest eg personleg det er skummelt. Det er «creepy».

Kan gjera unntak

Micaelsen meiner det politiske Noreg har mått legge hovuda i blaut for å finna ut korleis ein skal løysa utfordringane med ny teknologi som KI-briller.

– Eg meiner me skal vurdera alle tiltak, også eit forbod. Men me treng råd om korleis me reint konkret kan gjera det. For dette her er ikkje veldig enkelt, seier Micaelsen til NRK.

Difor skal det settast ned ei ekspertgruppe som skal gje råd om korleis eit forbod kan sjå ut.

– Vert det totalforbod?

– Det kan vera nokre unntak, til dømes for blinde, som har behov og nytte av slik teknologi, svarer statsråden.

Blindeforbundet er blant dei som har vore kritiske til eit totalforbod mot smartbriller, nettopp fordi dei kan vera svært nyttige for blinde og svaksynte.

– Me må finna ein måte å regulera dette på som ikkje øydelegg for dei gode effektane. Det trur eg er mogleg, men det er vanskeleg, seier Micaelsen.

SV-leiar Kirsti Bergstø kallar utsegnene svært velkomne.

– No må vurdering verta til handling raskt. Det er akkurat no me har moglegheita til å setta ei tydeleg grense, før denne teknologien vert allemannseige og skjult filming vert ein normal del av kvardagen, skriv ho til NRK.

Ikkje nok, meiner Sp

Å vurdera eit forbod er ikkje nok, meiner stortingsrepresentant Bent-Joacim Bentzen (Sp).

– Eg har svaret til statsråden her: Innfør eit midlertidig forbod no, fram til denne ekspertgruppa har gjort sitt arbeid, seier han.

Bent-Joacim Bentzen i dress inne i et studio.
Bent-Joacim Bentzen (Sp) vil ha eit midlertidig forbod medan ein meislar ut detaljane i korleis eit permanent forbod kan sjå ut. Foto: Krister Sørbø / NRK

Bentzen trekker fram døme om at barnehagetilsette har brukt KI-briller på jobb fordi det ikkje er nasjonale reglar som forbyr det.

– Eg er einig i at me skal få faglege råd om korleis me skal handtera KI-briller på sikt. Men me må skjerma dei sårbare i samfunnet, me må skjerma barn og unge, seier han.

Det er lettare sagt enn gjort, seier statsråden.

– Eg må vera ærleg på at det ikkje er heilt openbert kva lov, kva del av denne verdikjeda me skal regulera. Men eg er like utolmodig som det de er, seier Micaelsen.

Han avfeiar likevel ikkje noko midlertidig forbod.

– Eg er open for alle forslag til korleis me kan gjera dette på ein god måte. Men dette involverer norske reglar, europeiske reglar ... Me er like langt viss ein kan kjøpe produkta lovleg i andre land og ta dei med hit.

Forgjengaren ville ikkje forby

Forgjengaren til Micaelsen, Karianne Tung, ville ikkje ha noko generelt forbod mot KI-briller.

Ho argumenterte mellom anna med at «å forby enkeltprodukt har lite for seg».

Les meir om kva den førre statsråden meinte om KI-briller:

Tung opna likevel for eit forbod mot ansiktsgjenkjenning i smartbriller.

Det er foreløpig ikkje ein funksjon som finst i Meta-brillene, men amerikanske medium har avslørt at Meta har jobba med ein slik funksjon.

Vil unngå kamerafrykt i samfunnet

– Eg vil ikkje ha ei utvikling i Noreg der me til kvar tid skal gå rundt og lura på om me blir tatt video og lyd av, og korleis desse dataa vert nytta, seier Micaelsen.

– Det er jo overvakingskamera overalt?

– Då skal det vera merkt og ha ei hensikt, svarer statsråden.

Kornete illustrasjon av en folkemengde med lysende blå rammer over ansiktene
Amerikanske medium har avslørt at Meta har jobba med ein funksjon for ansiktsgjenkjenning i smartbrillene sine, og at han kan bli langt kraftigare enn andre løysingar som finst i dag.Illustrasjon: Truls Skram Lerø / NRK

Han vil unngå at nordmenn går rundt med ei frykt for å verta tatte bilete eller video av kvar som helst.

– Er det noko me ikkje treng, er det å forsterka ein nedkjølingseffekt der folk legg band på seg i ulike samanhengar i frykt for at dei vert tatt bilete av eller opptak av. Me må få bukt meddet, med alt me har.

Barneombodet er blant dei som har vore kritiske til manglande reglar for bruk av smartbriller, for eksempel i barnehagar:

Lite vindauge

Kritikarar har peika på at politikarane berre har eit lite vindauge der det faktisk er mogleg å regulera smartbriller og liknande teknologi.

– Politikarane i Noreg kom seint på banen når det gjaldt sosiale medium. No har me høve til å gjera føre var-tiltak, seier Micaelsen.

Han meiner utviklinga me ser no, framleis berre er fyrste del av ei ny teknologibølge.

– Det er min plan no at me skal vera i forkant og vera føre var, seier Micaelsen.