Det norske kongefamilien er samlet på et offisielt bilde. Kong Harald V sitter i forgrunnen, flankert av dronning Sonja og kronprinsfamilien. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
ALVORLEG SJUKDOM: Marius Borg Høiby er son av kronprinsesse Mette-Marit. Ho har ein alvorleg lungesjukdom, og er no på venteliste for lungetransplantasjon. Foto: Lise Åserud / NTB

Marius Borg Høiby (29) blir ikkje lauslaten frå varetekt for å kunne vere saman med mora si, kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsessa har ein livstruande lungesjukdom, og er no set på venteliste for lungetransplantasjon.

– Vi trudde vi ville bli møtt med større forståing, seier forsvarar Petar Sekulic til NRK.

Politiet meiner det ikkje er noko uforholdsmessig inngrep å fortsette å halde han varetektsfengsla, slik situasjonen er no.

Dei har også avslått la Høiby få informasjon frå legane på Rikshospitalet saman med resten av familien sin.

– Dette er svært overraskande, både at dei ikkje tar oppmodinga til følge, men spesielt at dei ikkje framstiller han for å få ei orientering frå legane frå Rikshospitalet saman med familien sin, seier Sekulic til NRK.

Rettstegning av Marius Borg Høiby mellom sine forsvarere Ellen Holager Andenæs og Petar Sekulic.
Rettsteikning frå rettssaka mot Høiby, som sit mellom forsvararane Ellen Andenæs Holager og Petar Sekulic. Foto: Ane Hem / NTB

Sekulic understrekar at situasjonen er ei tilleggsbelastning for Høiby.

– Han skulle veldig gjerne ønske å vere saman med familien, seier forsvararen.

– Han opplever det som urimeleg behandling frå politiet si side, legg Sekulic til.

Opp til tingretten

Politiadvokat Oda Karterud stadfestar at dei har mottatt kravet.

– Vi har tatt stilling til denne og har avgjort å ikkje lauslate han av eige tiltak. Denne blir derfor sendt til Oslo tingrett for vidare behandling, seier ho til NRK.

Retten skal ikkje vurdere lauslating av Høiby i helga.

– Det skjer turleg måndag, seier Sekulic.

Statsadvokat Sturla Henriksbø opplyser til NRK at spørsmål om varetektsfengslinga må gå til Oslo politidistrikt.

Kvinne i mørk dressjakke ser til siden med rynkede bryn. Bakgrunnen er uskarp og viser andre personer. Personen holder opp en telefon, antagelig for å ta et bilde. Belysningen kommer fra taket. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Politiadvokat Oda Karterud opplyser at kravet er sendt vidare til Oslo tingrett for behandling. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Retten har tidlegare slått fast at det er fare for at Høiby vil bryte med besøksforbodet overfor Frogner-kvinna, og at varetekt derfor er nødvendig.

Sekulic meiner at det er urimeleg å halde han i varetekt gitt helsetilstanden til mora, i fare for at han kan sende kvinna ei melding.

– Sannsynet for at han vil gjere eit slikt brot på besøksforbodet er svært lite, seier forsvararen.

Bistandsadvokat for Frogner-kvinna, Mette Yvonne Larsen, har ingen kommentar til saka.

Forsvarere Ellen Holager Andenæs og Petar Sekulic intervjues av pressen.
Advokat Petar Sekulic under rettssaka mot Høiby som gjekk i Oslo tingrett. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Stor belastning

Førespurnaden om lauslating kom som følge av helsesituasjonen til kronprinsessa, opplyser forsvarar Ellen Andenæs Holager til NRK.

– Vi har bede om at politiet gjer det, og dersom ikkje politiet gjer det må vi gå til retten. Eg har vondt for å tru at dei ikkje seriøst vil vurdere det no, seier Andenæs.

Sekulic forventar ei «alvorleg vurdering» av kravet «så raskt som mogleg».

– Dette er ei veldig stor belastning for han. Han er svært uroa for si mor og ønsker å vere i nærleiken av ho no, seier han.

– Når det er alvorlege medisinske problem i nær familie er det slett ikkje uvanleg at ein blir lauslaten, legg han til.

Les meir om korleis ein lungetransplantasjon går føre seg:

30 operasjonar i året: Slik fungerer ein lungetransplantasjon

Ville sone med fotlenke

Høiby har tidlegare ønska å halde fram perioden i varetekt på Skaugum med fotlenke, noko Oslo tingrett avslo etter ein pause på 15 minutt.

Bakgrunnen for kravet skal ha vore at Høiby har hatt «ekstremt lite menneskeleg kontakt» i fengselet, og ønska å komme nærmare familien sin.

Avslaget blei anka til Borgarting lagmannsrett, som forkasta anken.

Høyby har sete i varetekt sidan 1. februar i påvente av ein dom i saka, som er venta 15. juni.

Les meir om straffesaka om Høiby her:

Skulda for 40 lovbrot: Dette må du vita om Høiby-saka

Kongefamilien samla

Kronprins Haakon kom heim tidlegare enn planlagt frå sitt Japan-besøk for å vere saman med kona si.

Også prinsesse Ingrid Alexandra er i landet for å vere saman med familien.

Til vanleg studerer ho i Sydney i Australia, men skal til hausten på utveksling til Universitetet i Oslo for å kunne vere nærmare familien.

– Vi er ein familie som er viktig for kvarandre, så det å samlast og vere saman, er noko vi finn styrke i, sa kronprinsen tidlegare i veka.