Pål Anders Ullevålseter i sykesengen
RØRT: Pål Anders Ullevålseter skada seg stygt i NM i superenduro. Han hyllar hjelpa han fekk i etterkant. Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Eg har køyrt i over 50 land. Det beste landet å øydelegge seg, det er her i Noreg, seier Pål Anders Ullevålseter (57).

NRK møter Ullevålseter på rommet sitt på kirurgisk avdeling på Ullevål Sjukehus.

Her ligg han i sjukesenga med handa i fatle etter eit kragebeinsbrot og 13 brotne ribbein.

Ansiktet er tydeleg forslått.

Pål
FORSLÅTT: Pål Anders Ullevålseter skada seg under NM i superenduro i helga. Foto: Jørn Lien / NRK

Han er kopla til leidningar som gjev han smertestillande intravenøst.

I løpet av intervjuet blir han tydeleg rørt.

– Uff, kvar gang eg er på TV så byrjar eg å sippe, seier han.

– Kva er det som gjer deg så rørt?

– Eg synest den hjelpa eg har fått er heilt fantastisk. Neste gang eg betalar skatt skal eg ikkje klage. Eg blir ivareteken av alle som jobbar her, og det er dette som er normalen. Eg har skada meg i nokre andre land – og vore på sjukehus som eg aldri ville blitt liggande lenge, seier Ullevålseter.

Rask behandling

Sakde
BROT: Her ser du eit kragebeinsbrot og 13 broten ribbein under huda. Foto: Jørn Lien / NRK

Det var under NM i superenduro på Kjørstadgrøfta Raceway i Kongsberg på laurdag at ulukka skjedde.

– Sjølv hugsar eg ikkje alt. Eg hoppa litt kort på eit hopp og falt framover, så landa eg og knakk ribbeina og kragebeinet. Eg er utruleg takknemleg at det berre er det. Det er jo ting som gror, seier den alltid optimistiske Oslo-karen.

Han rosar tryggleiken under stemnet der ambulansen raskt var på plass.

– Det var legar til stades og eg fekk rask behandling. Eg driv med noko som ikkje er heilt ufarleg, samtidig er det trygt, og vi er godt beskytta, held han fram.

Seinare blei han flydd med ambulansehelikopter til sjukehuset i Oslo.

Pål Anders med kona
FINT BESØK: Pål Anders Ullevålseter fekk besøk av kona Mette Solli Ullevålseter og trenar i motorsportforbundet øystein Kjørstad på Ullevaal universitetssjukehus. Foto: Jørn Lien / NRK

– Var redd for han

Kona Mette Solli Ullevålseter og trenar Øystein Kjørstad i motorsportforbundet er på besøk samtidig som NRK.

– Eg var i Oslo og fekk ein telefon om ulukka. Det er aldri hyggeleg å få ein slik telefon. Men eg visste at han kom til å klare seg, seier kona Mette, som også rosar behandlinga han har fått.

– I tillegg er sjukepleiarane med på spøkane hans og set han litt på plass, og det er fint, smiler ho.

Øystein Kjørstad køyrde også i den same klassen som Ullevålseter.

– Eg opplevde det som dramatisk, og vi var redde for han. Men det var godt å høyre at det «berre» var 13 ribbeinsbrot og eit kragebeinsbrot.

– Men eg kjenner Pål. Og han er ein tøffing, så dette kjem han til å fikse, seier Kjørstad.

KTM's rider Pal Anders Ullevalseter, of Norway, competes in the 5th stage of the Argentina Dakar Rally 2009 between Neuquen and San Rafael in Argentina, Wednesday, Jan. 7, 2009. (AP Photo/Christophe Ena)
LEGENDE: Pål Anders Ullevålseter er spesialist på ørken-rally. Her frå Argentina Dakar Rally i 2009. Foto: AP

Skada for tredje gang

Pål Anders Ullevålseter er ein av Noregs mest suksessfulle motorsportutøvarar gjennom tidene. Han er blant anna europameister i Enduro (2000) og verdsmeister i ørkenrally (2004).

Han har delteke i Rally Dakar ti gongar, der hans beste plassering er andreplass i 2010.

No reknar han å vere på sjukehuset eit par dagar til før han reiser heim. I løpet av 39 år på sykkelen er dette tredje gang han skadar seg alvorleg i karrieren.

Første gang var i 2005 då han brakk kragebeinet under Rally Dakar, og i 2013 då han brakk lårbeinet i ørkenen i Qatar.

Pål Anders
SNART TILBAKE: Pål Anders Ullevålseter håpar å køyre Africa Race i januar 2027. Foto: Jørn Lien / NRK

Topp motivert

Trass den siste skaden er han klar til å komme seg på sykkelen igjen. No er neste mål Africa Race i januar: Eit 600 mil langt løp med målgang i Dakar.

– No er det berre å ta den tida det tek. Eg skal vere tilbake i januar. Då er eg garantert 300 prosent motivert for det, seier Ullevålseter.

Også på heimefronten får han støtte.

– Eg spurte dottera vår i går om ho ville at pappa skulle slutte å køyre motorsykkel. Då ser ho rart på meg og seier: «Nei, han elskar det jo». Så vi støttar han, seier Mette Solli Ullevålseter.