13. oktober 2024 skaut og drap Rolf Nordmo sin tidlegare kjærast, Janne Puhakka, i deira felles heim i Esbo i Finland.
I tingretten blei Nordmo dømd til «livstid» – Finland si strengaste straff. Det tilsvarar å bli dømd til 12 år forvaring.
Nordmannen innrømte i retten å ha drepe ekskjærasten Janne Puhakka, men nekta for at det var planlagt.
På den første dagen av ankesaka i Helsingfors lagmannsrett kravde statsadvokat Annukka Juntunen fleire svar frå den drapstiltalte nordmannen.
I si forklaring i lagmannsretten starta Rolf Nordmo med å be om unnskylding:
– Beklagar så mykje
Nordmo begynte med å rette seg til foreldra og søstera til Puhakka.
– Eg er utruleg lei meg for det som skjedde. Eg forstår ikkje smerta de går gjennom.
Nordmo braut saman og må ta pausar, før han held fram:
– Eg beklagar så mykje, sa han gråtkvelt.
Krev svar frå Rolf Nordmo i lagmannsretten i Helsingfors
Dei to hadde vore saman i om lag ti år, men gjekk frå kvarandre ikkje så lenge før drapet skjedde. Puhakka hadde fått seg ny kjærast, sommaren 2024.
Ifølge Nordmo var det eit fint forhold i starten, men at det etter kvart blei prega av utruskap.
Etter at han sa opp jobben sin i Noreg og flytta til Finland permanent utan å få seg ein ny jobb, begynte dei økonomiske problema å hope seg opp.
– Økonomien min kollapsa, forholdet gjekk dårleg, eg fekk ikkje sove og mista appetitten, sa 68-åringen.
Også i tingretten beklaga Nordmo:
– Mengda liding og øydelegging er enorm
Også søstera og far til Puhakka har forklart seg for retten onsdag.
– Det eg vil seie til Rolf og alle andre er at mengda liding og øydelegging, er enorm. Eg er ute av stand til å jobbe, sa søstera.
Søstera fortel at forholdet og oppførselen til dei to endra seg i løpet av 2024.
– Utover hausten, då eg høyrde at Janne hadde fått ny kjærast, blei eg veldig bekymra fordi eg trudde noko gale kunne skje.
Bekymringa hennar kom også på grunn av noko Nordmo skal ha sagt til ho, i starten av forholdet:
– Rolf sa at Janne var hans livs kjærleik. Så sa Rolf at dersom forholdet deira tok slutt, kunne det berre ende på ein måte, fortalde ho i retten.
Ifølge faren skal Nordmo ha blitt rasande ein gong, under eit middagsbesøk.
– Ikkje alt er så vakkert som det ser ut på utsida, sa faren i retten.
Både søstera og far til Puhakka fortalde i retten at dei aldri hadde høyrd Nordmo snakke om å jakte i Finland.
– Viss nokon ikkje visste at eg dreiv med jakt er det fordi eg ikkje snakkar om det. Men eg har jakta sidan eg var 16 år gamal, kommenterte Nordmo.
– Han ropte «Rolf» og i det same skaut eg
Nordmo fortel at paret møtte kvarandre fleire gongar etter at forholdet tok slutt, for å ordne opp i praktiske ting.
Dagen drapet skjedde fortalde Nordmo at han heldt på å vaske hagla han hadde tatt med frå Noreg. I tillegg skal han ha trent på jakt med hunden deira.
– På eit tidspunkt stod eg på kjøkkenet då Janne kom for å hente hunden.
Vidare sa Nordmo at det var vanskeleg å forklare kva som skjedde på ein rasjonell måte.
– Eg henta hagla og kom rundt hjørnet. Han ropte «Rolf» og i det same skaut eg. Det neste eg hugsar er at eg slo han i hovudet med metalløpet på hagla.
– Og så hugsar eg at han låg på golvet og då hugsar eg at eg tenkte at han var død og at dette var forferdeleg. Eg tenkte at no er alt øydelagd.
Puhakka døde av to skot i overkroppen og fleire slag mot hovudet frå metalløpet på hagla.
– Eg kan ikkje forklare kvifor eg gjorde det, eg var sikker på at han var død, seier Nordmo om slaga med hagla mot hovudet til Puhakka.
– Korleis kunne dette skje?
Under den første dagen av ankesaka bad både aktor og advokatane som representerer den etterlatne familien om svar om sjølve drapet.
– Vi vil ikkje nøye oss med nokre «eg hugsar ikkje»-svar, sa advokat Tuukka Tieksola i lagmannsretten måndag.
Nordmo sa i retten at det ikkje det ikkje handlar om at han vil skjule ting.
– Eg er ikkje psykolog, men eg har brukt mykje tid på å lese bøker i fengselet, sa han og haldt fram:
– Akutt traumatisk stress kan gjere at hjernen fungerer på ein heilt annan måte, la han til.
Nordmo sa han har brukt dei siste to åra i fengselet på å tenke på kva som utløyste handlingane hans.
– Eg har tenkt mykje på dette fordi dei fleste som kjenner meg har spurd meg «korleis kunne dette skje?», sa han og haldt fram:
– Eg har ingen historikk med vald eller kriminalitet på 66 år.
Første opne homofile spelaren i Finland
Janne Puhakka var ein kjend finsk ishockeyspelar og realitykjendis.
I 2019 blei Puhakka den første mannlege ishockeyspelaren som stod fram som homofil.
Då han blei drepen deltok 29-åringen i den finske utgåva av «Forræder», som er kalla «Petolliset» i Finland.
Puhakka kom til finalen i programmet og episoden skal ha blitt sendt søndag 10. november 2024 etter ønske frå familien hans.
Det er sett av fem dagar for å behandle ankesaka i den finske lagmannsretten: 24. og 26. august, samt 2., 7., og 9. september.