Redningsmannskap som går ned eit fjell med ein person i båre.
REDNINGSAKSJONAR: Aldri har det vore så mange redningsaksjonar i Breheimen og Jotunheimen. Nasjonalt har det gått ned. Foto: Bjørn Hesjevoll Winge / Røde Kors

– Travel!

Slik oppsummerer Bjørn Esjevold Winge, operativ leiar i Luster Røde Kors hjelpekorps, sommaren 2026.

Sidan 1. juli har Luster Røde Kors hjelpekorps vore involvert i fleire krevjande redningsaksjonar av turgåarar som går i Breheimen eller Jotunheimen.

No byrjar belastninga å merkast.

Redningsmannskap som går over ein isbre.
Foto: Bjørn Hesjevoll Winge / Røde Kors

Lite søvn og dårleg vêr

Winge seier kombinasjonen av lite søvn, mørke, regn og vanskeleg terreng gjer oppdraga meir krevjande.

– Når det er sleipe berg, skodde og regn, og folk er trøytte, aukar risikoen for å trø feil. Det er absolutt ei påkjenning når slikt held fram over tid. Både fysisk og mentalt.

Ein av dei mest krevjande aksjonane denne sommaren var på Fannaråken på Sognefjellet i Luster. Rundt 20 frivillige deltok, og ein pasient måtte fraktast på båre gjennom krevjande terreng medan dårleg vêr gjorde helikopterredning vanskeleg.

Det måtte fire forsøk med ulike helikopter til før pasienten kunne hentast.

– Likevel gjekk alt på skjener, seier Winge.

– Aldri hatt så mange redningsaksjonar

– Det dei frivillige får til er heilt rått, seier Avdelingssjef for 330 skvadronen i Florø, Nils Christian Kaaresen.

Han fortel at denne sommaren har dei hatt mange fleire redningsaksjonar i vanskelege terreng, og turgåarar som har gått seg vill eller blitt skada i Breheimen og Jotunheimen.

Redningsmannskap som berer båre over ein bekk.
Luster Røde Kors har rundt 45 personar på alarmlista. Saman med Hafslo Røde Kors blir kring 80 frivillige varsla når det kjem ein alarm. I større aksjonar kan også Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder og andre hjelpekorps bli kalla inn. Foto: Bjørn Hesjevoll Winge / Røde Kors

Etter ein av dei siste aksjonane fekk ein av dei frivillige ei opphovning i ankelen. Winge seier det truleg dreier seg om belastning eller slitasje over tid.

– Han har delteke på alle aksjonane dei siste 14 dagane. Det har vore lange og krevjande dagar i Breheimen og Jotunheimen.

Winge og 330 Skvadronen seier dei aldri har hatt så mange redningsaksjonar i Breheimen og Jotunheimen.

Terrenget byr på lange avstandar, store høgdeforskjellar og mange timar på stein og berg.

– Det er trass alt vanlege folk, mannskapa våre òg. Til slutt byrjar kroppen å seie stopp, rett og slett.

Luster Røde Kors
I fleire av aksjonane har dei måtte leite i mørket. Foto: Luster Røde Kors / Røde Kors

Må ta pause

Winge seier dei no vil sørgje for at den frivillige får nokre dagar utan nye oppdrag.

– Eg trur nesten vi må påleggje han å ta pause, i alle fall nokre dagar, så han får tid til å restituere seg litt.

Han trur likevel ikkje det tek lang tid før den frivillige ønskjer å vere tilbake.

– Men for alt vi veit, kan det bli ein ny redningsaksjon i dag eller i morgon. Då er det greitt at kroppen er nokolunde i form, slik at vi ikkje påfører oss sjølve fleire og kanskje meir alvorlege skadar.

Person i oransje kle og røde kors merke går i tåke på fjellet.
I fleire timar går røde kors og andre frivillige i terreng med mykje stein og berg. Samtidig er det dårleg sikt. Foto: Bjørn Hesjevoll Winge / Røde Kors

Krevjande både fysisk og mentalt

Nasjonalt har talet på redningsaksjonar i sommar vore stabilt. Men søk etter sakna person har gått ned.

Fleire av aksjonane i Breheimen har gått føre seg om natta og i dårleg vêr. Men det har ikkje stoppa dei frivillige i å møte opp.

For Winge viser den travle sommaren både kor mykje dei frivillige toler, og kor viktig det er å passe på dei som stiller opp.

– Samhaldet på tvers av organisasjonar og geografi betyr alt for at dette skal fungere så godt som det gjer.