Han har krigsmåling i fjeset. Kamuflert i uniform går han i eitt med naturen. Her på taigaen finst berre myr og barskog så langt auget rekk.
Korleis hamna han her?
Får testa om sisuen held
Rudolf Sarromaa (20) er vaksen opp på Lillehammer, men den finske sisuen er prenta inn i han. Det har mor Sanna sørga for.
Kva er finsk sisu? Jo, det er uthald, pågangsmot, indre styrke og fysisk styrke. Og du skal klare deg sjølv.
Med dobbelt statsborgarskap, finsk mor og norsk far, kunne Rudolf velje sjølv om at skulle ta militæret i Noreg eller Finland.
Valet var ikkje lett. Sjølv omtaler han seg som ein ekte gudbrandsdøl. Kanskje det som viser seg når hovudinteressa er tradisjonshandverk og folkemusikk?
Arbeidskameraten Aron Ankjær Eggen seier det var mykje grubling for og i mot.
– Eg råda han til å velje Finland. Det var jo nå han hadde sjansen!
Etter kvart vart Rudolf overtydd sjølv. Han tok sjansen på Finland. Eit land som framleis har allmenn verneplikt for menn.
Han ville teste seg, gå gjennom det same som andre menn i si finske slekt.
Men hadde han sisuen som trengtes?
Hard vinter i Karelen
På kaldaste vinteren, 5. januar, møtte Rudolf opp på rekruttskolen i den karelske brigade, i leiren Vekaranjärvi. Her er det plass til 3500 soldatar. Det er mykje folk, men det er også mange som skal gjennom militæret. Med allmenn verneplikt for menn skal mellom 70 og 80 prosent av årskulla inn. I tillegg kjem dei om lag 1300 kvinnene som vervar seg frivillig.
I Vekaranjärvi streva Rudolf seg gjennom «helvetesveka», ikkje ulik den kameratane heime i Noreg må gjennom i si førstegongsteneste.
Med tung sekk, gjekk og krabba troppen seg gjennom laussnøen i seks døgn. Det var lite mat og til saman berre seks timars søvn.
Men det verste var støvlane. Dei var godt brukte, og litt for tronge. Og i botn: avispapir i staden for soler.
Det gjekk månader før Rudolf fekk att kjensla i dei stakkars tærne.
Men nå hadde han i alle fall vist at han kunne bere tungt, gå langt og tole lite søvn.
Den finske vinterkrigen
Rudolf var den einaste norske soldaten i Vekaranjärvi.
Men han er ikkje den første nordmannen som har vore soldat i Karelen.
Under den finske vinterkrigen verva heile 700 nordmenn og kvinner seg til teneste for Finland.
Ofra Finland gjorde i den iskalde Vinterkrigen, og deretter i 2. verdskrigen, har forma finnane og deira nasjonalkjensle.
Sambandsjeger ved den russiske grensa
Men sisuen skulle testast på fleire områder.
Etter rekruttskolen, vart Rudolf med i Sambandsjegerkompaniet. Ein sambandsjeger (finsk:sissiradisti) skal sette opp, drifte og verne militær kommunikasjon i strid. Og han har ein viktig jobb langs grensa mot Russland. Medan Noreg si grense er på 190 km er Finland si på 1340 km. Saman har dei to Nato-landa ansvar for å sikre grensa mot Russland. Sambandsjegeren må ha eit bra teknisk hovud og kunne halde ut på lange feltøvingar.
Rudolf og kameratane frå troppen flytta sørover til Offisersskolen i Hamina, eller Fredrikshamn, som byen heiter på svensk.
Her, ved Finskebukta, er klimaet mildare enn lengre nord. Og nå er det vår!
Til felts på sykkel
Solstrålane sildrar ned mellom treleggane. Myggen har vakna til liv. Troppen trenar i eit felt sju km frå kasernen, midt i eit populært friluftsområde.
Soldatane har sykla hit. Dei bruker ofte syklar for å komme seg ut i felt.
Syklane er utan gir. Og med delvis dårleg smurt kjede, lite luft i ringane, og eit hardt sete som er umogleg å stille høgda på. Rudolf fortel at det gjeld å sikre seg ein som oppfører seg bra. For det er akkurat som om syklane har ulik personlegdom. Nokre er greiare enn andre!
Sjølv om det er flatt i Finland, er det tungt å sykle i motvind her, som andre stader. Og turen er ikkje alltid så kort og lett som i dag.
– Vi blir sterke i låra da, smiler Rudolf.
Men er han sterk nok til å halde ut heile tenesta?
Godt brukt utstyr
Den dagen NRK er på besøk, øver soldatane på å henge opp antenner i tretoppane.
Sambandsutstyret er frakta ut i tunge, militærgrøne kasser. Vi får ikkje ta bilde av kassene eller det som er inne dei.
Troppsførar Henry seier dei bruker både tradisjonelt og digitalt, moderne utstyr. Og her på bakken, gjeld framleis tradisjonell teknologi. Den slår aldri feil.
Rudolf og troppen har blant anna lært seg morse, og å sende meldingar med gamle HF-radioar. Og nå er det også trening i å ta ut kurs med kart og kompass.
Skremd av dronar
Tidlegare NRK-journalist og forfattar Morten Jentoft synest det er smart å ha trådantenner og bruke morse og papirkart.
Han forstår kvifor det finske forsvaret satsar på utstyr som ikkje kan forstyrrast av fienden.
– Alt anna kan jo bli jamma og stoppa i løpet av fem sekund
Jentoft veit kva han snakkar om. I Ukraina er det krig på bakken som gjeld – kombinert med droneangrep.
Jentoft og den finske kona hans har eit småbruk sør i landet. Ikkje så langt unna Helsingfors og Fredrikshamn, der Rudolf held til.
Derfor kjenner Jentoft landet og mentaliteten godt. Det er på mange måter gjenommilitarisert. Reservestyrken er da også på heile 900.000 mann. – Folk her er vane med å bu tett på Russland, men at dronar frå krigen landa her, var i overkant, sjølv for finnane. Spesielt uhyggeleg var det den dagen vi fekk melding på radio om at vi burde halde oss inne.
Jentoft fortel at det har vore lite fellesskap mellom finnar og nordmenn etter Vinterkrigen.
– Heller tvert i mot.
I Nord-Noreg var den finske busettinga nærast sett på som ein trugsel mot det norske. Dei finske innvandrarane vart også offer for fornorskingspolitikken. Dei fekk ikkje lov til å snakke finsk.
Bekymring for forma til finsk ungdom
Det finske verneplikta er i stor grad basert på øvingar ute i felt. Det gjeld å komme seg ut og få sekken på ryggen. Og vere innstilt på mange døgn ute, ifølge Rudolf.
I Noreg blir det problematisert at soldatane ikkje er sterke nok i det lange løp. Det er bekymring i Finland også.
Faktisk dimitterer mellom 15 og 16 prosent av finske vernepliktige i Finland før dei er ferdige med førstegongstenesta.
Det er ikkje akkurat styrka det skortar på, den får dei med å pumpe vekter på treningssenter.
Men mange får det hardt med å halde ut store påkjenningar mange dagar i strekk.
Det har gått så langt at den finske forsvarsministeren kalla det ein trugsmål mot den nasjonale sikkerheita. Så nå har Finland sat av 2 milliardar Euro til å få ungdom i betre form.
Å ta i mot kommandoar
Rudolf har klart det fysiske slitet bra så langt. Livet som handverkar har vist seg å gje eit godt grunnlag.
Det verste for Rudolf har vore å bli sett til oppgåver som gjev lite meining.
I det finske militæret rår framleis strikte kommandoliner, hard disiplin og korte beskjedar. Deira system liknar på det tyske. Ingen skal mokke eller argumentere.
Så når laget etter ein lang og hard dag ute, blir kommandert til å bruke tre timar på å rydde og vaske på kasernen, da røyner det på.
Ingen får ta kvelden før befalet er nøgd.
Godt å ha onkel Vesa
Da er det godt å ha onkel Vesa Sarromaa å fortru seg til. Han bur i Lahti. Annakvar helg, når Rudolf har fri, besøker han Vesa.
Ved innsjøen Puula har onkelen ei tradisjonell finsk, raudmåla hytte, med badstue – så klart. Der er ikkje få timane dei to har sitte der og delt erfaringar.
Og kva elles har Rudolf brukt helgene på hytta til? Hogge, barke, tømre. Han bygger båtnaust for onkelen sin.
Ifølge Vesa blir grindbygget det finaste naustet langs breidda av Puula.
Ein kveld i Fredrikshamn
Vesa Sarromaa har sjølv erfaring frå å vere i militæret i Fredikshamn. Her gjekk han på Reserveoffisersskolen RUK i 1992. Kasernen ligg framleis midt i den historiske og vakre byen. Vesa synest det er veldig stas at Rudolf nå tenestegjer i den same byen som han. Så han nytter også gjerne høvet til å ta seg ein tur til gamle trakter.
Bortsett frå nokre rånarar i låge, gamle Volvoar og soldatar på kveldsperm, er det stille i sentrum.
Før krydde det av russiske turistar i området. Og næringslivet nytte godt av det. Ved grensa låg fleire store kjøpesenter. Samtidig reiste finnane over til Russland og fylte billeg diesel og bensin.
Medan Noreg framleis har open grensa mot Russland ved Storskog, stengde Finland alle grensene etter invasjonen i Ukraina.
Vesa Sarromaa fortel at spesielt områda her sør i Finland opplever dramatisk økonomisk tilbakegang nå, og mange ungdommar flytter ut.
Sisu heilt til jul!
Rudolf er halvvegs i si finske verneplikt.
Nå går han på underoffisersskole og er nettopp oppnemnd til korporal. Mange, lange feltmanøvrar står att. Til fots og på sykkel. I dei evige finske barskogane.
Teoretisk sett skal ein sambandsjeger vere den første over grensa om det blir krig. Derfrå skal han rapportere tilbake om det han ser.
– Vi har trena ei mils veg frå russergrensa. Det gjer ingen ting. Furuskogen er den same der som elles i Finland!
Til hausten blir han sersjant, og skal leie sin eigen tropp. Det ser ut som om den finske sisuen skal halde heilt fram. Den 17. desember dimitterer Rudolf Sarromaa. Da er det heim til mors bollar, i alle fall for ein dag eller to.
Kjelder: «Finland, vår utsette nabo» av Morten Jentoft Det finske og norske forsvarsbudsjettet Forsvarets informasjonssider til soldatar i Finland og Noreg