avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 3 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.17962599 ↩
story

Russland med største åtak sidan krigen starta

Russland har sendt det største talet ballistiske missil mot Ukraina sidan krigen starta. Ukrainsk luftvern melder søndag at dei har skote ned 18 av 41 russiske missil. Dei seier også at dei har skote ned 108 av 125 russiske dronar. President i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj, skriv på X at ein person er død og 16 skadde etter nattas luftåtak. – Vi ber innstendig om riktige og sterke reaksjonar. Vi treng eit øydeleggjande press på Moskva for å få ein slutt på denne terroren, skriv utanriksminister i Ukraina, Andrii Sybiha, på X. Åtaka var primært retta mot hovudstaden, Kyiv. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

19. July 2026 kl. 06:15 (oppdatert 08:46)
Nyheter Krigen i Ukraina

v1 · scraped 22.07 13:30 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect