Reuters: Vance er framleis i Washington
USAs visepresident JD Vance har ikkje reist til Islamabad i Pakistan for å delta i samtalar med Iran, melder Reuters. Vance skulle etter planen ha leia den amerikanske delegasjonen. Ei kjelde i Det kvite huset seier han skal delta i politiske møter i Washington. No er det uvisst om visepresidenten kjem til å reise til Pakistan. Våpenkvila mellom USA og Iran går ut onsdag, og partane skulle etter planen møtast i den pakistanske hovudstaden for samtalar. Men tysdag ettermiddag sa pakistanske styresmakter at heller ikkje den iranske delegasjonen hadde gjeve eit formelt svar på om dei kjem eller ikkje.