Gianni Infantino har fått mangt med kritikk gjennom meisterskapen – blant anna blei han skulda for å ha brote Fifas regelverk om politisk nøytralitet.
Søkelysa er framleis retta på 56-åringen sjølv om fløyta har gått for siste gong i USA.
Ifølge nyheitsbyråa AP og NTB, har sveitsaren flydd over 96 000 kilometer i løpet av det 40-dagars lange meisterskapen.
– Det er eit latterleg signal å sende for alle som bryr seg om kloden og klima, seier Jan Petter Saltvedt, NRKs sportskommentator.
Også klimaforskar reagerer sterkt på flybruken til Fifa-presidenten.
– Ikkje i tråd med klimamåla
For å forstå omfanget av dei mange reisene til Infantino i meisterskapen, tilsvarar følgjande like mykje forureining:
- Omtrent to og ein halv gonger rundt jordkloden.
- Åtte års forbruk av personbil for ein gjennomsnittleg nordmann.
- Oslo-Roma tur/retur 17 gonger.
– Han er i segmentet av dei som har eit ultra-konsum. Forbruket er heilt enormt, seier klimaforskar ved Cicero, Borgar Aamaas.
– Kor mykje utslepp har dette forårsaka?
– Det er avhengig av privatfly eller rutefly. Privatfly forureinar ti gonger så mykje som eit rutefly. Eg reknar med at han har brukt privatfly for å rekke oppsettet han hadde, seier klimaforskaren.
Kor mykje Infantino forureina undervegs i VM kan du lese nedst i saka.
Rasar på Infantino
Saltvedt er sterkt kritisk til korleis Infantino har opptredd under meisterskapen.
– Det er ikkje sånn ein president skal oppføre seg. Ingen bryr seg om dei er på kampane eller ikkje. Dei skal gjere jobben sin i forkant eller undervegs i styreromma, seier Saltvedt og utdjupar.
– Berre fordi han sjølv skal bli avbilda flest mogleg stader ... det blir heilt feil. Det er enda eit uttrykk på at han sjølv er viktigare og nærværet hans, enn signal for ansvarskjensle.
Fifa grunngir dei mange reisene under VM med at Infantino ønsket å møte ulike medlemsforbund.
– Fifa-presidenten reiser jamleg saman med relevante representantar i forbindelse med jobb og turneringar, og ønsker å besøke medlemsforbunda til Fifa når han har høve til det, heiter det i ei uttale frå Fifa.
Les heile svaret frå Fifa nedst i saka.
Både Aamaas og Saltvedt knyter flyaktiviteten til auka klimaendringar, og meiner at det vil slå tilbake på fotballen.
– Han er eit veldig godt eksempel på eit forbruksmønster som ikkje er i tråd med klimamåla, meiner Aamas.
– Fotballen slit like mykje som andre med klimaendringar, slik som heten vi såg no i USA. Korleis ein arrangerer meisterskap i framtida vil bli påverka av klimaendringane, påpeikar Saltvedt.
Under årets VM blei fleire av kampane spelte i 37 varmegrader. Temperaturen gjorde også at det norske landslaget måtte gjere varme-grep.
Svarer til 60 årsutslepp
Ifølge BBC skal Infantino ha brukt privatflyet Gulfstream G650er, som truleg bruker 1817 liter med drivstoff i timen.
Miljødirektoratets klimagassrekneskap skriv at 1 liter bensin svarer til 2,32 kilo med CO₂-utslepp.
Det totale forbruket til Infantino på 187 000 liter med drivstoff, har dermed ført til 422 tonn med reint CO₂.
Av omsyn til enkelheita svarer det til 60 nordmenns gjennomsnittlege årsutslepp av CO₂.
Ifølge The Athletic skal Infantino vore 142 timar i lufta og besøkt 18 ulike byar.
Tidlegare i meisterskapen kalla Noregs Fotballpresident, Lise Klavenes, reiseplanen til Infantino for «kontroversiell».
Les saka her:
Det er ikkje første gong ein idrettspresident har fått kritikk for hyppig bruk av privatfly undervegs i meisterskap.
I 2024 fekk Uefa-president, Aleksander Ceferin, kritikk for hyppig bruk av privatfly under EM.
Same mann fekk også kritikk for å ha berre møtt opp på ein av dei 30 første kampane av EM-et for kvinner året etterpå, ifølge Sky Sports.
– Ceferin som heldt seg unna, kanskje på grunn av andre faktorar, sende faktisk betre signal enn Infantino, avsluttar Saltvedt.