Etter at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk lov å bygge i strandsona i Farsund, har Statsforvaltaren i Agder gått gjennom ei rekke liknande saker.
Dei har sjekka om kommunane har halde seg innanfor lova då dei sa ja til å bygge.
No er seks vedtak om bygging i strandsona oppheva. Det går utover enkeltpersonar som trudde alt var i orden då kommunen gav dei lov til å bygge.
Kjersti Rørmoen hadde fått lov av kommunen til å bygge i Homborsund i Grimstad. Men onsdag fekk ho beskjed om at Statsforvaltaren har oppheva vedtaket.
– Det er heilt forferdeleg. Vi kjenner oss overkøyrde. Vi har gjort alt rett og så går det utover oss at kommunen og Statsforvaltaren ikkje har gjort jobben sin, seier ho til NRK.
Har brukt store summar
Rørmoen reknar med at ho og familien har brukt mellom 1,5 og 2 millionar på hytta. Grunnarbeidet er i gang og seksjonane ligg klare hos ein lokal entreprenør.
Det har vore byggestans på området etter at Statsforvaltaren varsla at dei ville sjå nærare på saka. Onsdag kom altså det endelege vedtaket.
– Eg skjønar ikkje tankegangen når dei stansar arbeidet når grunnarbeidet nesten er ferdig. Skal det berre ligge sånn? seier Rørmoen.
Rørmoen seier til NRK at dei ennå ikkje har avgjort kva dei gjer vidare. Sidan dei hadde fått lov av Grimstad kommune til å bygge, er ein moglegheit å be kommunen dekke kostnadane dei har hatt.
– Det er for tidleg å sei om vi vil gjere det, seier Rørmoen til NRK.
Ordførar i Grimstad, Beate Skretting (H), seier at dei vil ha dialog med tiltakshavar og administrasjonen om korleis dei skal handtere saka vidare.
Stor opprydding
Statsforvaltaren i Agder har blitt kritisert for å ta opp att saker som ligg tilbake i tid. Også saker som dei har blitt informert om etter at kommunen hadde fatta vedtak.
– Det skaper uvisse og rokkar ved tilliten til forvaltninga, meiner Beate Skretting.
Høgre har teke saka til Stortinget for å få dei til å gripe inn overfor Statsforvaltaren. Den har ennå ikkje kome opp.
Statsforvaltaren har svara med at dei vil sikre likebehandling og ein betre praksis i saker som dreiar seg om bygging i strandsona. Dei meiner kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at lova blir følgd.
Samstundes har Statsforvaltaren varsla at dei skal følgje betre med når kommunane gjev dispensasjon.
Oppryddinga dei no gjennomfører i strandsona starta med at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk dispensasjon til å bygge i strandsona i Farsund. Dette vart kjent for Statsforvaltaren då Dagens Næringsliv skreiv om saka.
Dei sette då i gang ein omfattande gjennomgang av liknande saker. Til slutt stod dei igjen med åtte saker som dei meinte var spesielt alvorlege.
Brygge blir ståande
Tysdag skreiv NRK om Eivindsholmen i Blindleia der Statsforvaltaren oppheva eit vedtak om å rive ei hytte og bygge ei ny. Onsdag kom det altså nye avgjerdsler frå Statsforvaltaren si side.
Av dei åtte sakene Statsforvaltaren har sett nærare på, har seks vedtak blitt oppheva. Dette inkluderer Nessa Nordtun si hytte. I eit av tilfella var det kommunen sjølv som oppheva vedtaket.
Kun i eit av tilfella har Statsforvaltaren valgt å ikkje gå vidare med saka. Det gjeld ei brygge på Øyhovden i Farsund som allereie var ferdig bygd.
No gjenstår det kun ei sak der det ikkje er teke noko avgjerdsle. Den gjeld investor Knut Tønnevold Ugland som fekk lov å bygge hytte og basseng i strandsona i Grimstad. Ei avgjerdsle er venta før sommaren.
Feil og manglar
Gjennomgangen frå Statsforvaltaren har avdekka fleire manglar ved kommunane si handsaming av byggesøknader i strandsona.
Monica Bjørkholt Breive er justis- og kommuneøkonomidirektør hos Statsforvaltaren i Agder og har delteke arbeidet med å gå gjennom dei gamle sakene.
Då dei starta på jobben, gjekk dei først gjennom 178 vedtak om dispensasjon til å bygge i strandsona. Dei oppdaga feil og manglar i 80 prosent av sakene.
–Det betyr ikkje at alle er ugyldige. Men det viser at reglane om dispensasjon ikkje blir handheva i tråd med lova, seier ho til NRK.