FLAMMAR: Det kom flammar ut av taket på bygninga.
FLAMMAR: Det kom flammar ut av taket på bygninga. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Alle naudetatane rykte ut då det byrja å brenne i ei bygning i Ålesund sentrum torsdag ettermiddag.

På eit tidspunkt var det opne flammar som kom ut av taket. Bygninga ligg midt i Ålesund sentrum og er eigd av Sparebanken Møre.

Keiser Wilhelms gate vil framleis vere stengt i området i forbindelse med at brannvesenet arbeider på staden.

Klokka 18:15 seier Andreas Fjørtoft i 110-sentralen at brannvesenet er ferdig med sløkking og ettersløkking.

– Vi er ferdige med sjølve sløkkearbeidet, og jobbar no med å redde restverdi. Det vil seie at ein prøver å hindre skadar med vatn og røyk i bygget, seier Fjørtoft.

Keiser Wilhelms gate vil vere stengd ei stund i samband med at brannvesenet jobbar på staden.

Det er opne flammar frå bygget i Ålesund sentrumTipser
Det er opne flammar frå bygget i Ålesund sentrumTipser

Jobba for å hindre spreiing

– Brannen har starta i øvre del av bygninga og det har brunne i 4. og 5. etasje og i taket, seier Christian Vegsund, innsatsleiar i politiet.

Brannvesenet jobba for å hindre at brannen skulle spreie seg vidare i bygninga eller til nabobygg.

– Det er røykutvikling og flammar. Flammane var synlege frå utsida, sa Rian Morrison, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal i 15.40-tida.

To til legevakt

Politiet melder at 81 personar har blitt evakuerte som følge av brannen. To personar er sende til legevakt.

– To arbeidarar har fått i seg litt røyk og ein av dei har også skader i ei arm. Dette har dei fått då dei har forsøkt å sløkke brannen, seier Vegsund.

Christian Vegsund
Christian Vegsund, innsatsleiar i politiet. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Elles er det ikkje meldt om at andre personar skal ha fått i seg røyk, ifølge politiet.

Brannvesenet blei tidleg kontakta av personar som var i bygninga.

– Det er ein del folk, det er eit forretningsbygg og det er bustadar i same kvartal, opplyste Morrison i brannvesenet kort tid etter at dei rykte ut.

Rundt klokka 16.00 meldte politiet at alle personane i bygninga er gjort greie for.

Politi og brannvesen har rykt ut til staden.
Politi og brannvesen har rykt ut til staden. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Under oppussing

Bygninga til Sparebanken Møre er under oppussing.

Arbeid på staden kan vere årsaka til brannen, fortel Christian Vegsund i politiet.

– Det er hovudhypotesen vår. Vi har starta ei etterforsking og så får vi sjå kva den viser.

– Vi skal mellom anna gjere avhøyr av dei arbeidarane som har vore inne, legg han til.

Verken brannvesenet eller politiet kan seie noko om kva som er årsaka til brannen, men operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen seier at det ikkje er heilt utenkeleg at den har oppstått i samband med arbeid.

Byggefirmaet som arbeidde på plassen seier til Sunnmørsposten at brannen kan ha oppstått i samband med arbeid der.

Skal ta vare på dei som er råka

På grunn av oppussinga er det for tida ikkje bankverksemd i bygget.

Totalt sju personar har fått helsehjelp, fortel kommunikasjonssjef i Sparebanken Møre, Trine Kvalheim.

– Vår viktigaste oppgåve no er å ta vare på dei som er råka, og hjelpe naudetatane i arbeidet. Vi kjenner ikkje til årsaka til brannen, seier ho.

Eigedomssjef i Sparebanken Møre, John Egil Giørtz Jacobsen, var på arbeid i nabobygget då han oppdaga brannen.

Han stod ute og såg på sløkkingsarbeidet.

– Vi har kome oss ut og ser på at brannvesenet er oppe og sløkker, sa han til NRK i 16.00-tida.

Brann Ålesund sentrum
Brannvesenet har rykt ut mannsterke på brannen. Foto: Kaspar Fredrik Selvik / NRK

Har stengt av gater

På eit tidspunkt var det uklart om brannen kunne spreie seg til andre bygningar i område.

– Det er eit nabobygg som er tett inn til det som brenn. Vi kjem til å evakuere det, men det er uvisst om det er folk der, sa Vegsund i politiet i 16.30-tida.

Politiet har stengt ulike vegar i sentrum av Ålesund som følge av brannen.

Gatestoppet til busselskapet Fram i Keiser Wilhelms gate, som ligg like ved, er stengt som følge av brannen.

I mellomtida blir stoppet ved den gamle rutebilstasjonen og ved Rådhuset brukt.

Brann midt i Ålesund sentrum
Enkelte gater i Ålesund sentrum er stengde på grunn av brannen. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK