Helikopter
OMFATTANDE: LEITEAKSJON: To helikopter var i lufta i seks timar, då to turistar ikkje fekk avbestille reservering hos turisthytte i Breheimen. Foto: Torje Bjellaas / NRK

På berre fire dagar har det vore tre redningsaksjonar i fjellområda Breheimen og Jotunheimen.

I alle tilfella hadde turistar bestilt overnatting på ei turisthytte, men ikkje møtt fram som venta.

Turistane vart meldt sakna av Den Norske Turistforening. Og store ressursar vart kopla på for å finne dei.

Det viste seg at ingen trengde hjelp.

No hagler kritikken frå Røde Kors.

– DNT sitt bestillingssystem må bli tydelegare og stille strengare krav til gjestene, seier korpsleiar Ove Fortun i Luster Røde Kors hjelpekorps.

Han meiner systemet må gi klarare beskjed til turistar om å varsle dersom dei ikkje kjem fram til hytta som avtalt.

Ove Fortun, områdeleiar i Røde Kors.
Ove Fortun i Luster Røde Kors hjelpekorpssiger seier at dei må vere i dialog med turisthyttene om korleis dei skal løyse bestillingsproblemet. Foto: Arne Veum / NRK

To helikopter i lufta i seks timar

To utanlandske turistar vart meldt sakna måndag kveld, då dei ikkje møtte opp som avtalt til DNT-hytta Nørdstedalsseter.

Det vart det sett i gang eit omfattande søk.

Turistane gjekk tur i eit krevjande område med fleire brepasseringar.

Nødetatane vart uroa for at det hadde skjedd noko med dei.

Rundt 25 personar deltok. Både frivillige, redningshundar, politihelikopter og redningshelikopter vart sette inn.

– Vi hadde to helikopter i lufta i seks timar. Det er enorme kostnader, seier Fortun.

Politihelikopter i fjell.
Røde Kors meiner at DNT må stille strengare krav til gjester som besøker dei i fjellområde utan dekning. Foto: privat / privat

Røde Kors: – Må følgje planen

Det er førebels ikkje opplyst kor mykje aksjonen kosta. Men rekninga er det staten som tar.

Turistane vart funne i god behald ved Sprongdalshytta måndag ettermiddag.

Dei fortalde til Bergens Tidende at dei hadde endra ruta på grunn av kraftig regn og glatte steinar.

Dei prøvde å kontakte Nørdstedalsseter, men fekk ikkje gitt beskjed fordi dei mangla mobildekning og internett.

Dei to andre tilfella der det vart starta redningsaksjon, hadde turistane tilgang til nett då dei endra ruta.

Fortun erkjenner at det ikkje alltid er mogleg å gi beskjed dersom turplanane blir endra.

– Sjølv om ein ikkje får gitt beskjed er det svært viktig at folk følgjer planen dei har lagt opp til. Då får vi betre informasjon om kvar vi skal starte leitinga, og slepp å bruke mykje tid og ressursar på andre ruter enn den som var planlagd, seier han.

Redningsgruppa søker etter savnede turister.
Røde Kors og fleire ekvipasjar frå Norske Redningshundar var med i aksjonen tysdag 28. juni. Foto: Torje Bjellaas / NRK

DNT: Kan ikkje innføre absolutt krav

DNT seier dei forstår kritikken frå Luster Røde Kors og vil bidra til å unngå unødvendige leiteaksjonar.

– Mange bruker fritida si og utset seg for risiko i slike aksjonar. Derfor tek vi dette på stort alvor, seier Anne-Mari Planke, avdelingsleiar for natur og friluftsliv i DNT.

Ho understrekar at det er politiet som avgjer om ein redningsaksjon skal setjast i gang.

Etter sommaren vil DNT gå gjennom informasjonen i bestillingssystemet og vurdere om oppmodinga om å avbestille kan bli tydelegare.

Eit absolutt krav er likevel ikkje aktuelt meiner ho, mellom anna fordi manglande dekning kan gjere det umogleg å varsle.

– Hos DNT skal du kunne kome gåande i fjellet utan å bestille. Det handlar også om tryggleik, seier Planke.

– Må finne ei løysing

Hjelpekorpset kan ikkje vite om ein turist berre har endra planen, eller om vedkomande ligg skadd i fjellet.

Fortun viser til at varsel frå hyttevertar tidlegare har ført til at personar som har gått seg vill eller blitt skadde, har fått hjelp.

– Vi må alltid ta høgd for at noko alvorleg har skjedd, seier han.

Han er uroa for at aksjonar som kunne vore unngått, bind opp helikopter og mannskap som kan vere nødvendige andre stader.

Redningsgruppa søker etter savnede turister.
DNT fortel at vertskapet i ei turisthytte med vertskap kan søke råd hos politiet dersom de er usikre. Biletet er av Sprongdalshytta som ikkje har vertskap. Foto: Torje Bjellaas / NRK

No ønskjer han dialog mellom DNT, politiet og redningsorganisasjonane for å få på plass betre rutinar.

– Vi må finne løysingar som gjer at vi slepp dette. Når så store ressursar blir sette inn utan at nokon faktisk er i naud, er det svært uheldig, seier Fortun.