Naudetatane rykte fredag morgon ut til ei bedrift på Åndalsnes etter melding om ei arbeidsulykke.
– Ulykka framstår som alvorleg, opplyste operasjonsleiar Jan Arild Austnes i politiet klokka 09.45.
Mannen som var meldt skada, vart etter kort tid bekrefta død.
– Mannen var alt død da ambulansepersonell kom til staden, fortel Austnes.
Dei pårørande er varsla.
Held fram med undersøkingar
Politiet har nå gjennomført innleiande undersøkingar, med avhøyr av vitne og undersøkingar på utstyret som var i bruk då ulykka skjedde.
– Vi har ei oppfatning om kva som har skjedd, og vil halde fram med krimtekniske undersøkingar på staden, seier Austnes.
Politiet meiner at ein mogleg hendingsgang er at avdøde skal ha fått eit transportband som blir brukt i samband med steinknusing over seg.
Eit kommunalt kriseteam er kopla på for å ivareta dei som er råka av ulykka.
Arbeidstilsynet er varsla om ulykka.
– Vi hentar inn meir informasjon og vil vurdere å følge den opp med tilsyn, skriv seksjonsleiar Kjersti Marie Gjerd i Arbeidstilsynet til NRK.
Politiet fekk melding om ulykka klokka 09.19.