Ung mann i eksamensantrekk med sigar og ring utendørs foran et telt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FERDIG! Syvert Senumstad kosta på seg ein sigar etter at utdanninga på Yale var over. Foto: Privat

Dette handlar om toppidrett, om «Haaland-liv», om Harry Potter, om utdanning på prestisjeuniversitet.

Og om roing.

Noreg har denne veka fem roarar, alle menn, i VM i Amsterdam. Semunstad og makker Jonathan Wang-Norderud skal onsdag i aksjon i semifinale.

Felles for dei alle er at dei har vore roarar på toppuniversitet i USA og England.

Roere i en båt med en styrmann fra Yale ror synkront på et vann. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
ÅTTAR: I universitetsroing handlar det berre om åttar. Her er Syvert Senumstad som nummer to, mens Ulrik Pharo Lohne er skjult. Foto: Privat

Der fekk dei det meste servert på sølvfat.

Tilbake i Noreg skal dei prøve å bygge rokarrieren vidare i tåka på Årungen i Ås kommune utanfor Oslo.

– Eg følte at eg nesten var som Erling Braut Haaland i fire år, seier Syvert Senumstad, som sit i ein toar saman med Jonathan Wang-Norderud i VM.

– Alt var tilrettelagt for meg, eit vektrom fire gonger så stort som på Olympiatoppen, og fem–seks fysioterapeutar og legar tilgjengeleg 24/7. Alt du trong å gjere var å trene, gå på skolen og slappe av, fortel han om livet på Yale, USAs tredje eldste universitet og eit av dei mest prestisjefylte universiteta i verda.

Åttar

Makkeren hans Wang-Norderud har gått på Washington-universitetet. Noregs singlesculler i VM, Jonas Juel, har bakgrunn frå Princeton, mens dobbeltsculleren med Fredrik Reite og Ulrik Pharo Lohne har gått på høvesvis engelske Durham/Washington og Yale.

Fem menn står utendørs ved en innsjø sammen med en båt på henger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VM-ROARAR: Frå høgre: Syvert Senumstad, Ulrik Pharo Lohne, Fredrik Reite, Jonathan Wang-Norderud og Jonas Juel. Foto: Carl Andreas Wold / NRK

På universiteta i USA er det åttar det handlar om. Dei norske gutane har sete i åttarbåtar som har konkurrert med andre universitet rundt om i USA.

Her er det elleville ressursar samanlikna med Årungen.

– På Yale er det kanskje ei 20 år lang venteliste for å få lov til å donere ein båt. Folk kastar pengar etter deg, kan ein seie, seier Ulrik Pharo Lohne til NRK.

Jobbtilbod

Ein roar i åttaren på eit slikt prestisjeuniversitet er også attraktiv i arbeidslivet:

– Eg fekk to jobbtilbod i London utan å vere ute etter jobb, berre fordi eg sat i førsteåttaren til Durham. Det er noko du har på CV-en din om du skal ut og søke jobb, fortel Fredrik Reite, den einaste av dei norske VM-roarane som har bakgrunn frå eit engelsk universitet.

Ni mannlige studenter i akademisk kappe holder hver sin åre på en brygge ved et vann. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
LAGBILDE: Washington-åttaren samla – med årar og eksamensantrekk. Jonathan Wang-Norderud er nummer fire frå høgre. Foto: Privat

– Durham er staden om du vil ha jobb, smiler han.

Junior-VM i roing er den fremste rekrutteringsarenaen for å få desse attraktive plassane. Syvert Senumstad var ikkje med i junior-VM, men fann ein annan veg til å få tilbod frå alle toppuniversiteta:

– Dette var i covid-tida, og eg sat og rodde litt i garasjen. Så klarte eg å sette junior-verdsrekord på romaskin. Eg la ut dette, og det var mange som fekk det med seg. Derfor blei eg kontakta av mange skolar: Harvard, Princeton, Yale, Brown, Washington, Berkeley, Syracuse ... Eg syntest Yale verka best.

Tilbod i kø

Det skulle etter kvart vise seg at Senumstad skulle hjelpe Jonathan Wang-Norderud til same karriere.

Sjølv meiner sistnemnde at han hadde ein porsjon flaks. Mange hadde allereie fått med seg verdsrekorden til Senumstad på romaskin då dei to møttest til duell i NM i september 2020. Dei kjempa som konkurrentar om juniorpokalen i singlesculler, og da Wang-Norderud sjølv stakk av med sigeren, byrja merksemda å melde seg.

– Då eg trekte det lengste strået i det løpet, fekk eg plutseleg mange e-postar og meldingar frå trenarar som hadde vore der for å sjå på Syvert, eller sett han på YouTube. Så var det altså ein som var enda raskare enn Syvert på vatnet, så da fekk også eg melding frå dei fleste universiteta.

Mange mennesker oppholder seg i en stor spisesal med høyt tretak og lysekroner. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HARRY POTTER-KULISSAR: Slik ser matsalen på Yale-universitetet ut. Foto: Privat

Roarane viser oss bilde frå universiteta. Frå matsalane, undervisningsromma, gymsalane.

– Vi hadde ein lesesal der du kjenner du går 200–300 år tilbake i tid. At LED-lys eller lamper ikkje er oppfunne, og at du skal tenne med stearin og sitte og skrive med sånn fjør i stille. Du kjenner du tar eit steg inn i Harry Potter-verda, seier Syvert Senumstad.

Nå er dei fleste gutane ferdige med utdanninga og er tilbake i Noreg. Nå er dei igjen dei rare roarane som må brette opp erma og gjere jobben sjølv for å lykkast i VM og ikkje minst OL, som går om to år.

Må betale

– Her må vi til sjuande og sist betale for å vere med. Det er ikkje sånn at vi får dekt reisene våre til VM. Vi får dekt ein liten del fordi vi er landslagsutøvarar, men så kjem rekninga, fortel Syvert Senumstad.

Til OL satsar han og Jonathan Wang-Norderud i toar. Norsk roings gullkanta historie blir for det meste knytt til roing med to årer, såkalla sculler. Desse to bryt med tradisjonen frå Hansen-brørne, frå Olaf Tufte, Fredrik Bekken og Kjetil Borch og mange fleire – og ror med berre ei åre kvar.

– Vi er vande til å ro med ei åre frå åttar Derfor ror vi ein klasse som veldig sjeldan har blitt rodd i Noreg, spesielt dei siste åra, seier Jonathan Wang-Norderud.

– Noreg har hatt mykje suksess i sculler-klassane med to årar. Nå har vi tredd i ein heilt anna verd, og møter mange store nasjonar som for det meste satsar på dette.

  • VM i roing går i Amsterdam denne veka. Noregs største medaljehåp er Jonas Juel, som ror singlesculler.