Chefchaouen, Marokkos blå by
Som turistar får vi meir makelause ferieopplevingar på mindre kjende destinasjonar, skriv kronikkforfattaren. Bilete er frå Chefchaouen, den blå byen i Marokko. Foto: Colourbox

På trass av at eg har reist i heile verda, må eg innrømme at eg tidt og ofte har reist feil. Ikkje berre har eg følgt straumen, stått i kø og reist utanskjers til stader som for lengst var oppdaga av «alle» andre. Det har òg skjedd over store delar av Noreg.

Topptabben skuldast mangel på kreativitet når eg let vere å tenkje sjølv og heller følgjer etter andre turistar.

Her heime aukar taletpå tilreisande kvart år, takka vere fryseferie eller «coolcation», når stadig fleire ferierande utlendingar rømmer frå hyppige hetebølgjer.

For det første må eg då stå i kø. Det er ille nok i seg sjølv.

preikestolen
Ein plass du garantert ikkje er åleine ein sumardag: Preikestolen i Lysefjorden. Foto: Jarle Kristiansen / Den Norske Turistforening

I tillegg kjem dyrare overnatting, høgare parkeringsavgifter, visuell forsøpling av eigne bilete som alltid inneheld andre reisande, og eit evig stempel som gruppeturist utan evne til sjølvstendig tenking.

Men kva er alternativet?

Pilkast på kart, globusrulett eller trekking av stadnamn frå ein hatt kan fungere, men då er det fort gjort å hamne midt på ei vidde, i eit nokså utriveleg diktatur eller langt til havs.

Alternativt er det enkelt å velje ein viss type reisemål blant verdskjende stader eller wow-attraksjonar du får servert av favorittpåverkaren din, den vaskeekte influensaren.

Problemet er at hen tilrår og framsnakkar stader mot sjenerøs betaling. Vedkomande er med andre ord ingen påverkar, men blir påverka.

Sidan blir «tipset» outsourca til oss som bit på med søkke og snøre.

Det er her vi bør agere. For når eit reisemål har blitt trekt fram, så gjeld det å finne eit betre alternativ. Gjerne ein destinasjon som har mange av dei same kvalitetane som kjendisstaden, men utan dokøar, suvenirsjapper og sjellaus kulturterrorisme.

Vel heime att kan vi fortelje familie, vener og kollegaer om uvanlege og usedvanlege reisemål. For å inspirere, ikkje påverke.

La meg kome med nokre døme, frå sør til nord.

Ikkje vesle Zanzibar, men gigantiske Madagaskar

Det har blitt trongt om plassen etter at vestlege turistar begynte å utforske eventyrlege Zanzibar. Madagaskar, «verdas åttande kontinent», har noko for alle og utfordringa blir fort mangel på tid.

En allé med baobabtrær, Madagaskar.
Baobabtrea er blant dei mest ikoniske syna på Madagaskar. Foto: Colourbox

Landet knivar med Sør-Afrika om den beste maten i verdsdelen og flottar seg med lemurar, baobabtre, ein unik steinskog og strender i verdsklasse.

Madagskar, lemurer
Madagaskar er kjend for lemurar. Foto: Colourbox

Unngå å planlegge altfor lange bilturar. Vegane innbyr ikkje til høge snitthastigheiter.

Ikkje europeiske Gran Canaria, men afrikanske Kapp Verde

Det finst knappast noko meir fantasilaust reisemål enn Granca. Om det er stas med norske menyar og å sjå naboen på butikken, stranda og i bassenget, kan ein like godt bli heime.

Kapp Verde
Ei av strendene på São Vicente. Foto: Gunnar Garfors

Kapp Verde ligg berre eit par timars flyging sørvest for Kanariøyane, og er det vestlegaste landet i Afrika, men kjennest nokså europeisk.

Øyane São Vicente og Santo Antão i vest er best. Førstnemnde for kultur, sistnemnde for natur.

Frodig fjellandskap på Kapp Verde.
Kapp Verde har ikkje berre vakre strender, men òg frodige fjellandskap, som her ved Tarrafal på øya São Nicolau. Foto: Shutterstock

Men skund deg. Etter at landet har imponert i fotball-VM kjem langt fleire til å ta turen.

Ikkje mas i Florida, men mangfald i Den dominikanske republikken

Det er mange gode grunnar til å unngå USA om dagen. Mas og trengsel i den nest sørlegaste delstaten er to av dei.

Den dominikanske republikken delar øya Hispaniola med Haiti.

Den dominikanske republikk
Saona-øya i Den dominikanske republikken. Foto: Eugene Sergeev / Colourbox

Landet er kanskje det mest mangfaldige i heile Karibia, med fantastiske skogar og fjell, verdsdelens beste vindsurfing, eit velutvikla festgen, rause porsjonar – og både svarte og kvite strender med herleg finmala sand.

Berre unngå turistbyen Punta Cana.

Ikkje «falske» Dubai, men folkelege Mumbai

Turistar i Emiratane bidrar til kvitvasking av eit nokså skittent image. I tillegg har prisnivået i verdas leikegrind for dei rike gått gjennom taket.

Pengane rekk eksepsjonelt mykje lenger i Mumbai, «Indias New York», som tilbyr eit eksepsjonelt breitt utval innan kultur, musikk, mat, uteliv, sport og marknader. Hugs å prute om du tek turen til dei sistnemnde.

Taj Mahal Palace Hotel at twilight. Ikonisk luksushotell i Mumbai.
Taj Mahal Palace Hotel er eit av dei mest kjende landemerka i Mumbai, ein by som byr på meir liv, puls og kultur enn blankpolerte Dubai. Foto: Colourbox

Byen er delt inn i ulike nabolag frå kvar sin tidsepoke og innbyr til utforsking og observasjon. Mumbai framstår som eit fengslande kaos.

Forvent eit vell av inntrykk. Eg garanterer at alle sansane blir stimulerte.

Ikkje Santorini i Hellas, men Chefchaouen i Marokko

Ja, dei kvite og blå husa på den idylliske øya i Hellas er smellvakre, men du må ty til KI eller Photoshop for å fjerne dei evige køane frå trappegatene. Det er lengre mellom turistane i Chefchaouen, «den blå byen» i Nord-Afrika.

Vakre murhus ligg oppetter fjellsida og skrik etter å bli tekne bilete av.

En av de blå gatene i Chefchaouen, Marokko.
Dei blå gatene i Chefchaouen i Marokko. Foto: Colourbox

I Rif-fjella like ved er det mange flotte turmogelegheiter. Enkelte vil kanskje setje pris på dei talrike marijuanaplantasjane i området.

Andre føretrekker Middelhavsstrendene fem mil unna.

Ikkje pad thai i Bangkok, men kimchi i Seoul

Dei siste åra har Bangkok teke steget inn i masseturismens elitedivisjon. Seoul i Sør-Korea har derimot av ein eller annan mystisk grunn gått under radaren til dei fleste, for dette er sannsynlegvis verdas kulaste by.

Her finn du dei nyaste trendane, dei hippaste uteplassane og kanskje verdas mest undervurderte kjøkken, som består av veldig mykje meir enn kimchi.

Skyline, Seoul, Sør-Korea
Hovudstaden i Sør-Korea, Seoul. Foto: Guitar_Tawatchai / Colourbox

Talrike øyar og småbyar sørvest i landet fortener også eit besøk, dei osar av sjarm og ei spennande historie.

Kontrasten til megametropolen i nord er fascinerande.

Ikkje Barcelona i aust, men La Coruña i vest

Prisane i Barcelona har eksplodert takka vere turisttrengselen. Den nordlege delen av Spania er landets minst turistifiserte, og den med mest levelege sommartemperaturar.

I La Coruña er det tett mellom historiske steinhus og eminente fiskerestaurantar medan den pittoreske hamna kan skilte med eit nesten 2000 år gamalt fyrtårn som framleis er i bruk. Det er heller ikkje langt til krittkvite surfestrender omringa av røffe klipper.

Flyfoto av La Coruña, Galicia, Spain.
Den vakre bystranda i La Coruña. Foto: Shutterstock

Det er ein bonus med langt færre lommetjuvar enn i hovudstaden i Catalonia.

Ikkje metropolen Paris, men matmekkaet Lyon

Folk flest reiser til Paris, matelskarar tek turen til Lyon. Sistnemnde har fleire restaurantar per innbyggar enn nokon annan stad i Frankrike.

Byen med dei to elvene osar av karisma, aller mest rett ved vassvegane i den arkitektoniske perla Croix-Rousse, gamlebyen og sentrumsområdet Presqu'île.

Lyon, Frankrike
Mathovudstaden i Frankrike, Lyon. Foto: Colourbox

Lyon er på storleik med Oslo og har ein langt meir avslappande atmosfære enn den franske hovudstaden 40 mil mot nordvest.

Ikkje trengsel i Venezia, men sjarm i Utrecht

Det finst romantiske kanalar utanom Italia òg. Få bysentrum er meir sjarmerande enn nederlandske Utrecht, med sine koselege kaféar og travle uteliv.

Den grøne mellomalderbyen har tronge gater og biletskjøne smau, omringa av kanalane du kan padle kano i eller utforske frå opne turistbåtar.

Hus langs kanal i Utrecht, Nederland.
Ein av kanalane i Utrecht. Foto: Shutterstock

I tillegg er det både vindmøller og blomstermarknadar her.

Om det viktigaste likevel er italiensk atmosfære eller mat, så skil Treviso berre fire mil frå Venezia seg ut. Elva Botteniga renn gjennom byen der tiramisu blei funne opp.

Ikkje Preikestolen ved Lysefjorden, men Kjerna i Ofoten

Tom Cruise skitna til Preikestolen. Vil du heller ta bilete som annan kvar utanlandske noregsturist ikkje har på telefonen, reiser du nordover.

Frå E6 i Nordland ser den ukjende fjellformasjonen Kjerna ut som eit ganske ordinært og preglaust fjell. Men etter under ein time på ein godt merkt sti frå parkeringsplassen ved Skjellevikskaret, openberrar det seg ei mektig utsikt bak eit loddrett stup – heilt utan trengsel.

Gunnar Garfors på Kjerna
Kronikkforfattar Gunnar Garfors ved Kjerna. Foto: Gunnar Garfors

Kjerna er ein røff spiss som byr seg fram for flotte foto frå både sida og toppen. Og dryge to mil unna ligg Vesterålen som ein magisk bakgrunn.

Ikkje Sunnmøre i Møre og Romsdal, men Sunnfjord i Sogn og Fjordane

Det er ingenting gale med Geiranger, Ålesund eller Sunnmørsalpane, bortsett frå at altfor mange har oppdaga dei.

Sjølv med eit aldri så lite snev av inhabilitet kan eg knappast la vere å slå eit slag for eit særs undervurdert område: kunstmotiv-orgien Jølster kjend frå måleria til Astrup, Backer, Eikaas og Gude, øyhoppinga rundt landets vestlegaste by Florø – og, krona på verket, nydelege Naustdal.

Naustdal frå barndomsheimen til Gunnar Garfors.
Utsikt over Naustdal frå barndomsheimen til Gunnar Garfors. Foto: Gunnar Garfors

Sunnfjord er blant Noregs flottaste regionar. Det er synd at så få har fått han med seg.

Ikkje Reykjavík i sørvest, men Akureyri i nordaust

Island har vore for flinke til å marknadsføre nordlyset og midnattssola, sjølv om sistnemnde strengt teke ikkje skin andre stader enn på den nordlegaste tippen av den vesle øya Grimsey.

Heldigvis reiser dei færraste særleg lenger enn to timar frå Reykjavík.

Landets nest største by Akureyri har fleire gourmetrestaurantar og livlege pubar, men får likevel besøk av berre ein brøkdel så mange turistar. Byen har flyplass, men dei mange utsiktspunkta langs ringvegen rundt øya innbyr til å ta buss eller bil.

Øya er kanskje aller vakrast i søraust.

Fjadrargljufur sør-aust på Island.
Juvet Fjaðrárgljúfur søraust på Island. Foto: Shutterstock

Unike opplevingar

Som ivrige reisande med lang ferie og relativt tjukke lommebøker har vi eit ansvar for kvar vi legg att turistpengane våre.

Vi bør ikkje bidra til overturisme som gagnar nokre få med allereie fulle bankkontoar. Bruk heller pengane hos andre vertar som faktisk treng inntektene, og i område der turistpengane òg kan fylle slunkne skattekassar.

Og som turistar får vi endå meir eineståande minne gjennom makelause ferieopplevingar på mindre kjende destinasjonar.

Samstundes slepp vi å føle oss som sild i tønne. Det rimar ikkje på draumeferie. Les også Coolcation utan returbillett