Det siste døgnet har Russland gjennomført omfattande luftangrep mot fleire ukrainske mål i hovudstaden Kyiv og i andre regionar.
– Totalt sidan midnatt onsdag har Russland brukt meir enn 1560 dronar mot byane og lokalsamfunna våre, skriv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på Telegram.
Angrepa kjem etter at ei tre dagar lang våpenkvile mellom Russland og Ukraina gjekk ut tysdag.
– Dette er definitivt ikkje handlingane til nokon som trur at krigen nærmar seg slutten, skriv den ukrainske presidenten.
Minst ein drepen i Kyiv
Natt til torsdag blei det gjennomført nye omfattande russiske angrep mot ukrainske mål.
Mange av dei over 670 dronane og 56 missila som blei fyrte av mot Ukraina, var retta mot mål i og rundt Kyiv.
Ifølge Zelenskyj er hovudstaden treft minst 20 ulike stader.
– Dette er vanlege bustadhus, ein skule, ein dyreklinikk og anna reint sivil infrastruktur, skriv han.
Minst ein person er drepen i angrepa. I tillegg er minst 31 menneske skadde i angrepa mot Kyiv-regionen, ifølge den ukrainske redningstenesta.
Kraftig angrep
Programsjef for Danmarks Kirkens Nødhjelp, Naomi Gumaer, er i Kyiv. Ho seier til NRK at natt til torsdag var ei uroleg natt.
– Det har vore ei natt med lite søvn. Eksplosjonar og missil begynte å treffe byen klokka tre i natt. Himmelen lyste opp av eksplosjonar.
Ho seier nattas angrep er noko av det kraftigaste ho har opplevd i den tida ho har vore i Ukraina.
– Ifølge tal var angrepet i natt blant dei verste sidan fullskalainvasjonen. Eg har sett ulike tal som sirkulerer, men vi hadde nettopp eit tryggingsmøte om dette. Det var eit uvanleg stort angrep. Men det var venta at Russland skulle gjere eit stort angrep etter våpenkvila, seier Gumaer.
Angrep mot Odesa
Dei russiske angrepa har også ramma fleire andre delar av Ukraina.
I industribyen Krementsjuk er energiinfrastrukturen ramma, medan hamne- og bustadområde i Tjornomorsk har fått store øydeleggingar i angrepa, ifølge Zelenskyj.
I Zaporizjzja-regionen i søraust er ein person drepen i eit angrep, melder guvernør Ivan Federov på Telegram.
Medan sivil infrastruktur som hamner og jernbanen er treft i russiske angrep i Odesa-regionen, ifølge visestatsminister Oleksij Kuleba.
Interessert i utanriksstoff? Hald deg oppdatert med NRKs utanrikspodkast.